logo

Alf H. Helland - Børsemaker

 Mi oppgåve er å rekonstruere ein ingeniørmessig genistrek- den einaste luftdrivne armérifla i historia som vi kjenner til – Girardoni M 1780.

Dette spesielle våpenet vart produsert av den italienske klokkemakaren Bartholomeus Girardoni etter oppdrag frå keisar Josef II. og var i teneste hjå det austerrikske forsvaret frå 1780 til 1806. Kolben er ein klinka og hardlodda trykktank av stål som inneheld komprimert luft. Ein fjørspent mekanisme syter for at lufta vert porsjonert ut gjennom låskassen gjennom ein ventil og driv prosjektilet framover. Eg skal lage heile våpenet med unntak av å bore og rifle løpet, som vert gjort av spesialistar i England. I Europa har ikkje denne typen våpen vore laga på over 200 år, så det er ikkje fagfolk att som kan dette. Einaste bakgrunnsmaterialet eg har er ei original rifle på våpenmuseet i Suhl og nokre spreidde skriftfragment, ettersom konstruksjons Prosjektet er formidabelt.

 

Fyrste året av stipendiatperioden har gått med til å lage verkstad for varme arbeid, mure herdeomn og setje seg inn i prosessen med støyping av låskassar og underbeslag ved hjelp av sandformer. Dette året tek eg til med å maskinere delane eg har støypt og prøver å rekonstruere trykktankar til våpenet av  2 mm tjukke stålplater. Det er lov å ynskje stipendiaten lukke til – han treng det….

Historisk gjennombrudd

Det er ikke hver dag man gir seg i kast med umulige oppgaver. Men noen ganger er det verdt det å kaste seg ut i det, det er børsemakerstipendiat Alf Helland et levende bevis på. 

Avsluttande rapport 2020 Girardoni M1780

Årsrapport 2020

Mekanikk og funksjon i Girardoni M1780

Årsrapport 2019

Tilverking av trykklufttank for luftrifle...

Årsrapport 2018

Støyping av låskasse til Girardoni M1780

KONTAKT

Mail: Alf H. Helland 

Telefon: +47 920 20 148

 

 

BØRSEMAKERENS BLOGG