logo
Norsk håndverksinstitutt / Om oss / Aktuelt / Utstillingsopning "Korgtradisjonar i Noreg"

Utstillingsopning "Korgtradisjonar i Noreg"

Den 15. desember 2023 opnar utstillinga "Korgtradisjonar i Noreg" på Maihaugen, Lillehammer. Hege Iren Aasdal ynskjer med denne utstillinga å heidre våre korgtradisjonar og vise fram mangfaldet av korger og materialrikdommen som finst i landet. I utstillinga vil du sjå eit utval av korger og materialar.

Hege Iren Aasdal er korgmakar med svennebrev og har hatt eit treårig stipendiat for Norsk håndverksinstitutt. Ho har dei siste 5 åra arbeida spesielt med tradisjonelle korger laga i splitta materiale. 
Som stipendiat har ho jobba med å skaffe oversikt over kva korger som vart laga rundt i landet, kva materiale dei vart laga i, og å lære seg teknikkane for å kunne vidareføre dei. 
Frå gamalt var dei fleste korger som vart laga rundt om i landet fletta med splitta materiale. Ein hausta materialer lokalt, og for å gjere pinnane føyelege nok til å sette saman til korger må ein oftast dele dei. Det er eit stort mangfald av materialer som er brukt, og i denne utstillinga viser ho eit utval av korgtyper som var tradisjonelt fletta forskjellige stader i landet i forskjellige materialer. 

Utstillingsperiode: 15. desember 2023 - 3. mars 2024.
 

Tægerbinding 70 x 100.jpg

Hege Iren Aasdal - kurvmaker

For å forstå ei korg er det ikkje nok å sjå på den, den må bærast på ryggen, haldast i handtaket, dras med i skog og fyllast med sopp eller fyllast med ved og plasserast med omnen.