Hege Iren Aasdal - kurvmaker
For å forstå ei korg er det ikkje nok å sjå på den, den må bærast på ryggen, haldast i handtaket, dras med i skog og fyllast med sopp eller fyllast med ved og plasserast med omnen.
Eg ynskjer å skaffe meg oversikt over norske tradisjonelle korger – med hovedfokus på korger i splitta materiale. Kunnskap om gjenstandar laga i norsk tradisjon av splitta materiale som er hausta lokalt er i ferd med å forsvinne. Prosjektet skal dokumentere og vidareføre handlingsbåren kunnskap om splitting og bruk av slikt materiale. Samt undersøke kva korgene vart nytta til. Bruken heng nøye saman med krava til form, kvalitet og eigenskaper i korgene.
Den profesjonelle korgmakaren slik vi kjenner den i dag, spring utifrå ein ny tilgang på material rundt 1900. Den industrielle revolusjonen og maskindreven foredling gjorde det enklare å få tak i store kvanta med jamne material. Import frå Asia gjorde at material som peddik, manilla og bambus ble meir vanleg. Industrielle høvlar gjorde sponproduksjon enklare. Store åkrar og maskiner til avbarking gjorde pil billigare å importere frå Europa og enklare å flette med.
Dette står i kontrast til den tradisjonelle korgmakaren som var aktiv i bygde-Noreg. Bøndene laga det dei trengte – ting som gjorde kvardagen enklare; kiper, meiser og andre ting å bære i, fangstreiskapar m.m. og ting for sal som attåtnæring til garden. Desse korgene er resultat av prøving og feiling og materialutnytting gjennom mange hundreår og er kunnskap som har reist ilag med folk og vorten tilpassa spesifikke stader og gjeremål.
Årsrapport 2020 - 2021
Samle og skaffe oversiktÅrsrapport 2021-2022
Utstilling "Korgtradisjonar i Noreg"
Hege Iren Aasdal ynskjer med denne utstillinga å heidre våre korgtradisjonar og vise fram mangfaldet av korger og materialrikdommen som finst i landet. I utstillinga vil du sjå eit utval av korger og materialar.
Utstillingsperiode 15. des. 2023 - 3. mars 2024, Maihaugen, Lillehammer.