Underbøre.
No har eg jobba med tredje omfar og båten byrjar å ta form.
Botn er ferdig og eg har satt opp eit hektabord. Det er eit tynt bord som er greit å spenne på båten for å sikte linjene og vinklene til bordgongen og bestemme/sikte kva bordbredder og som krevst for å oppnå den fasongen eg vil ha på dette omfaret. Eg har med utgongspunkt i fleire store seksæringar og eit par ladrombåtar laga meg eit midtmål (utlegg på omfaret midt i båten) eg vil sette opp bordet på. Men bortsett frå dette eine målet må eg sikte linjene og vinklane for borda.
Det vert mykje fram og tilbake og sikting frå ymse vinklar :)
På ein 14 1/4 alen lang båt eg har målt opp er underbøra tredelt. Det ser ut til at fremre og akterste del er hugget i fasong. Heilt eller delvis formhugga er vanskeleg å bedømme. Eg vel å hugge desse delane delvis i form på denne modellen. Så får vi sjå korleis det vert.
Nakken må lagast til på halsane før underbøra kan fellast til.
Her prøver eg heile omfaret før det skal settast limast. Eg limar delane fast på modellen slik at den ikkje vert så skjør å jobbe med.
Etter liming må omfaret skytast (sikte og forme overkanten). Det gjer eg med å klemme fast ei fleksibel list og sikte linja med utgongpunkt i midtsnora. Eg vurderar no mellom anna kor fyldig eller slank båten skal bli.
Ferdig skutt omfar. No vert det spanande å få på dei to siste omfara å sjå om eg er i nærleiken av der eg ville være med forma på båten.
På med hektaborda igjen for vidare arbeid.
Fortsetting følger.
Se også
Innved, festemidlar og arbeidsprosess.
Eg har fundert på om moderne festemidlar som saum, spiker, skruar, og lim i staden for trenaglar, har ført til endringar på innveden i båtane.
Tanker kring den mystiske alnastaven.
Båtbyggarar har i århundrar støtta seg til alnastaven. Den har vært, og er, både hemmeleg og mystisk, og familiane har halde måla for seg sjølve. Båtbyggarar her i distriktet (Bjørnafjorden) likte ikkje å få augnatjuvar inn i naustet eller verkstaden. Om besøkande vart for lang i blikket, og såg ut til å leite etter alnastavane vart dei gjerne hivne på dør.
klinkeverktøy og klinking
Eg tenkte å skrive litt om klinkeverktøy, men det er håpløst å skrive om verktøyet uten å sette det inn i arbeidsprosessen. Verktøyet i seg sjølv er kanskje ikkje særs spennande eller finurlig, og det kjem i fleire variantar, men arbeidet er likevel ikkje "rett fram" og tankelaust.
Overbøre.
Eg ligg etter med å fortelje korleis det går med åttringen. I november og desember 2020 gjekk eg meg vill i trenaglar, åretta, naglasnitt og emneved. Eg grov meg heldigvis ned i tide, snakka med erfarne trenaglefolk, tok hensyn til emneved og lokale tilhøve, samt tilpassa arbeidet etter evne og forhold. Eg jobba for å skaffe meg nødvendig utstyr for å hjelpe meg sjølv og andre, samt å finne trygge vegval. Omsider kome eg ut i ope terreng, og trur no eg har ei viss forståing for trenaglane til båten slik at eg er klar til å jobbe vidare.