logo

Tanker kring den mystiske alnastaven.

Publisert:
15.03.2021

Båtbyggarar har i århundrar støtta seg til alnastaven. Den har vært, og er, både hemmeleg og mystisk, og familiane har halde måla for seg sjølve. Båtbyggarar her i distriktet (Bjørnafjorden) likte ikkje å få augnatjuvar inn i naustet eller verkstaden. Om besøkande vart for lang i blikket, og såg ut til å leite etter alnastavane vart dei gjerne hivne på dør.

Eg var til dømes så heldig at eg fekk leite etter informasjon i verkstaden etter min læremeistar maskinisten og båtbyggaren Harald Dalland. Eg leita etter alnastavane hans i fleire timar. Då eg var nær ved å gje opp fann eg endeleg nokre «pinnar» som sto gøymt bakom alle skordane hans i ei krå. Skordar er pinnar som heldt båtborda på plass under bygginga, og slike er det flust av i eit båtbyggeri. Han hadde rett og slett gøymt alnastavane bakom ein røys med andre stavar.

Men kva er det då som er så fantastisk, mystisk og spesielt med alnastaven?

Det er berre ein stav med nokre få merker på, og dei gir båtbyggaren svært lite informasjon. Dei enklaste stavane gir berre tre mål, båtlengde og djupna i båten framme og bak, nokre gonger berre djupna framme.

Andre stavar gir i tillegg mål på kvar omfara (bordgongen) endar i lot og stamn, samt bordbredde på første og andre bordgong på midten i båten, og med litt flaks også plassering av midtbandet. Nokre stavar har merke for kvarte, halve og heile alen opp til 1 ¾ al, Men det mest vanlege er at dei berre har merke for ein heil gamal alen, og somme har merke for ein heil ny alen i tillegg.

bilde under visar merke for heil alen, neste bilde viser merke for halv alen.

Alt anna, slik som dimensjonar, bordløp, bordbredder, vinklar og legg på borda, form og utlegg på halsar, korleis lot og stamn skal reise seg, djupna og form på kjøl, materialkvalitetar, bordtynning, saumplassering, og bordbredder, utanom midtbredde, samt mykje meir, må båtbyggaren kunne. Alnastaven er meir som ei «minnepinne» slik at båtbyggaren har eit startpunkt for variasjonar og skaping av båtar til ulik bruk. Same staven kan nyttast til ulike båtar utifrå korleis båtbyggaren vel å tilpasse måla og skapet, ein kan bygge både god og dårleg båt utifrå same alnastav. Den viktige kunnskapen ligg i korleis båtbyggaren skapar og tenker form ut frå lokal tradisjon, opplæring, kunnskap og erfaring. Kunnskap om korleis strekket i botten vert sikta til, sikting og balansering av fram og bakskut, vurdering av innløp framme og slepp eller heng bak.

Vil båten ligge godt under andøving, eller vil han drive av? Sikting og vurdering av bæring i botn og børeomfaret, og vurdering av ripelega. Vil båten ligge godt på ripa under fiske eller segling? Vil ho kaste frå seg sjøane? Desse, og mange fleir vurderingar må båtbyggaren jobbe med under bygging, alnastaven har ikkje svar på noko av dette. Dei innøvde siktelinene, formspråket og formforståing, forståing av båttypen, kunnskap og erfaring med materialane og gode tekniske handverksferdigheiter, samt mykje meir, er det som skapar ein god eller dårleg båt.

Alnastaven vert litt som ei strikkeoppskrift som berre opplyser om pinnestorleik og strikkefastheit. Materiale, bruksområde, storleik på produktet, og mange fleir ting, må strikkaren sjølv bestemme og vurdere. Eller byggbeskriving på eit hus der det berre vert opplyst om lengde og bredde på bygget, resten er opp til husbyggaren å vurdere utifrå lokale råvarar, tradisjon, byggeskikk og kva bygget skal nyttast til.

Eg spør meg sjølv, kvifor var då alnastavane så hemmelege og godt passa på? Det er i grunnen det som foregår inne i hovudet og kroppen til båtbyggaren som er den viktige  kunnskapen, og den ligg allereie godt skjult. Kan hende var kompetansen i si tid så høg, hjå så mange, at berre eit blikk på dei ulike strekane og symbola på alnastavane var nok til at ein konkurrerande båtbyggar fekk hint om korleis andre tenkte i faget. Eller kan denne løyndomen og mystikken ha vore eit tidleg marknadsføringsknep, ein slags «hemmeleg komponent» som ikkje dei andre hadde? Alnastaven er uansett framleis litt fasinerande.

Undervegs i arbeidet mitt med å finne ut av dei større båtane i oselvartradisjonen har eg tidvis vore svært usikker på kva eg driv med. Dette fordi eg ikkje har erfaring med desse båtane, og fordi vi har få objekt å sjå etter i dag. Prosjektet er også litt vagt i kantane, då det ikkje er noko mål for meg å kopiere ein båt, men heller å forstå grunnmåla og skapingsprosessen.

Eg har ikkje ein «referanseåttring» i hovudet endå, og har derfor støtta meg svært mykje til dei innøvde siktesystema og reglane vi nyttar på mindre båtar. Døme på slike er mellom anna at når hakhalsane er sikta inn og bestemt, vert framhalsane sikta inn til å være litt flatare, utan å miste eit godt innløp.

Når både bak- og framhalsar er fast vert botnabordet lagt i og sikta til, det skal då gi botn eit fint strekk utan å verte hult langskips. Somme tider er noko langskips huling eller runding ønskeleg (oppspent eller vomba båt), men den prosessen startar ein då allereie i kjølen, eller kjølrenna der det vert laga. Hugseregelen lyder: framskuten skal stå til bakskuten. Ein svært romsleg regel, men med den innlærte siktinga av botn gir orda likevel god meining. Ein annan regel som har vært til god hjelp under arbeidet er: Børa bere båten. Det er midtomfaret/børeomfaret som har hovudansvaret for kva båten kan laste. Denne delen av båten kan verte både lengre utstrekt i skutane, breiare og flatare om ein vil auke lasteevna. Det er altså ikkje slik at ein lastebåt automatisk har breiare og flatare botnomfar enn andre båtar. Dei kan ha det til ei viss grad, men det er først på børa at den store forskjellen er merkbar. Slike lærereglar er nyttige for å forstå båten, vurdere kva oppmålte båtar er tenkt til og kva det er lurt å sjå etter.

Bilde under viser døme på alnastavar med litt nyttig informasjon skrive på sida av staven, dette er ikkje uvanleg. 

Børa siktast etter snora med utgongspunkt i eit breddemerke på midten. Dette eine breddemerket er ofte å finne på alnastaven. Det er eit merke for både børe og ripe, dei er like breie på alnastavane, men dei er nestan aldri like breie på verkelege båtar. Her er det rom for justering i høve materialar og eigenskapar i båten.

Bilde under visar merke for bredde på botnbord midt i båten (B), og bredde for børebord og ripebord midt i båten (B,R)

I nærleiken av frambandet skal børa så gå litt over snora og ved hodleronga skal børe gå jamt med snora eller litt under. Dette må justerast etter båtstorleik og kva eigenskapar ein vil ha mest av i skroget. Skytinga må også passe til børelega (vinklane, lite nytta omgrep i oselvarbygging). Er børa flat langt fram må ein til dømes være varsam med å gå for høgt over snora på frambandet om ein vil unngå at båten vert svært rund og dryg framme. Etter at børa er sikta etter midtsnora kan ein finsikte linja for å sikre at ripeborda vert strakast mogleg, og eventuelt rette ut ujamne linjer. Sitat Harald Dalland: «Så legg du auga ned på bordet og siktar».  Vert det for stor sving i dei lange ripebora er det vanskeleg å finne breie nok emne.

Eit uventa resultat av famlinga mi i arbeidet med åttringen er at eg har fått mykje betre forståing for «siktesystema» våre og balanseringa av linjene i skroget under byggeprosessen. Eg hadde ikkje tenkt over at dette kom til å være svært viktig kunnskap under arbeidet, men det har vist seg å være det beste og nyttigaste verktøyet eg har hatt under bygginga så langt. Dette er ein del av byggeprosessen eg ikkje har tenkt så hardt over at er så til dei grader avgjerande. Grunnen til at eg ikkje har sett dette klart før no, er fordi «det er berre slik vi gjer det». « Når bakhalsane står fint, legg du deg på kne og siktar under båten for å sikte inn framhalsane». Når slikt er godt innarbeidd gjer det også at eit strekk, eller ei linje, fort vil sjå «feil» ut om ein kjem for langt vekk frå tradisjonen ein er opplært i, litt uavhengig av båtstorleik eller bruksområde. Tradisjonell sikting av linjer og strekk er svært nøyaktige måtar å sikte inn skroget på, men det er langt vekke frå bestemte millimetermål eller tabellsystem som gir informasjon til linjeteikning, spanteriss og deretter fullskala oppslag/teikning der båtbyggaren kan hente alle måla i skroget. På sett og vis er siktinga mykje meir nøyaktig å bygge båt etter. 

Alnastavane som er fotografert her er kopiar av gamle alnastavar. 

Se også

Innved, festemidlar og arbeidsprosess.

26.03.2021

Eg har fundert på om moderne festemidlar som saum, spiker, skruar, og lim i staden for trenaglar, har ført til endringar på innveden i båtane.

klinkeverktøy og klinking

01.03.2021

Eg tenkte å skrive litt om klinkeverktøy, men det er håpløst å skrive om verktøyet uten å sette det inn i arbeidsprosessen.  Verktøyet i seg sjølv er kanskje ikkje særs spennande eller finurlig, og det kjem i fleire variantar, men arbeidet er likevel ikkje "rett fram" og tankelaust.

Overbøre.

17.01.2021

Eg ligg etter med å fortelje korleis det går med åttringen. I november og desember 2020 gjekk eg meg vill i trenaglar, åretta, naglasnitt og emneved. Eg grov meg heldigvis ned i tide, snakka med erfarne trenaglefolk, tok hensyn til emneved og lokale tilhøve, samt tilpassa arbeidet etter evne og forhold. Eg jobba for å skaffe meg nødvendig utstyr for å hjelpe meg sjølv og andre, samt å finne trygge vegval. Omsider kome eg ut i ope terreng, og trur no eg har ei viss forståing for trenaglane til båten slik at eg er klar til å jobbe vidare.

Trenaglar

14.01.2021

Teknikk ved nagling, produksjon av naglane, materiale, dimensjonar, bruksområd

fakta, historie og litt til.

22.10.2020

Alt heng i hop. I går i dag, og i morgon.