logo

Skogsarbeid.

Publisert:
04.02.2019

No har vær og føre spelt på lag med oss i 1 1/2 veke. Oselvarverkstaden har fått ut båtstokker for kring eit års produksjon, og eg har fått nesten det eg treng til åttringen. Furua på på bilda i dette innlegget har småskjella og lys bark, det viser oss at treet har mjuk og fjøral ved. Det er grunnlaget for å kunne bygge mjuke, fjørale og lette båtar. Treet er 260 år gamalt og godt og vel modent til båtbygging.

No har vi endelig fått jobba nokre dagar i skogen, men etter i dag er det meldt mildvær og regn framover. Dei tilsette på verkstaden og eg, samt ein venn av meg med godt handalag med motorsaga, har veksla litt på skogsarbeidet i år. Vi har måttet ta ein del anna arbeid innimellom (slik som båtmesse og avtalar som ikkje lar seg avlyse/utsette). Likevel har vi greid å få ut det vi treng av tømmer på denne korte tida. Det neste no vert å leite etter gode røtter til rong og bete/ leist (spant og innved). Og så må vi sjølvsagt sage opp tømmeret til båtbord og få det stabla til tørk. Det er svært viktig for kvaliteten at båtborda kjem på tørk før "vårheso" kjem. "Vårheso" er det tørre og varme været/vinden som ofte kjem tidleg på våren. Det gir materialane for hard tørk tidleg i prosessen slik at det sprekk. Om vi er enda seinere med skjeringa kan vi få for sterk varme og fuktig været som får blåmannen til å blomstre  i materialane. ( blåved)

Det er ein del planlegging før trefellinga kan starte. Treet må fellast den vegen det gjer minst skade i skogen og vi må vurdere korleis og kva veg det skal slepast fram. Som bildet viser er det også gravd rundt treet for å få saga det av så nært bakken som mogleg. Eit gamalt ordak seier at "ein tomme i rota gir ein fot i toppen". Dette er ein svært god regel å jobbe etter når ein bygger båtar som krev store bordbredder.

Her må treet kilast over fordi det har mykje vekt på motsatt side av der det skal legge seg.

Nydeleg stubbe som nesten ikkje stikk opp frå bakken, reint og fint felleskår og tett mellom årringane :) 

Så er det kvistearbeidet som står for tur. Då er det viktig å ta seg tid til å vurdere emne til band og leistar (spant og knær). Her ser de to leistar som vart kassert. Om de ser nøye på bildet kan de sjå at det er ei lita valk innerst på greina ved stamma (der greinen kjem ut av stamma). Dette kallast jura og viser at greinfeste er svakt og bresta inni.

Her er det bilde av ei grein med så lite jura at den vart med heim. Om det berre er jura på oppsida av greina kan greina være sterk nok, men det beste er greiner som har ei slett overgang mellom stamme og grein. I dette skogsområdet er det lite sterke greiner ( dårleg innvedskog). Mjuke, fjørale tre som er eigna til båtbord har ofte også mjuk ved i greinene. Dette gjer at som regel må ein gå i ein skog for tømmer og ein anna skog for innvedemne ( spantamateriale).

Traktor og vinsj. Fantastiske redskap i skogen. Her er det også frose og fast veg og snø å slepe på :) :)

Og til slutt: "uten mat og drikke......... Matpause og fyr på bålet må også til i skogen.

Se også

Innved, festemidlar og arbeidsprosess.

26.03.2021

Eg har fundert på om moderne festemidlar som saum, spiker, skruar, og lim i staden for trenaglar, har ført til endringar på innveden i båtane.

Tanker kring den mystiske alnastaven.

15.03.2021

Båtbyggarar har i århundrar støtta seg til alnastaven. Den har vært, og er, både hemmeleg og mystisk, og familiane har halde måla for seg sjølve. Båtbyggarar her i distriktet (Bjørnafjorden) likte ikkje å få augnatjuvar inn i naustet eller verkstaden. Om besøkande vart for lang i blikket, og såg ut til å leite etter alnastavane vart dei gjerne hivne på dør.

klinkeverktøy og klinking

01.03.2021

Eg tenkte å skrive litt om klinkeverktøy, men det er håpløst å skrive om verktøyet uten å sette det inn i arbeidsprosessen.  Verktøyet i seg sjølv er kanskje ikkje særs spennande eller finurlig, og det kjem i fleire variantar, men arbeidet er likevel ikkje "rett fram" og tankelaust.

Overbøre.

17.01.2021

Eg ligg etter med å fortelje korleis det går med åttringen. I november og desember 2020 gjekk eg meg vill i trenaglar, åretta, naglasnitt og emneved. Eg grov meg heldigvis ned i tide, snakka med erfarne trenaglefolk, tok hensyn til emneved og lokale tilhøve, samt tilpassa arbeidet etter evne og forhold. Eg jobba for å skaffe meg nødvendig utstyr for å hjelpe meg sjølv og andre, samt å finne trygge vegval. Omsider kome eg ut i ope terreng, og trur no eg har ei viss forståing for trenaglane til båten slik at eg er klar til å jobbe vidare.

Trenaglar

14.01.2021

Teknikk ved nagling, produksjon av naglane, materiale, dimensjonar, bruksområd