logo

Kane 2

Publisert:
13.11.2019

Kane.

Eg har fundert ein del på kva funksjon kaninga har og kvifor båtbyggarar ser ut til å ha brukt tid på denne vesle «tappen» på stamnen. Eg har både lese og høyrt ymse teoriar og meiningar om kvifor dei gamle båtane er bygd med kane, men ingen av teoriane har verka heilt gode nok synes eg. No då eg skal i gang med ein åttring og vil bygge denne med kane bør eg ha ein klar formeining om kva oppgåver dette «tappen» skal fylle. Berre slik kan eg vurdere om eg gjer ein god jobb med å lage kanet, og om kanet fyller oppgåva si i skroget.

Kanet tar opp og fordelar kreftar båten vert utsatt for.

Skroget vert utsett for ei rekke belastningar/krefter både frå bølgjer, last, rigg, segl, roing og fisking med meir. Mange av dei gamle tradisjonsbåtane i Noreg tåler desse belastningane fordi båtane er bygd med tanke på fleksibilitet og fordeling av belastningar i skroget.

Oselvarane er bygd med smekker innved, stamn, lot og kjøl og høvesvis tynne bord. Dimensjonane er slik at båten ikkje kan tåle påkjenningane under bruk om det er ein stiv konstruksjon. Eit av prinsippa når Oselvarane vert bygd er å nytte mjuke, seige emner og ha mjukare materiale bak enn framme i båten. Båten skal ta imot sjøen framme og sleppe ut sjøen bak. Kreftane følger skroget bakover og vert "sleppt" (frigjort). Som ein hovedregel.

Kanet er ein del av prinsippet med å ta opp og fordele, samt å sleppe belastningar båten må tåle frå ymse kantar.  Når båten vert brukt vil den vri seg, bli klemt og strekke seg ut. Stag, vant og segl strekker og tøyer også skroget i fleire retningar. Eit godt laga kane med ripebord som er godt tilpassa, skal være med å fordele desse ymse belastningane i skroget. For å teikne nokre enkle bilde på kva eg meiner : Når stag og vant vert spent opp vert forstamnen trekt bakover av staget som vert festa med halvstikk rundt stamnen og ned i ronga. Stamnen er smekker og ikkje dimensjonert for å tåle slik belastning aleine ( ein kan og sjå for seg å få bakk i seglet under segling, det vert då stor belastning på stamnen). Kanet vil då føre desse kreftane frå stamnen til ripeborda og vidare til esingane slik at heile båtlengda støttar stamnen. Det same vil skje om bølgjer slår mot framskuten eller båten vert rodd opp i fjæra. ( dette er berre nokre enkle døme ).

Det er også slik at kanet skal «stramme» seg under belastning. Dette oppnår båtbyggaren med kva vinklar det er mellom ripebord og kanet. Grunna vinkelen til stamn/kanet og ripebord, samt tilpassinga mellom desse, vil kreftene gå litt diagonalt i stamnen og kanet vert sterkare enn "berre den vesle tappen". Det er likevel sjølvsagt slik at er grensar for kva båten, og dei enkelte delane den er sett saman av kan tåle, og stamnbeslaget som er brukt i dag fungerar svært godt og har tatt over oppgåvene til kanet. Det er fleire døme rundt om i gamle naust på at stamnen er gått i stykker ved kanet.  På større båtar, som ladromsbåtane, finn ein at det er brukt nauarong i stamnen. Den er då laga som eit smekkert kne og går frå kanet til ronga slik at stamn, rong og esing kjem i direkte kontakt med kvarandre.

Om båten er bygd utan kane eller stamnbeslag vil dei øvste reksaumane i ripebordet prøve å ta over oppgåva, dette klarar ikkje veden i ripa å være med på, og ripebordet vil ryke ved stamnane. 

Dette som eg har skriv her meiner eg er hovudoppgåva til kanet. I tillegg kjem det nokre små ekstra fordelar, men det er mest som ein liten bonus.

Det finnes fleire variantar av dette hos andre tradisjonsbåtar i Noreg. Til dømes meinar eg at lyroddane på geitbåten har, eller har hatt, same oppgåve å fylle som kanet på oselvaren. 

Se også

Innved, festemidlar og arbeidsprosess.

26.03.2021

Eg har fundert på om moderne festemidlar som saum, spiker, skruar, og lim i staden for trenaglar, har ført til endringar på innveden i båtane.

Tanker kring den mystiske alnastaven.

15.03.2021

Båtbyggarar har i århundrar støtta seg til alnastaven. Den har vært, og er, både hemmeleg og mystisk, og familiane har halde måla for seg sjølve. Båtbyggarar her i distriktet (Bjørnafjorden) likte ikkje å få augnatjuvar inn i naustet eller verkstaden. Om besøkande vart for lang i blikket, og såg ut til å leite etter alnastavane vart dei gjerne hivne på dør.

klinkeverktøy og klinking

01.03.2021

Eg tenkte å skrive litt om klinkeverktøy, men det er håpløst å skrive om verktøyet uten å sette det inn i arbeidsprosessen.  Verktøyet i seg sjølv er kanskje ikkje særs spennande eller finurlig, og det kjem i fleire variantar, men arbeidet er likevel ikkje "rett fram" og tankelaust.

Overbøre.

17.01.2021

Eg ligg etter med å fortelje korleis det går med åttringen. I november og desember 2020 gjekk eg meg vill i trenaglar, åretta, naglasnitt og emneved. Eg grov meg heldigvis ned i tide, snakka med erfarne trenaglefolk, tok hensyn til emneved og lokale tilhøve, samt tilpassa arbeidet etter evne og forhold. Eg jobba for å skaffe meg nødvendig utstyr for å hjelpe meg sjølv og andre, samt å finne trygge vegval. Omsider kome eg ut i ope terreng, og trur no eg har ei viss forståing for trenaglane til båten slik at eg er klar til å jobbe vidare.

Trenaglar

14.01.2021

Teknikk ved nagling, produksjon av naglane, materiale, dimensjonar, bruksområd