Ingen konstruktør.
Dei gamle båttypane er bygd utan at nokon konstruktør har jobba ved teiknebordet. I stede har båtbrukaren hatt behov og ønsker for korleis båten skal fungere, og båtbyggaren har brukt sin kunnskap for å svare på behova og ønska til båtbrukaren. Det har vært ulike behov, begrensingar og høve til å skape form på dei ulike plassane båtane har blitt bygd og brukt. Slik har båtane utvikla seg.
Då eg no jobbar med å finne ut korleis oselvaråttringen var bygd er det viktig at eg prøver å forstå bruken av desse båtane. Kva eigenskapar skal dei ha? Kva bruksområde hadde åttringane her omkring og korleis gjekk båtbyggaren fram for å kome brukaren sine krav imøte? Det er mange spøsmål å finne svar på og få og spørje til råds. Difor deltok eg på Kystens råseglseminar i midten av mars i år. Tema for årets seminar var "fiske med tradisjonsbåt", der utgongspunktet var å prøve å forstå kvifor båtane har fått den forma dei har.
Vi var i Henningsvær og deltok på lofotfiske med nordlandsbåtar og åfjordsbåtar av ymse storleikar. Poenget var å bruke båtane i arbeid dei tradisjonelt har blitt bygd for. Vi var heldige med variert vær, og godt nok vær til også å gå ut med dei mindre båtane. Desse båtane og denne bruken kan sjølvsagt ikkje sei meg korleis åttringen eg skal bygge skal være, men under seminardagane fekk eg mange gode samtalar om form og funksjon i båtane. Eg sit igjen med ei rekke nye spørsmål og detaljar eg kan sjå etter i båtane eg måler og leiter i.
Dag 1. Dagen som lofotfiskar startar tidleg. Utror kl. 0600. Stilt og fint vær og godt roføre. Det tar ca 1,5 time og ro ut til feltet. vi bruker ein gamal åfjordstreroring. Eg trudde eg skulle bli mest sliten i armane, men kjente etter 6 timar i denne vesle, smale båten at beina klaga mest. Det er rett og slett ganske slitsomt å sitte pal i ro og fiske med handsnøre når båten ligg å skvalpar i havsjø. Beina må stemple av for at ein skal sitte støtt på tofta :)
Dag 2. Vi har no rodd ut i ein nordlandstreroring. Denne dagen er det meir vær. Snøbygene driv over oss og med dei kjem det vind. Det er nødvendig å ha ein andøvar ( å andøve= holde båten på samme stad, på eldre båter utan motor blir det då ved hjelp av årer) på midttofta for å halde båten opp mot vinden når vi fiskar.
Det er ikkje store plassen i ein slik båt. Det er ein utfordring å få plass til både folk, fisk og bruk. Dei som rodde fiske i slike båtar må truleg hatt høgste karakter i "orden og åtferd".
Etterkvart sit vi i fisk. Når vi skal segle inn til hamna igjen blir det endå trangare då det er vanskelig å sitte på framtofta grunna seglet.
Både folk og fisk kom til lands. Eg, nokre erfaringar rikare, fisken som mat.
Se også
Innved, festemidlar og arbeidsprosess.
Eg har fundert på om moderne festemidlar som saum, spiker, skruar, og lim i staden for trenaglar, har ført til endringar på innveden i båtane.
Tanker kring den mystiske alnastaven.
Båtbyggarar har i århundrar støtta seg til alnastaven. Den har vært, og er, både hemmeleg og mystisk, og familiane har halde måla for seg sjølve. Båtbyggarar her i distriktet (Bjørnafjorden) likte ikkje å få augnatjuvar inn i naustet eller verkstaden. Om besøkande vart for lang i blikket, og såg ut til å leite etter alnastavane vart dei gjerne hivne på dør.
klinkeverktøy og klinking
Eg tenkte å skrive litt om klinkeverktøy, men det er håpløst å skrive om verktøyet uten å sette det inn i arbeidsprosessen. Verktøyet i seg sjølv er kanskje ikkje særs spennande eller finurlig, og det kjem i fleire variantar, men arbeidet er likevel ikkje "rett fram" og tankelaust.
Overbøre.
Eg ligg etter med å fortelje korleis det går med åttringen. I november og desember 2020 gjekk eg meg vill i trenaglar, åretta, naglasnitt og emneved. Eg grov meg heldigvis ned i tide, snakka med erfarne trenaglefolk, tok hensyn til emneved og lokale tilhøve, samt tilpassa arbeidet etter evne og forhold. Eg jobba for å skaffe meg nødvendig utstyr for å hjelpe meg sjølv og andre, samt å finne trygge vegval. Omsider kome eg ut i ope terreng, og trur no eg har ei viss forståing for trenaglane til båten slik at eg er klar til å jobbe vidare.