Halsane.
No er kjølrenna fast og ferdig skutt og det er på tide å få på plass halsane. Toppbiltet viser snitt frå midten av ymse oselvarar. Eg har teikna dei opp for å prøve å sjå system i rotet.
Grovhugging av halsabord. Det vert rikeleg med kveiksla (opptenningsved) sjølv etter så små halsar.
Eg har teikna opp linjer å hugge etter. Dette er slik eg trur eg må hugge for å oppnå den forma eg vil ha på båten. Eg prøver å utnytte emna godt å unngå kvist på utsatte plassar. Borda vert grovhugget, finhugget, skrubbhøvla og pusshøvla, nett som på ein fullskala båt.
Når eg formar halsane siktar eg dei tidt og ofte for å sjå om eg er på rett veg. Eg prøver då å sjå for meg halsen i båten og bereknar/vurderar på det viset forma. Korleis båten tar eller slepp sjøen, bæring (bæreevne), sug eller om båten blir å skjære seg ned, med meir. Dette er ei svært spanande del av bygginga. Med denne båten står eg på laus grunn og brukar erfaringane mine frå dei mindre båtane og båtane eg har studert i vinter som grunnlag.
Hmmm.... rett eller gale? På bildet under ligg i alle fall halsabord i bløyt for lettare å kunne spennast opp på båten.
Framhalsane. Det vart ikkje slik eg ville ha dei . :/
Men bakhalsane vart endå verre. :(
Både framhalsar og bakhalsar vart ikkje anna enn nøye tilhugget og høvla ved.
Når eg no siktar vatnlinjer ser eg at det vert huling, dette vil gje båten eit sug i sjøen. Båten vert tyngre å drive og den kan komme til å skjære i sjøen. Eg vil ha mest mogleg beine vatnlinjer her, særskilt framme. I tillegg til å ha for mykje huling har eg også lagt halsane for flate mot midten av båten. Det er berre å plukke dei ned att og byrje om. No veit eg i alle fall litt om korleis eg ikkje vil hugge halsane.
Se også
Innved, festemidlar og arbeidsprosess.
Eg har fundert på om moderne festemidlar som saum, spiker, skruar, og lim i staden for trenaglar, har ført til endringar på innveden i båtane.
Tanker kring den mystiske alnastaven.
Båtbyggarar har i århundrar støtta seg til alnastaven. Den har vært, og er, både hemmeleg og mystisk, og familiane har halde måla for seg sjølve. Båtbyggarar her i distriktet (Bjørnafjorden) likte ikkje å få augnatjuvar inn i naustet eller verkstaden. Om besøkande vart for lang i blikket, og såg ut til å leite etter alnastavane vart dei gjerne hivne på dør.
klinkeverktøy og klinking
Eg tenkte å skrive litt om klinkeverktøy, men det er håpløst å skrive om verktøyet uten å sette det inn i arbeidsprosessen. Verktøyet i seg sjølv er kanskje ikkje særs spennande eller finurlig, og det kjem i fleire variantar, men arbeidet er likevel ikkje "rett fram" og tankelaust.
Overbøre.
Eg ligg etter med å fortelje korleis det går med åttringen. I november og desember 2020 gjekk eg meg vill i trenaglar, åretta, naglasnitt og emneved. Eg grov meg heldigvis ned i tide, snakka med erfarne trenaglefolk, tok hensyn til emneved og lokale tilhøve, samt tilpassa arbeidet etter evne og forhold. Eg jobba for å skaffe meg nødvendig utstyr for å hjelpe meg sjølv og andre, samt å finne trygge vegval. Omsider kome eg ut i ope terreng, og trur no eg har ei viss forståing for trenaglane til båten slik at eg er klar til å jobbe vidare.