logo

Båtbyggeriet.

Publisert:
10.03.2020

Det har tatt tid å komme igang med båtbygginga, men no rullar det endeleg framover. Eg får låne dette lagerskuret på Hordamuseet til å bygge åttringen i. Det har vært brukt til å lagre gamle landbruksredskap/maskinar, men no er det rydda og klargjort for båtbygging.

Inne i skuret er det grus på bakken. For å lette arbeidet mitt, og unngå for mykje sand/stein i materialane mine, legg eg inn eit gulv av 2x4 " og OSB-plater.

Eg må også ha ein skordedrunk i taket og noko stabilt under kjølen.

Bakkastokkar som kjølen skal kvile i og endepålar til stamnane er på plass.

No byrjar eg endelig å skarde (skøyte) saman lot og stamn.

På tide å sette opp reiset. Her blir båtlengda og djupna til båten målt opp. Kjølen felles på plass etterpå. Dette kan virke bakvendt og tungvint og sette inn kjølen etter at stamnane står, men det er slik eg har lært å sette reiset.

Når kjølen er felt inn får eg endeleg kjennsla av at dette er ein båt.

No står kjøl, lot og stamnar fast. Alt er retta av, og bordinga kan ta til.

Dimensjonering av kjølrenna med skrubbhøvel.

Denne båten får ei lita halvsponing i framlotet. Her skal kjølrenna fellast til slik at lotet får støtte frå resten av framskuten ved til dømes landsetting. 

Halvsponing ferdig. Det vert ikkje laga sponing på oselvar-færingar eller seksæringar. Men etter kva Harald Dalland sa, kunne det være slike små sponingar i framlotet på dei større båtane. Difor vil eg prøve meg på dette. Eg har ikkje sett dette på båtar, men fekk det forklart av Harald då eg gjekk i lære.

Kjølrenna spent fast og klar for felling/tilpassing.

No er det vanskeleg å gå heim frå jobb, men det er godt for kjølrenna å få dovne (sleppe spenningar og ta form) over natta  :) 

Se også

Innved, festemidlar og arbeidsprosess.

26.03.2021

Eg har fundert på om moderne festemidlar som saum, spiker, skruar, og lim i staden for trenaglar, har ført til endringar på innveden i båtane.

Tanker kring den mystiske alnastaven.

15.03.2021

Båtbyggarar har i århundrar støtta seg til alnastaven. Den har vært, og er, både hemmeleg og mystisk, og familiane har halde måla for seg sjølve. Båtbyggarar her i distriktet (Bjørnafjorden) likte ikkje å få augnatjuvar inn i naustet eller verkstaden. Om besøkande vart for lang i blikket, og såg ut til å leite etter alnastavane vart dei gjerne hivne på dør.

klinkeverktøy og klinking

01.03.2021

Eg tenkte å skrive litt om klinkeverktøy, men det er håpløst å skrive om verktøyet uten å sette det inn i arbeidsprosessen.  Verktøyet i seg sjølv er kanskje ikkje særs spennande eller finurlig, og det kjem i fleire variantar, men arbeidet er likevel ikkje "rett fram" og tankelaust.

Overbøre.

17.01.2021

Eg ligg etter med å fortelje korleis det går med åttringen. I november og desember 2020 gjekk eg meg vill i trenaglar, åretta, naglasnitt og emneved. Eg grov meg heldigvis ned i tide, snakka med erfarne trenaglefolk, tok hensyn til emneved og lokale tilhøve, samt tilpassa arbeidet etter evne og forhold. Eg jobba for å skaffe meg nødvendig utstyr for å hjelpe meg sjølv og andre, samt å finne trygge vegval. Omsider kome eg ut i ope terreng, og trur no eg har ei viss forståing for trenaglane til båten slik at eg er klar til å jobbe vidare.

Trenaglar

14.01.2021

Teknikk ved nagling, produksjon av naglane, materiale, dimensjonar, bruksområd