Arbeidet følgjer ei raud tråd.
Midtsnora er utgangspunktet for mykje av jobben med å gi båten ønska form. Det er frå snora storparten av måla til båten vert tatt, og det er snora som er referanse for skyting av alle omfar med unntak av botn.
Toppbildet i dette blogginnlegget visar åttringen under arbeid med esingane. Vi ser snora slik det ser ut når kjølrenna skal skytes til. Kanten på kjølrenna skal ikkje følgje snora, men snora er ei linje å støtte seg til når eg tenkjer meg kva form kjølrenna bør ha for å fungere slik ho skal. I tillegg til å tenke på kjølrenna, må eg sjå for meg korleis kjølrenna må vere for å danne eit godt grunnlag for neste omfar, som er halsar og botnabord. Når kjølrenna er grovt skote til etter snora, må eg finsikte omfaret langs bordkanten. Bilde under visar sikting langs bordet. Her tenker eg meg korleis dette vil påverke forma og fellingane (tilpassingane) på botnomfar. Eg har valgt å holde meg til ein ganske strak botn og siktar etter det, men her kan eg også velge å gå for eit oppspent eller vomba botnskap. Då ville eg sikta etter ei boge oppover eller nedover langs bordkanten. Dette ville gitt båten ulike eigenskapar i sjøen. Om båten vert bygd utan kjølrenne vil tankane om vomba eller oppspent båt ligge i arbeidet med kjølen.
Bilde under visar korleis kjølrenna på åttringen "min" ligg i høve snora. Her er det store variasjonar mellom ulike oselvarar, og båtbyggaren står svært fritt til å legge grunnlaget for resten av båten. Det er likevel nokre trekk som er vanlegare enn andre. Eg jobbar mot eit heller gjennomsnittleg skap på denne.
Botn vert ikkje skote til etter snora slik som dei andre omfara. Dette trur eg heng saman med at botn er så pass flat og brei at det er vanskeleg å få nøyaktig skyting etter snora. På dette omfaret vert det heller brukt innlærte breddemål som står i forhold til midtbredda på botnabordet.
Siktinga er likevel svært viktig på botnomfaret. Først må framhalsane siktas inn slik at dei er litt flatare enn bakhalsane, kor mykje flatare er ei vurderingssak. Botnabordet skal siktas inn slik at det ilag med halsane gir båten eit godt strekk i botn. Dette er også ei vurdering for kor rund eller strak botn skal vere. under dette arbeidet er det viktig å sikte i høgde med dei vatnlinene eg ser etter (vatnlinene er tenkte liner, det vert ikkje teikna eller målt opp noko).
Bildet under viser rettholdt på innløpet til åttringmodellen. Dette er for å illustrere noko av det eg ser etter i innløpet, samt kva eg ser etter under hogginga av halsaemna.
Bildet under viser innløpet og litt av botnadraget. Båten har sjølvsagt kurva linjer, men eg siktar etter beine eller svakt bua vatnlinjer. Eg vil ha lite motstand i skroget, og ønskar at sjøen følger båtforma utan å bygge opp unødige virvlar. Eg vil også unngå at sjøen vert skubba framføre, eller dregen for mykje etter båten.
Bilde under, sikting botn. Tenker meg korleis underbørene vil følge på det grunnlaget eg legger med botn.
Bildet under visar skyting av underbøreomfaret frå snora. Båten skal bredde seg fint framover.
Det er fint å sikte både bakifrå og framifrå. Skyter først til eine sida, når eg er nøgd med det eg ser, kan eg overføre det til hi sida.
Bilde under. Etter skytinga må det finsiktas langs bordkanten. Eg ser til at linja er jamn og fin, og eg ser til at det vert lite bue i underkanten av neste omfar (ganska strake linjer). Dette for å få fint strekk i båten, men også for å komme i mål med det tømmeret den lokale skogen kan produsere med tanke på diameter og kvalitet.
Bilde under viser litt av tankeprosessen med overbøreomfaret. Eg siktar etter bordlegg og linja i underkant av komande omfar. Eg nyttar ikkje ein slik "siktepinne" når eg jobbar med ein båtstorleik eg har kontroll på. Pinnen er sett opp fordi eg er usikker på kva eg ønskar å sjå etter, det er som ei "krykke" for auga.
Bilde under viser korleis overbøra (gjeld også for heil børe om båten er bygd med det) er skote etter snora. Bordet går litt over snora ved frambandet, og litt under snora ved bakbandet. Her er det vurderingar på kor brei båten skal være i framskuten, kor langt ut i skutane båten skal bære last, Skal båten ligge godt langs heile sida på segling ?, garntrekking ?, med meir. Det kan vere vanskeleg å legge opp desse linjene då det også kan vere eigenskapar ein ønskar i båten som er uråd å kombinere. Då vert det eit arbeid å finne kompromis mellom dei.
Etter skyting frå snora, er det finsikting her også. Eg ser etter "fine" linjer, det vil sei linjer som gir båten dei eigenskapane eg vil ha, eller leitar etter. Eg jobbar også mot ein svak S-fasong i underkant av neste bord. Dette fordi eg er opplært til at slik skal ripa vere for å stå godt til børa, og for at materialane skal rekke. Materialøkonomi er svært viktig å tenke på når omfara skal skytas og siktas. Då sjølvsagt utan å miste eigenskapane og forma båten skal ha.
Bildet under visar S-fasongen i underkant av ripebordet eg sikta etter på overbøreomfaret.
Bilde under viser skytinga av ripene på ein havfæring. Eg hadde desverre ingen gode bilder av dette arbeidet på åttringen, men desse bilda beskriver det eg ser etter. Ripene skytes etter underkant av esingane. Dette gjer at forma på esingane får litt å sei for linja på overkant ripebord. Før esingane skytes til skal også snora hevas 1/4 - 1/2". Dette er gamal tradisjon og skapar litt meir høgde og vidde i båten over slaget (mellom framste band og rong, og tilsvarande bak). Ved skyting av ripene kan eg og endre på linja ved behov eller ønske. Utgongspunktet er likevel at underkant esing følger snor frå midten av båten, letter fint over frambandet for så å komme ned igjen på framrong. Bakover skal esinga følge snor til hodlerong, deretter kan esinga sleppe seg litt ned frå snora bakover til bakrong, eller den kan gå beint bak. Utifrå dette kan ein justere opp mot den enkelte båt ein bygger.
Ripene skal gi båten god sluttstabilitet, ein god stopp slik at båtbrukaren får ei klar kjensle for at motstanden i skroget aukar etterkvart som båten legg seg ned på sida. Dei skal også hive sjøen godt ut frå båten både i fram og bakskut, og dei skal, ilag med esingane, strekke båtsidene og gjere den starkare i sidene. Dette, med meir, er det viktig å ha i hovudet når ripene siktas til.
Eg håpar dette innlegget gav innblikk i nokre av dei mindre målbare og ikkje så handfaste delane av arbeidet båtbyggarhandverket.
Se også
Tanker kring den mystiske alnastaven.
Båtbyggarar har i århundrar støtta seg til alnastaven. Den har vært, og er, både hemmeleg og mystisk, og familiane har halde måla for seg sjølve. Båtbyggarar her i distriktet (Bjørnafjorden) likte ikkje å få augnatjuvar inn i naustet eller verkstaden. Om besøkande vart for lang i blikket, og såg ut til å leite etter alnastavane vart dei gjerne hivne på dør.
klinkeverktøy og klinking
Eg tenkte å skrive litt om klinkeverktøy, men det er håpløst å skrive om verktøyet uten å sette det inn i arbeidsprosessen. Verktøyet i seg sjølv er kanskje ikkje særs spennande eller finurlig, og det kjem i fleire variantar, men arbeidet er likevel ikkje "rett fram" og tankelaust.
Overbøre.
Eg ligg etter med å fortelje korleis det går med åttringen. I november og desember 2020 gjekk eg meg vill i trenaglar, åretta, naglasnitt og emneved. Eg grov meg heldigvis ned i tide, snakka med erfarne trenaglefolk, tok hensyn til emneved og lokale tilhøve, samt tilpassa arbeidet etter evne og forhold. Eg jobba for å skaffe meg nødvendig utstyr for å hjelpe meg sjølv og andre, samt å finne trygge vegval. Omsider kome eg ut i ope terreng, og trur no eg har ei viss forståing for trenaglane til båten slik at eg er klar til å jobbe vidare.