logo

13 1/2 alen

Publisert:
28.01.2019

Sist veke var eg på ei øy på sørlandet som heiter Bragdøya. Der fekk eg lov til å måle opp denne interessante oselvaren på drøye 13 1/2 alen. Storleiken er som for ein litt liten åttring, men banda/spanta er truleg plassert med tanke på konkurransesegling.

Denne båten er bygd av Nils Søvik i 1920, og er såleis den ferskaste båten av litt storleik eg har kome over så langt. Oldebarnet til Nils er aktiv i miljøet rundt oselvarbåtane den dag i dag. Eg tenker å ta ein tur bortom familien å høyre om dei for eksempel kan ha alnastavar liggande etter båtbyggaren. Båten er ikkje bygd som ro- eller seglåttring, men som konkurranseseglar. Den var i si tid rigga med eit stort gaffelsegl.

Åttringane av oselvartype går frå 13 til 15 alen. Denne båten på drøye 13 1/2 er derfor viktig for mitt arbeid med å finne tilbake til korleis åttringane vart bygd.

Båten har gått gjennom ein del reparasjonar og "ombyggingar" gjennom livet, og den har nok endra litt fasong underveis, men hovedtrekka er fortsatt ganske lett å sjå.

På dette bilete ser de at båten mellom anna har blitt utstyrt med motorbrønn. Ei tilpassing til moderne bruk som kanskje har bidratt til at båten er blitt ganske skeiv oppover i skroget.

På dette bilde ser de at båten er mykje rundere i babord ripe enn i styrbord.

Til slutt i dette innlegget vil eg takke Bragdøya Kystlag med ein fabelaktig jobb med å ta vare på kystkulturen i Noreg. Både medlema i Kystlaget og eigaren til denne båten, som går under namnet "Ormenlange" ,var svært hjelpsame og positive til meg og arbeidet mitt dei dagane eg var på Bragdøya. No vert det ikkje meir båtmåling på nokre veker. Kulda har kome til vestlandet og trea vil endeleg ut av skogen. :) 

Se også

Innved, festemidlar og arbeidsprosess.

26.03.2021

Eg har fundert på om moderne festemidlar som saum, spiker, skruar, og lim i staden for trenaglar, har ført til endringar på innveden i båtane.

Tanker kring den mystiske alnastaven.

15.03.2021

Båtbyggarar har i århundrar støtta seg til alnastaven. Den har vært, og er, både hemmeleg og mystisk, og familiane har halde måla for seg sjølve. Båtbyggarar her i distriktet (Bjørnafjorden) likte ikkje å få augnatjuvar inn i naustet eller verkstaden. Om besøkande vart for lang i blikket, og såg ut til å leite etter alnastavane vart dei gjerne hivne på dør.

klinkeverktøy og klinking

01.03.2021

Eg tenkte å skrive litt om klinkeverktøy, men det er håpløst å skrive om verktøyet uten å sette det inn i arbeidsprosessen.  Verktøyet i seg sjølv er kanskje ikkje særs spennande eller finurlig, og det kjem i fleire variantar, men arbeidet er likevel ikkje "rett fram" og tankelaust.

Overbøre.

17.01.2021

Eg ligg etter med å fortelje korleis det går med åttringen. I november og desember 2020 gjekk eg meg vill i trenaglar, åretta, naglasnitt og emneved. Eg grov meg heldigvis ned i tide, snakka med erfarne trenaglefolk, tok hensyn til emneved og lokale tilhøve, samt tilpassa arbeidet etter evne og forhold. Eg jobba for å skaffe meg nødvendig utstyr for å hjelpe meg sjølv og andre, samt å finne trygge vegval. Omsider kome eg ut i ope terreng, og trur no eg har ei viss forståing for trenaglane til båten slik at eg er klar til å jobbe vidare.

Trenaglar

14.01.2021

Teknikk ved nagling, produksjon av naglane, materiale, dimensjonar, bruksområd