Berit Osmundsen

Trenaglar

Publisert: 15. jan. 2021

Teknikk ved nagling, produksjon av naglane, materiale, dimensjonar, bruksområd

Eg har dessverre ikkje fått jobba noko særleg med trenaglar i oselvarar eller andre båttypar. Min erfaring med trenaglar til bruk som festemiddel i trebåtar har eg frå båtbyggarskulen for 20 år sidan, og litt båtbygging ein sommar på Åland for nesten like lenge sidan. Harald Dalland, som var min læremeistar i oselvarbygging, ville helst ikkje bruke trenaglar til å feste innved i båtar som skulle leverast til kunde. Han hadde erfart å få klage på nybygd båt då trenaglane jobba seg litt ut dei første åra båten var i bruk. Dagens båtbrukarar er ikkje vant til denne typen vedlikehald, og derfor kan dette oppfattast som ein feil ved båten.  Harald Dalland meinte det er slik trenaglane skal oppføre seg, men han var ikkje interesse i å ta diskusjonen med misnøgde kundar. Eg fekk masa meg til å bruke litt trenaglar på plassar han ikkje vurderte som viktige på ein båt. Eg var ikkje med han å lage naglane,  han dreia dei heime på verkstaden sin grunna tidspress og leveringstid. Dette gjorde at eg ikkje fekk lage mine eigne trenaglar.

Eg har notert litt frå Harald Dalland om trenaglar, og så har Oselvarverkstaden eit naglasnitt og ein orvedar (forsenkar) etter han.

Bildet under visar Harald sitt gamle naglasnitt.

Eg starta arbeidet med trenaglane til åttringen med ei rekke spørsmål. Eg vil svare på desse ut frå kva eg hittil har kome fram til. Eg har også prøvd å sjå det eg finn om naglane i oselvaren opp mot nokre andre tradisjonar, og har lese om trenaglar og spurt nokre andre båtbyggarar om kva tankar dei har om dette temaet. Eg vil lage og bruke trenaglane slik det mest truleg har vært tradisjon for her i området, sjølv om det er andre, og kanskje betre vis å gjere det på.

 

  1. Materiale og forarbeid (type tre, kvar i treet, hugging, tørking, oljing).
  2. Kva vinkel er det på koning på hodet?
  3. Skal naglen/åretta settas hardt eller laust fast?
  4. Skal det takast ut for åretta i innveden?
  5. Kva form har åretta,  korleis står ho i naglen, og kva er ho laga av?
  6. Skal det være rom mellom band og bord?
  7. Ulike produksjonsmetodar.
  8. Endrast fasongen på naglen etter kva den skal binde saman i båten ?
  9. Skal koninga under hovud gå heilt gjennom bordet?
  10. Er det noko fast forhold mellom dimensjonar på bord, nagle og band?
  11. Har naglen eit tilskjært hovud, eller er den saga av jamt med bordet?  
  12. Er det store variasjonar på korleis trenaglar i klinkbygde båtar i Norden blir laga og brukt?
  13. Korleis vil eg å jobbe med trenaglane til åttringen?

 

Spørsmål 1. Materiale og forarbeid (type tre, kvar i treet, hogging, tørking, oljing).

Her støttar eg meg mest til notat etter Harald Dalland: Furu, det er best å ta emne til trenaglar nedst i stokken i alved. Det er bra med feit ved, men unngå sprø feita.

I naglar av brake (einer) må margen være med og braken må takast på frost i januar/februar slik som furua.

Selje er god nagleved, gjerne oppe i stamma i gamle tre. ( Eg, Berit, har sett at piletre, som er ei slektning til selja, blir nemnt som nagleved på vikingskipsmuseet i Roskilde, Danmark. Eg er nyfiken på om dei har nokre erfaringar som kan overførast til selje i Noreg, og kvar i treet dei finn emna?)

Det beste til trenaglar er barlind, mest grunna seig materiale.( Her er det ikkje notert kva del av treet som skal nyttast. Eg tenker det er snakk om greiner med margen i naglen slik som i einenaglane, men dette må eg finne meir ut av. Om nokon har kunnskap om dette vert eg svært glad for innspel)

Eg har plukka ut ein del trenaglar frå gamle båtar. Det ser ut som furu er mykje brukt, men det kan være vanskeleg å sjå kva materiale som er brukt.

Emna til naglar av furu og selje må kløyvast ut for å få god retning på veden og sterke naglar. Til einenaglar skal diameteren på einestamma passe til naglhovudet.

Harald sa at trenaglane helst skal ligge i olje eit par veker før dei skal nyttast. Han var ikkje så bestemt på kva olje dei skal ligge i og mitt inntrykk er at han tok eit kvann han hadde ståande. Eg vel å blande lyse og tjære og legg naglane i denne blandinga.

 

Spørsmål 2. Kva vinkel er det på koninga på hodet?

På dette spørsmålet har eg sett på gamle naglasnitt i området, og kva eg finn på naglar i gamle båtar. Eg har også spurt litt rundt om i båtbyggarmiljøet for å få eit inntrykk av kva som er vanleg i Norden.

Det ser ut til å variere ein del korleis naglane er utforma og produsert i Norden. Det kan også være ulikt mellom forskjellige båtbyggarar i same område. Naglane kan være smidd til for hand, dreia for hand i naglasnitt, smidd eller smidd og pressa runde gjennom naglelø, og i nyare tid også dreia i maskinelt «naglasnitt» eller frest ut. Dei ulike produksjonsmetodane gir litt ulike naglar.

Eg har inntrykk av at det her i området har vært ganske vanleg å grovforme naglane med øks og kniv for så å dreie dei ut med naglasnitt . Men dei eldste trenaglane eg har vore borti på oselvar er truleg kring 150-160 år gamle, korleis dei har utvikla seg før dette veit eg ikkje noko om.

Vinkelen mellom stamma og hovudet på naglen varierar mykje i Norden. Enkelte er nede i 10-15 grader, og andre er oppe i 35-40 grader. Det kan vere viktig å sjå dette i samanheng med område og båttypen naglane er til. Samt om det er brukeleg å sette naglen hardt eller laust i båten og korleis det er tatt ut for hovudet i bordet.  Eg går ikkje djupare inn på slikt i dette innlegget, og eg vil unngå å snakke på vegne av andre tradisjonar. Men, eg har sett på naglane eg finn til oselvarar i forhold til kva val som er gjort i nokre av dei andre klinka tradisjonsbåtane. Dette har eg gjort for å få eit visst overblikk og litt bakgrunn for vala eg gjer for trenaglearbeidet til åttringen.

Utfrå naglasnitt eg finn og naglar i gamle båtar ser det ut til at vinkelen på hovudet på trenaglane til oselvarane ligg på + - 20 grader.  Det går også igjen at koninga under hovudet er litt konkav.

 

Spørsmål 3. Skal naglen settast hardt eller laust, og spørsmål 4. Skal det takast ut for åretta i innveden.

Eg har igjen spurt meg litt for rundt omkring og fått ulike svar frå ulike båtbyggarar som jobbar med kvar sine tradisjonar. Min oppfatning er at nokre båtbyggarar set naglen nokså hardt fast. Dette skil seg frå kva eg fekk vite frå Harald Dalland om korleis det bør gjerast på oselvaren. Han var bestemt på at ein skulle vere varsam når ein set åretta og ikkje kile for hardt. Men, og dette har eg frå Nils Olav Solbakken, det er samstundes viktig at naglen går tregt i innveden, slik at heile naglen heldt, og åretta berre er ei ekstra hjelp. Her er det ikkje vanleg å ta ut av innveden for å gi rom for åretta , noko som elles ser ut til å vere vanleg fleire andre stader. Eg har fundert på om dette kan ha samanheng med behovet for fleksibilitet i naglen når ein bygger med svært breie bord. Kanskje er det betre at naglen drar seg litt ut, enn at bordet sprekk. Så får ein heller gå etter å slå dei inn att ein gong innimellom. ( Men, ingen regel utan unntak, eg har også sett døme på oselvarar med uttak for åretta i band og beter, men ikkje i esina).

Bildar under viser trenaglane på innsida av båten. Hole er så godt som runde.

Bilda under er desverre ikkje gode, men dei viser ovale hol der det er tatt ut for å gi rom til åretta/kilen. 

 

Spørsmål 5. kva form har åretta,  korleis står ho i naglen, og kva er ho laga av?

Det eg lærte på båtbyggarskulen, og det eg har sett av nylaga åretta ser omtrent slik ut.

Eg er opplært til at dei skal ha ståande årringar. Harald Dalland laga dei også omtrent slik, og han ville sette trenaglen slik at årringane i naglen og åretta gjekk i kvarandre. Dette seier også Nils Olav solbakken.  Eg finn derimot ikkje dette når eg ser på åretta som står i gamle oselvarar. Dei årettane eg finn er flate, utan at kantane er smidd av og dei er laga med 7-8 graders vinkel/stigning.

Korleis åretta er tatt ut av emne ser ut til å være tilfeldig. Det same gjeld kva veg årringane i trenaglen står.  Eg finn både tettvakse og fos materiale og årringane står «alle vegar» både i nagle og åretta. For meg verkar det mest fornuftig å lage åretta med brotne kantar og ståande årringar, og la retninga på årringane i trenaglen gå same veg som i åretta. Kvifor det ser ut til at dette ikkje er gjort har eg ikkje noko forklaring på. Kanskje det er så enkelt som at dei ikkje har tatt seg bryet med det, og har sett at naglane står godt nok i alle fall. Det som heldigvis går igjen er at åretta står på tvers av innveden naglen skal feste, slik at åretta ikkje kløyver innveden.

Kva er åretta laga av?

Dei årettane eg har tatt ut av oselvarar ser ut til å vere av furu av varierande kvalitet. Jon Godal skriv om åretta av aldersved frå furu (Geitbåt). Gunnar Eldarn nyttar ytved frå båtbord (Nordlandsbåt), og Hanus Jensen fortel at det er furu i trenaglar og åretta på Færøybåten. Petter Mellberg fortel at det på Åland ofte er brukt einenaglar og åretta av furu. Og han har hørt frå sin mester, Hans Holmstrøm, at dei før kunne dyppe åretta i aske før den vart sett fast. Mogleg dette fekk åretta til å henge betre då dei brukar trenaglar også i bordleggningen. Peter Helland- Hansen viser til funn av einenaglar og åretta av furu på hardangerbåtar frå 1800 talet. I tillegg har eg sett eik i åretta på slaviske båtar på ei studiereise til Tyskland for fleire år sidan, men eg minnest ikkje kva naglen var laga av så dette må eg ta opp igjen å finne ut av.

Bilde av Trenaglar i bordleggningen til segeljakten Alanta som er under bygging på Åland. Byggmester Petter Mellberg. 

 

Spørsmål 6. Skal det være rom for rørsle mellom band og bord?

Stort sett finn eg at innveden er felt på plass med litt luft mellom innved og båtbord. Dette gjer at innveden ikkje byrjar å rulle på naglen og belaste nagle og båtbord for mykje når båten trutnar( bilde). Det er også ein tanke at dette gir trenaglen litt rom for rørsle slik at innved og båtbord kan leve litt utan at bord, nagle eller innved får skader.

 

Spørsmål 7. Ulike produksjonsmetodar.

 Litt ulike variantar av ganske enkle naglasnitt med eit bøyd stål ser ut til å ha vore vanlig blant oselvarbyggarar. Kor langt tilbake i tid dette går veit eg ikkje, men truleg vart naglane smidd til med øks og kniv før naglasnittet kom i bruk.

 

Spørsmål 8. Endrast fasongen på naglen etter kva den skal binde saman i båten ?

Harald Dalland meinte at tynnare trenaglar skulle ha noko større vinkel på koninga på hovudet enn tjukkare naglar. Dette er eg ikkje kome i mål med å finne ut av om stemmer med det eg kan finne i båtar, eller hos andre båtbyggarar endå. Det er truleg ikkje snakk om stor endring i vinkelen frå tjukk til tynn nagle. Det kan vere vanskeleg å finne ut av dette då variasjonen mellom dei ulike båtbyggarane kan vere større enn variasjonen mellom dei ulike dimensjonane av naglar.

Keipane er festa med trenaglar som er kone etter navarholet. Dei er slått inn ovanfrå og ned gjennom keip og esing, og det står ein tapp av naglen ut under esinga slik at naglen kan slåast ut igjen ved behov. Desse trenaglane har ikkje markert hovud slik som trenaglane til innveden, men dette er vel litt på sidan av tema 😉

 

Spørsmål 9. Skal koninga for hovud gå heilt gjennom bordet?

 Her ser det ut til at svaret er nei. Det er viktig at koninga stoppar ½ til 2/3 inn i bordet slik at stamma tettar godt i nagleholet ( Nils Olav Solbakken). Forseinkinga i bordet skal være litt opnare enn koninga på trenaglen slik at trenaglen står godt innerst i forseinkinga og litt lausare ytst. Dette for at ikkje ytterkanten av naglehovudet skal få for stor belastning og knekke av. Det kan sjølvsagt vere andre tradisjonar på dette andre stader og på andre båttypar utan at eg veit om det.

Spørsmål 10. Er det noko fast forhold mellom dimensjonar på bord, nagle og band?

På dette spørsmålet går det igjen eit svar som lyder: Trenaglen skal ha same diameter som tjukna på bordet den skal binde. Banda skal vere tre gonger så breie som diameteren på trenaglen (eventuelt + litt). Dette ser ut til å stemme med det eg finn når eg målar på eldre oselvarar, sjølvsagt med nokre variasjonar. Eg reknar denne regelen som grei å styre etter.

 

Spørsmål 11. Har naglen eit tilskjært hovud, eller er den saga av jamt med bordet? 

Eg vil tru at naglenhovudet vil bli litt sterkare om det får eit tilskjært hovud ( bilde). Etter det eg klarar å sjå på oselvarane eg har målt, er naglane på fleire båtar likevel saga av jamt med bordet. Eg trur det er gjort slik for å spare tid og arbeid. Eg finn også fleire båtar der naglen er forma til med eit lite hovud før den er slått inn. Mitt intrykk er at naglane oftare er saga av jamt med bordet på dei nyare båtane, mens dei noko eldre båtane oftare har eit tilskjært hovud på trenaglane. Det trengst meir arbeid for å kunne være heilt sikker på at mitt inntrykk er riktig, men eg vel foreløpig å jobbe ut i frå at det er slik.  

Bilda under viser nagle som er saga av jamt og nagle som er smidd til.

 

Spørsmål 12. Er det store variasjonar på korleis trenaglar i klinkbygde båtar i Norden blir laga og brukt?

På dette spørsmålet vil eg svare ja, og gi eit par døme.

I boka «Å tenkje geitbåt- og byggje ein» skriv Jon Godal om trenaglane og korleis dei skal lagast og settast fast på Geitbåten. Han skriv mellom anna : Den skrå flata under hovudet lagar vi litt under 45 gradar frå retninga av teinen. Vi målar det legget som regel til 40 gradar eller litt mindre. Når naglen blir slegen inn får vi då ei samanpressing av hovudet. Om den skrå flata er for tverr vil hovudet ramle av. Unnatakar (forseinkar/orvedar): Legget på skjæret er om lag 30 gradar. Det er litt slakkare enn tilsvarande skrå på undersida av hovudet. Dimed er vi sikra at naglehovudet ikkje blir stuka mot bordet, men smett inni og blir komprimert. Då tettar det godt og held fast.  

Det eg har lært av Harald Dalland og Nils Olav solbakken er at vinkelen på forsenkinga skal være noko større/opnare enn vinkelen på naglehovudet, slik at hovudet tettar godt i botn av forseinkinga og ikkje belastar ytste enden av naglehovudet for mykje. Dette vert då heilt omvendt av kva Jon Godal skriv om slik det er gjort på Nordmøre.

Det er fleire plassar vanleg å ta ut ved på innveden for å gi rom til åretta slik at naglen vert spila ut ( bilde). Det verkar også og være vanleg å sette åretta hardt fast. Sitat frå båtbyggar Kai Linde (nordlandsbåt) «Ein lyt slå til det syng». Eg lærte derimot av Harald Dalland å ikkje ta ut ved for å gi rom for åretta, og å være varsam med å sette åretta for hardt. Det er vanskeleg å sjå om åretta er hardt sett fast på gamle båtar. Men på mange av båtane eg har målt opp ser det i alle fall ut til å oftast ikkje vere tatt vekk ved for å gi plass til åretta i bandet då båten vart bygd.

Ei anna tydeleg forskjell er at eg har lært av Nils Olav Solbakken og Harald Dalland at naglen skal gå tregt i bord og band slik at stamma tettar og heng godt fast. Hovudet og åretta er berre til hjelp. Gunnar Eldjarn vil derimot at stamma skal gå litt romt i holet, og at hovudet og åretta skal stå for hold og tetting. Han meiner det då er mindre fare for at bordet sprekk. Hanus Jensen har lært at naglen skal være litt smalare under hovudet enn i leggen/teinen, dette for at naglen skal trekke betre. Alle desse prinsippa verkar for meg vettige, men dei er også motsetningar.

 

13.Korleis vel eg å arbeide med trenaglane til åttringen?

Eg vil prøve å sette trenaglane slik det ser ut til å vere vanleg på oselvarane. Det ser ut til at koninga på naglehovudet ligg på kring 20 graden frå retninga på teinen. Eg synest dette er litt mykje, men heldt meg til dette då det ser ut til å vere brukt her. Eg vel å lage orvedaren/forsenkaren ei aning vidare/større vinkel slik at ytterkanten på naglehovudet ikkje vert for mykje belasta. Forsenkinga skal gå ½- 2/3 delar inn i bordet slik at stamma vil tette holet godt i fall forsenkinga ikkje vert heilt tett. Eg kjem til å sette åretta litt forsiktig i naglen, og la holet til naglen vere rundt heile vegen utan å fjerne ved for å gi ekstra rom for åretta. Då naglane på utsida av båten ser ut til både å ha tilskjært hovud, eller være saga jamt med bordet, vel eg å smi til hovudet før eg slår inn naglen. Eg synest denne løysinga verkar sterkast.

Det ville vore gøy å prøve litt ulike treslag til naglane, med eg heldt meg til furunaglar i band og beter då eg har slikt materiale ferdig tørka. Eg får då også brukt margplanken til noko vettig. Eg har vinterfelt og tørr einer eg håpar å få brukt til naglar i esingane. Åretta vil eg lage av furu yteved frå gamle tre. Dette er hard og god materiale, samstundes som det er materiale ein har liggande igjen etter å ha laga trenaglane. Eg kan ikkje hugse om Harald Dalland hadde noko bestemt meining om kva emneved ein bør ha til åretta. Eg gjer då dette valet med bakgrunn i kva eg har funnet i gamle båtar og kva eg har fått vite av andre båtbyggarar. I tillegg er det emne som er lett tilgjengeleg. Materialkvalitet i åretta varierar mykje på dei gamle båtane eg har sett på. Det ser ikkje ut til å være noko dei har brukt mykje tid og tanke på, ei heller rettninga på årringar i nagle eller åretta.

Eg vel å lage meg to naglasnitt for å dreie ut naglane. Eit for feste av band og betar på kring ¾ ``, og eit for feste av esingar på 5/8 ``. Så lagar eg orvedar som er tilpassa hovudet på trenaglane. Eg kløyver ut nagleemna for best mogleg vedrettnin, og grovhogg emne før eg dreiar det i naglasnittet. Eg har vurdert å smi til naglane med kniv, men landa på at det er verd å lage naglasnitt.  Kanskje eg smir til nokre av naglane berre for å kjenne på forskjellen mellom desse to metodane.

Eg vil avslutte med å sei at eg ikkje har leita etter rett eller gale når det kjem til korleis trenaglar vert laga og brukt. Eg har prøvd å få ei lita oversikt, og sjå mine notat frå Harald og Nils Olav, samt det eg finn på gamle båtar, i lys av korleis andre tenker og jobbar med dette. Eg ser at det er ulike måtar å både lage og bruke trenaglane på i ulike båtar og på forskjellige stader i Norden. Dette ser ut til å fungere bra på kvar sine båttypar.

 

Utforsk bloggen