logo

Overbøre.

Publisert:
17.01.2021

Eg ligg etter med å fortelje korleis det går med åttringen. I november og desember 2020 gjekk eg meg vill i trenaglar, åretta, naglasnitt og emneved. Eg grov meg heldigvis ned i tide, snakka med erfarne trenaglefolk, tok hensyn til emneved og lokale tilhøve, samt tilpassa arbeidet etter evne og forhold. Eg jobba for å skaffe meg nødvendig utstyr for å hjelpe meg sjølv og andre, samt å finne trygge vegval. Omsider kome eg ut i ope terreng, og trur no eg har ei viss forståing for trenaglane til båten slik at eg er klar til å jobbe vidare.

Før eg gjekk meg vill, jobba eg med overbørene. Eg jobba mykje med korleis eg skal fordele under- og overbøre. Både skyting (linja på overkanten av bordet), legg (vinkelen) på omfara og plassering av skaringane må jobbe ilag for at dei to omfara skal fungere som eit børeomfar. Det er også viktig å sjå til at materialane strekk til. Det siste ser ut til å løysast ved at dei hogde underbørene tar mykje av svingen i omfaret. Underbøra må då leggast og skytast slik at dei lange overbøreborda vert strakast mogleg, sjølvsagt utan å gå vekk frå funksjonen under- og overbøra skal ha. Om eg må legge inn sving i overbørene må eg opp i svært dryge bord. Då må eg ha tre som eigentleg er for gamle og stive til å være godt eigna til slike båtar, noko eg vil unngå. For meg er det logisk at båtbyggarar før meg også har tenkt slik, og difor skote underbøra med tanke på å få gode, strake emne til overbøra. Det ser også ut som det har vært ei slik tanke med i bygginga av dei to brugdebåtane som er bevart. Eg måtte skyte om underbøra fleire gonger før eg vart noko i nærleiken nøgd med resultatet.

Bileta under viser prøving, og fastsetting av bak- og fram-overbørene

Eg fekk overbøreborda ganske strake og kunne då legge skaringa omtrent midt i båten. No er eg fri til å bruke tre kortare bord på kvar side i ripeomfaret utan å kome i konflikt med andre skaringar i båten. Det vert lettare å finne god materiale til ripa, og eg kan få «nok båt over slaget», det vil sei at eg kan få høgda og vidde nok på ripebordet i skutane (framme og bak i båten).

 

 

 

Se også

Innved, festemidlar og arbeidsprosess.

26.03.2021

Eg har fundert på om moderne festemidlar som saum, spiker, skruar, og lim i staden for trenaglar, har ført til endringar på innveden i båtane.

Tanker kring den mystiske alnastaven.

15.03.2021

Båtbyggarar har i århundrar støtta seg til alnastaven. Den har vært, og er, både hemmeleg og mystisk, og familiane har halde måla for seg sjølve. Båtbyggarar her i distriktet (Bjørnafjorden) likte ikkje å få augnatjuvar inn i naustet eller verkstaden. Om besøkande vart for lang i blikket, og såg ut til å leite etter alnastavane vart dei gjerne hivne på dør.

klinkeverktøy og klinking

01.03.2021

Eg tenkte å skrive litt om klinkeverktøy, men det er håpløst å skrive om verktøyet uten å sette det inn i arbeidsprosessen.  Verktøyet i seg sjølv er kanskje ikkje særs spennande eller finurlig, og det kjem i fleire variantar, men arbeidet er likevel ikkje "rett fram" og tankelaust.

Trenaglar

14.01.2021

Teknikk ved nagling, produksjon av naglane, materiale, dimensjonar, bruksområd

fakta, historie og litt til.

22.10.2020

Alt heng i hop. I går i dag, og i morgon.