logo

Nye halsar og botn.

Publisert:
30.08.2019

Denne veka har eg jobba med nye halsar. Eg har fått botn i båten og hatt eit givande besøk av fiskar og båtbyggar Nils Olav Solbakken. Han har bygd både større og mindre båtar, både oselvarar og nærliggande tradisjonsbåtar. Vi fekk snakka om skapet (forma) på halsane og kjølrenna. Han hadde også med seg nokre spanande båtdelar frå ein gamal seksæring på 12 1/2 båtalen.

Her er bilde av dei nye halsane. Eg trur eg er inne på eit betre spor og arbeidsgleda og iveren ligg rett rundt neste sving :)

Som bildet under viser har eg no eit anna innløp i halsane og vil truleg klare å lage ein mykje jamnare botn. No byrjar det å bli riktig gøy å gå på jobb og vanskeleg å gå heim. Eg prøver å skape ein botn som lar vatnet følge skroget (både under og langs sida av båten) utan å møte på hindringar. Strake linjer skapar mindre motstand. Då dette vert ein båt på drygt 8 meter burde eg ha godt høve til å klare det utan store problem. Det er likevel alltid ei vurdering av kor tidleg botn skal legge seg ut for å gi bæring i skroget utan å gi slipp på dei strake linjene og innløpet i botn. Gode halsar skal klare desse oppgåvene.

Framhalsane er klare til å settast fast når bakhalsane er ferdige. Bakhalsar og framhalsar må stemmast av for å gi båten eigenskapar framme og bak som høver til kvarandre. Her er det lite faste mål å gå etter anna enn nokre gamle omkved slik som: " framskuten må ta imot for bakskuten", og "børo bere båten". Halsane gir grunnlaget for forma på neste bord som er underbøra, difor må eg tenke på skap og linjer til underbøra når eg jobbar med halsane.

Nils Olav Solbakken har tatt seg tid denne veka til å komme innom for å bidra med sin kunnskap og sine erfaringar som båtbyggar og fiskar. Han jobba i fleire år ilag med Harald Dalland og er frå Austevoll der oselvarane har vært ein viktig del av kvardagen til alle, både folk og dyr.

Han hadde med seg demonterte kjølrenner og ein hals frå ein svært gamal seksæring han bygde kopi av for fleire år sidan. Den gamle båten såg ut til å være bygd av ein særs røynd båtbyggar. Det er ein rekke flotte detaljar og form å studere på dessedelane. Vi fekk også tid til eit lite miniseminar der båtbyggarane og lærlingane på Oselvarverkstden var med å drøfte form, fuknksjon og tekniske løysingar. Her er alle i djup konsentrasjon :).

Bakhalsane.

Jobbar med å stemme dei av til framhalsane. Siktar på linjer og finjusterar form.

Deretter må skaringane (skøyten mellom borda) huggast. Det er smått og jobbe med.

Botn er fast i båten. 

Her har eg spent opp eit hektebord. Det er eit tynt, grovforma bord eg brukar til å sikte linjer og måle ut kva bordbredde eg treng. Eg har laga meg eit "system" der eg hentar mål frå reiset (reisingamål) og legg til eller trekker frå på ymse plassar i båten. Eit godt augamål og justeringar i høve til materiale og kva båten skal nyttast til gjer sjølvsagt at "systemet" er litt romslegt. Systemet byggar på det vi brukar på færingane men er litt justert etter kva eg har sett og lært av oppmålingsarbeidet eg jobba med hausten og vinteren. færingane byggast også etter litt romslege mål og forståinga for sjø og båtbruk, og ein god vurdering av form og linjer (godt augamål) er det viktigaste i bygginga. Eg er svært spent på om dette "systemet" gir meg båten eg tenker på. 

Se også

Innved, festemidlar og arbeidsprosess.

26.03.2021

Eg har fundert på om moderne festemidlar som saum, spiker, skruar, og lim i staden for trenaglar, har ført til endringar på innveden i båtane.

Tanker kring den mystiske alnastaven.

15.03.2021

Båtbyggarar har i århundrar støtta seg til alnastaven. Den har vært, og er, både hemmeleg og mystisk, og familiane har halde måla for seg sjølve. Båtbyggarar her i distriktet (Bjørnafjorden) likte ikkje å få augnatjuvar inn i naustet eller verkstaden. Om besøkande vart for lang i blikket, og såg ut til å leite etter alnastavane vart dei gjerne hivne på dør.

klinkeverktøy og klinking

01.03.2021

Eg tenkte å skrive litt om klinkeverktøy, men det er håpløst å skrive om verktøyet uten å sette det inn i arbeidsprosessen.  Verktøyet i seg sjølv er kanskje ikkje særs spennande eller finurlig, og det kjem i fleire variantar, men arbeidet er likevel ikkje "rett fram" og tankelaust.

Overbøre.

17.01.2021

Eg ligg etter med å fortelje korleis det går med åttringen. I november og desember 2020 gjekk eg meg vill i trenaglar, åretta, naglasnitt og emneved. Eg grov meg heldigvis ned i tide, snakka med erfarne trenaglefolk, tok hensyn til emneved og lokale tilhøve, samt tilpassa arbeidet etter evne og forhold. Eg jobba for å skaffe meg nødvendig utstyr for å hjelpe meg sjølv og andre, samt å finne trygge vegval. Omsider kome eg ut i ope terreng, og trur no eg har ei viss forståing for trenaglane til båten slik at eg er klar til å jobbe vidare.

Trenaglar

14.01.2021

Teknikk ved nagling, produksjon av naglane, materiale, dimensjonar, bruksområd