logo

Ny dag

Publisert:
22.08.2019

Siden sist blogginnlegg har eg jobba med å samle trådene for å komme nærare den båten eg skal bygge. Eg baserar meg på oppmålingane mine, kunnskapen og erfaringa mi frå dei mindre båtane og notat frå Harald Dalland og andre båtbyggarar.

Eg har jobba mykje med å sette meg inn i kva djupna eg treng i båten og dermed kor høgt eg må reise båten. Her ser de reisinga (kjøl,lot og stamn sett saman) til 1/4 modell av åttringen. Eg har vurdert reisingamåla til ymse små og store seksæringar, nokre ladromsbåtar og nokre meir eller mindre gode teikningar og bilder på åttring. Eg har også nokre notat etter Harald Dalland som er til stor hjelp, og eg har kunnskap og erfaring frå dei mindre båtane.

Det er fantastisk kor ein slik handfast modell set fart i tankane. Eg oppdaga allerede då eg start på modellen at det er "haugar og lass" av detaljar og viktige betraktningar eg ikkje merka meg under vinterens oppmålingsarbeid. Det vert meir måling og studering etterkvart. Arbeidet med å bestemme måla på reiset får mykje å sei for skroget, reisingamåla legger grunnlag for dei andre måla i båten.

Modellen vert to meter lang, det er likevel smått og putlete å jobbe med.

Første omfar på båten heiter kjølrenne eller kjølside, alt etter om den er flat eller kvass. Eit omfar er ein heil bordgang på begge sider av båten, heile vegen rundt. Dette omfaret ser ut til å kunne varierast svært mykje etter kva eigenskapar båten skal ha. Variasjonen er stor i dei båtane eg har målt og eg har ikkje klart å sjå noko særleg mønster i det endå. Men eg har funnet nokre notat frå Harald D. som gir meg ei peikepinn på kvar kjølrenna endar og korleis eg skal skyte dei ( forme overkanten) for å oppnå ulike eigenskapar. Midtbredda på kjølrenna er også eit av måle som ofte er merka på alnastaven. Dette kan tyde på at målet ikkje vert henta frå andre plassar i båten, men berre må hugsast.

Forma og vinkelen på kjølrenna legg føringar for korleis eg må/kan forme halsane og botn som er neste omfar. Små justeringar vert ført vidare oppover i skroget og vil som regel forsterkast. Det er difor lettare å sjå ufasong og dårlege eigenskapar når eg har kome litt for langt i bygginga til at det er kjekt å rive ned igjen. På ein modell er det i alle fall litt lettere å mote seg på riving. 

Harald Dalland var klar på at når kjølrenna står fast i kjølen vert den rekna med som kjøl. ei av oppgåvene til kjølrenna er å styrke kjølen. Eg trur også begrepet kjølrenne har mykje å sei for kvar eg finn måla for resten av bygginga og korleis eg må tenke i skapinga ev båten. 

Eg synest arbeidet den siste tida har gått både smått og trått. Eit steg fram og to tilbake. Bygge opp å rive ned. Eg veit ofte ikkje heilt kvar eg er på veg.  Modellen har no fått namnet "NY DAG".

Du skal få ein dag i måro, som rein og ubrukt står.....

Se også

Innved, festemidlar og arbeidsprosess.

26.03.2021

Eg har fundert på om moderne festemidlar som saum, spiker, skruar, og lim i staden for trenaglar, har ført til endringar på innveden i båtane.

Tanker kring den mystiske alnastaven.

15.03.2021

Båtbyggarar har i århundrar støtta seg til alnastaven. Den har vært, og er, både hemmeleg og mystisk, og familiane har halde måla for seg sjølve. Båtbyggarar her i distriktet (Bjørnafjorden) likte ikkje å få augnatjuvar inn i naustet eller verkstaden. Om besøkande vart for lang i blikket, og såg ut til å leite etter alnastavane vart dei gjerne hivne på dør.

klinkeverktøy og klinking

01.03.2021

Eg tenkte å skrive litt om klinkeverktøy, men det er håpløst å skrive om verktøyet uten å sette det inn i arbeidsprosessen.  Verktøyet i seg sjølv er kanskje ikkje særs spennande eller finurlig, og det kjem i fleire variantar, men arbeidet er likevel ikkje "rett fram" og tankelaust.

Overbøre.

17.01.2021

Eg ligg etter med å fortelje korleis det går med åttringen. I november og desember 2020 gjekk eg meg vill i trenaglar, åretta, naglasnitt og emneved. Eg grov meg heldigvis ned i tide, snakka med erfarne trenaglefolk, tok hensyn til emneved og lokale tilhøve, samt tilpassa arbeidet etter evne og forhold. Eg jobba for å skaffe meg nødvendig utstyr for å hjelpe meg sjølv og andre, samt å finne trygge vegval. Omsider kome eg ut i ope terreng, og trur no eg har ei viss forståing for trenaglane til båten slik at eg er klar til å jobbe vidare.

Trenaglar

14.01.2021

Teknikk ved nagling, produksjon av naglane, materiale, dimensjonar, bruksområd