logo

Mjuke skrog.

Publisert:
11.02.2020

Eg har i vekene etter nyttår jobba med å få klart eit lokale/skur eg kan bygge båten i. Det har tatt tid å tilrettelegge i skuret og frakte materialar og verktøy/utstyr fra Os til Hordamuseet på Stend. Det er der eg får låne lokale. Eg har også jobba litt i skogen med å få dei siste to stokkane eg treng til båten. Undervegs i dette arbeidet har eg fundert over kva som gjer mjuke skrog sterke nok til å tåle dei belastningane dei vert utsatt for. I dette inlegget vil eg prøve å skrive/vise det eg funderar på.

Arbeidet med båten startar først i hovudet, så i skogen. Om båten skal bli tålig, må tømmeret være av rett kvalitet, og arbeidet med saging og tørking må være riktig.

Barken på bordstokken skal være lysebrun/raudleg og småskjella, stamma får ikkje være for mykje vridd ( fibrane inni), og det får ikkje være noko særs med spenningar i stokken. Dette, samt fleire kvalitetar er slikt båtbyggaren må sjå utapå treet og i trekrona, veksttilhøva på staden, himmelretning, med meir. Temperatur og årstid har også stor innverknad på kvaliteten til dei ferdige materialane. Trea  skal være modne, mjuke, fleksible og seige, dei må ha god spenst. Dette er eigenskapar som gir styrke til skroget om dei vert utnytta på rette måten. 

Det er også svært viktig at stokken blir saga etter margsprekka. Alle tre har ei svakheit gjennom margen og ut på kvar side. Denne opninga i stokken gjer stamma meir bøyeleg og tar opp i seg dei ulike spenningane i stokken. Denne svakheita i stamma må sagast vekk då stokken blir til båtbord slik at ikkje båtborda har denne svakheita i seg. Om trea ikkje hadde margsprekk ville stamma måtte ta ut spenningar, trykk og strekk på anna måte. Dei ville då truleg sprekke opp frå utsida og innover i stokken.

Emne til band og beter (innved/spant) må sjølvsagt også ha rette kvaliteten. Der er det litt andre teikn å sjå etter. Dette har eg skrive litt om tidlegare i bloggen.

Etter at trea er vurdert og emna henta frå skogen og saga og tørka på beste vis, kan bygginga ta til.

Eit av dei viktige prinsippa i bygging av oselvar er at det skal være litt stivare materiale framme i båten enn bak. Båten skal med andre ord være lausare i bakskuten enn i framskuten. Dette er viktig fordi båten skal ta imot belastningar framme og sleppe dei laus bak. Emna som bygger opp skroget skal jobbe saman for å oppnå dette. Framborda skal ha litt stivare kvalitet enn bakborda. Esingane (ligg på øverste kanten på innsida av øverste bordgangen)  skal ligge med rotenden fram i båten. Dette fordi rotved er stivare enn toppved ( med meir). Om skroget ikkje klarar å føre kreftane bakover og ut , vil dei stoppe ein plass i skroget og her vil båten etterkvart sprekke/ knekke/gå sund. Styrken i det mjuke og fleksible skroget er at kreftane som påverkar båten blir tatt opp, fordelt og slept laus. 

God kontakt mellom esing og rong gjør at belastningar både framifrå og frå siden blir fordelt til begge sider av skroget. Når båten er lausare/mjukare bakover er det den veien kreftene vil gå. Om det er oppstått stivare område bakover, vil belastningane stoppe der ,eller bli sendt framover igjen og svakheiter oppstår.

For at skroget skal tåle bevegelsene må tilpassingane mellom dei ulike delane båten er bygd opp av være gjennomtenkt. Nokre plassar skal det tilpassast stramt, andre plassar må det tilpassast laust. Eit slikt eksempel er tilpassinga av beter ( tverrskips avstiving/kraftoverføring). På bildet over er det eit underband som kjem opp frå venstre hjørne, bandet stoppar i beten som er satt saman med ein leist som går oppover ripebordet. Her er det viktig at beten ligg godt på bandet, men er felt (tilpassa) laus til børebordet. Deretter skal leisten være felt stramt på øverste delen av børebordet der det får støtte av sua til ripebordet. Dette viset å felle innved økar holdbarheten til børebordet, fordelar kreftene og hindrar at børebordet sprekk opp i punktet der beten landar i bordet.

På same vis vil gode tilpassingar og vinklar mellom kanet i stamnen og ripebordet være med på å ta opp og fordele belastningar i fleire rettningar. Dette bilde viser også at kanet ikkje er ei lita "snipp" som står aleina, men den har støtte frå diagonalen på stamnen. 

Dette er prinsipp å jobbe utfrå som gjer det mogleg å bygge lette, mjuke og tålige båtar. Dette er sjølvsagt berre nokre få, konkrete eksempel. Men eg håpar tankesettet kjem fram gjennom eksempla. Kvar enkelt del har fleire oppgåver å fylle. Om kvar del er laga/tilpassa riktig og tar sin del av jobben, vert delane til ein sterk og tålig heilskap, sjølv om kvar enkelt del er for smekker til å klare jobben aleine.

Se også

Innved, festemidlar og arbeidsprosess.

26.03.2021

Eg har fundert på om moderne festemidlar som saum, spiker, skruar, og lim i staden for trenaglar, har ført til endringar på innveden i båtane.

Tanker kring den mystiske alnastaven.

15.03.2021

Båtbyggarar har i århundrar støtta seg til alnastaven. Den har vært, og er, både hemmeleg og mystisk, og familiane har halde måla for seg sjølve. Båtbyggarar her i distriktet (Bjørnafjorden) likte ikkje å få augnatjuvar inn i naustet eller verkstaden. Om besøkande vart for lang i blikket, og såg ut til å leite etter alnastavane vart dei gjerne hivne på dør.

klinkeverktøy og klinking

01.03.2021

Eg tenkte å skrive litt om klinkeverktøy, men det er håpløst å skrive om verktøyet uten å sette det inn i arbeidsprosessen.  Verktøyet i seg sjølv er kanskje ikkje særs spennande eller finurlig, og det kjem i fleire variantar, men arbeidet er likevel ikkje "rett fram" og tankelaust.

Overbøre.

17.01.2021

Eg ligg etter med å fortelje korleis det går med åttringen. I november og desember 2020 gjekk eg meg vill i trenaglar, åretta, naglasnitt og emneved. Eg grov meg heldigvis ned i tide, snakka med erfarne trenaglefolk, tok hensyn til emneved og lokale tilhøve, samt tilpassa arbeidet etter evne og forhold. Eg jobba for å skaffe meg nødvendig utstyr for å hjelpe meg sjølv og andre, samt å finne trygge vegval. Omsider kome eg ut i ope terreng, og trur no eg har ei viss forståing for trenaglane til båten slik at eg er klar til å jobbe vidare.

Trenaglar

14.01.2021

Teknikk ved nagling, produksjon av naglane, materiale, dimensjonar, bruksområd