logo

klinkeverktøy og klinking

Publisert:
01.03.2021

Eg tenkte å skrive litt om klinkeverktøy, men det er håpløst å skrive om verktøyet uten å sette det inn i arbeidsprosessen.  Verktøyet i seg sjølv er kanskje ikkje særs spennande eller finurlig, og det kjem i fleire variantar, men arbeidet er likevel ikkje "rett fram" og tankelaust.

Verktøya til klinking av båtsaum kan variere litt etter korleis ein er lært opp og kva tradisjon ein jobbar i. Eg nyttar klinketeksle, jernbittartang eller hovtang og pen- eller kulehammar til klinkearbeidet, oftast penhammar til jernsaum og kulehammar til den mjukare koparsaumen.

Klinking steg for steg.

  1. Eg borrar hol for saumen. For å få god vinkel på holet siktar eg boret 90 grader på bordet under. Eg borar som regel frå innsida av båten, men om det er for trangt o kome til kan eg også bore frå utsida. Holet skal vere så romt at eg nesten kan trykke saumen heilt inn med tommelen. Om saumhola er for små kan bordet etter kvart sprekke opp i saumrekka.
  2. Når saumrekka er bora opp sett eg i saumen slik at den står klar til å få sett på rø.
  3. Roa vert slått på med at holet på klinketeksla står som mothold på roa når eg slår inn saumen frå utsida.
  4. Når roa står godt ned på bordet tar eg tanga og knip rundt saumen heilt nede ved roa, eg pressar tanga ned mot roa, knip til og slår nokre gode slag på saumhovudet. På denne måten set eg saumen betre fast og trekker borda godt saman og roa får jobbe. Det er ikkje tilfeldig at roa er skåla, saum og rø skal ikkje berre halde borda saman, sauminga og klinkinga skal også aktivt trekke borda tettare saman.
  5. Når saum og roe er sett godt og trekt til, knip eg av saumen på innsida. Om det er grov/hard saum knip eg halve saumen og vrir han av med tanga, så klinkar eg med pen eller kule. Då heldt eg teksla på saumhovudet som mothold, ikkje for hardt og ikkje for laust. Eg lyttar etter rette lyden, og når "saumen syng", veit eg at eg har rett mothold og vinkel på slaga. Eg tenker meg ei bein line mellom hammarslaga, saumstamma og inn i motholdet. Den fine etterklangen (ei tynn, lys tone) etter slaga fortel at saumen dreg riktig. Mjuk saum har djupare etterklang, og koparsaum har lite etterklang og er litt vanskelegare å «tone inn» synest eg.  Er det ein dump lyd utan fin etterklang er det noko som ikkje er rett. Det kan vere feil vinkel på slaga eller motholdet, saumen er ikkje sett godt nok eller den kan vere bøygd mellom borda.
  6. Når saumen er klinka og har trekt fint er det kvasse kantar på innsida, dei vil eg pusse vekk. Dette var særs viktig arbeid i den tida båtane vart nytta til fiske og livberging. Kvass saum inni båten gjorde at bruket hang seg fast og slitna, det var også farleg om bruket hang seg fast i dårleg vær. Det er heller ikkje spesielt stas å rive opp fingertuppar eller bare føtter på desse saumane i våre dagar. Eg tar tanga og dreg av dei kvasse og overflødige kantane. Etter det pyntar eg saumen med flatsida på pen- eller kulehammaren.

Bilde 1.

bilde 2, 3.

bilde 4.

bilde 5.

bilde 6.

For å få saum og rø til å jobbe godt, er det betre med mange lette slag med hammaren og laust mothold, heller enn hardt mothold og få men harde slag. Det er også viktig med laust grep om hammaren slik den får gå utan at handledd, alboge og skulder må jobbe unødig hardt. Det er også fint om klinketeksla er tilpassa handa slik at tommelen kan nyttast til støtte og styre når ein heldt imot på klinking. Olje eller lakk på skaft er ei uting og må siklast vekk før verktøyet er brukbart, eg siklar også over skafta om dei er blitt for feite av tjøre/olje eller handfeitt 😉.

Teksla treng ikkje være for tung og hammaren kan godt være lett. Klinkbåtbyggaren får masse mengdetrening i dette arbeidet ;) 

 

Se også

Innved, festemidlar og arbeidsprosess.

26.03.2021

Eg har fundert på om moderne festemidlar som saum, spiker, skruar, og lim i staden for trenaglar, har ført til endringar på innveden i båtane.

Tanker kring den mystiske alnastaven.

15.03.2021

Båtbyggarar har i århundrar støtta seg til alnastaven. Den har vært, og er, både hemmeleg og mystisk, og familiane har halde måla for seg sjølve. Båtbyggarar her i distriktet (Bjørnafjorden) likte ikkje å få augnatjuvar inn i naustet eller verkstaden. Om besøkande vart for lang i blikket, og såg ut til å leite etter alnastavane vart dei gjerne hivne på dør.

Overbøre.

17.01.2021

Eg ligg etter med å fortelje korleis det går med åttringen. I november og desember 2020 gjekk eg meg vill i trenaglar, åretta, naglasnitt og emneved. Eg grov meg heldigvis ned i tide, snakka med erfarne trenaglefolk, tok hensyn til emneved og lokale tilhøve, samt tilpassa arbeidet etter evne og forhold. Eg jobba for å skaffe meg nødvendig utstyr for å hjelpe meg sjølv og andre, samt å finne trygge vegval. Omsider kome eg ut i ope terreng, og trur no eg har ei viss forståing for trenaglane til båten slik at eg er klar til å jobbe vidare.

Trenaglar

14.01.2021

Teknikk ved nagling, produksjon av naglane, materiale, dimensjonar, bruksområd

fakta, historie og litt til.

22.10.2020

Alt heng i hop. I går i dag, og i morgon.