logo

Kjølrenna

Publisert:
24.05.2020

Eg har endeleg fått satt igang med båtbygginga etter to månader med heimeskule for ungane. Emna til kjølrenna har stått laust på kjølen heile denne tida, og berre venta på å bli sikta inn og tilpassa.

No har eg satt kjølrenna og skote rundt omfaret.

Eg har undra ein del over korleis skytinga og legget på kjølrenna må være for å legge grunnlag for  ein høveleg botn.

Kan hende det vert litt repetisjon i dette blogginlegget, det trengst ofte for å komme igang igjen :)

Eg har teikna opp midtseksjonen av båten. Dette er basert på modellen og dei målereglane eg har sett meg opp med bakgrunn i oppmålingane av båtar førre år, samt målereglane for færingar. Deretter studerte eg legget på alle borda på midten. Eg har valt å trekke inn kjølrenna vesentleg frå slik den står på modellen. Modellen vart for feit ( etter Harald Dalland sine lengde/bredde- mål på åttring) og kjølrenna vart heller flat. Eg er nokolunde nøgd med legget på børene og ripa ( trur eg), og det naturlege vert då å slanke båten på kjølrenna. Dette vil få konsekvensar for halsar og botnabord, i positiv retning trur og håpar eg.

Val av emne. Her vil eg nytta bord som er tatt ut litt for nær margen til å bli gode, breie bord. til kjølrenna kløyvar eg bordet og bruker sidene. Då får eg bortimot ståande årringar i kjølrenna. 

Eg har valt å dimensjonere kjølrenna for hand med skrubbhøvel og pusshøvel. Eg synest det gjer det lettare å tenke form heller enn effektivitet. Det er også fort å velje ein enklare fasong ved bruk av elektrisk verktøy, då plane flatar og rette vinklar høver betre til slikt verktøy. I alle fall vert det slik for meg 😊.

På framlotet vert kjølrenna satt ned i ei halvsponing. Dette blir gjort for å avlaste lot og reksaum ved til dømes landsetting. No vil lotet støtte seg på skroget oppover. Dette er ei detalje eg ikkje har sett på andre oselvarar, med Harald Dalland fortalde at dei kunne gjøre det slik på åttringar og ladromsbåtar. Eg har her prøvd å følge Harald sin forklaring på korleis det skal være. 

Slik vart det sjåandes ut. Det er svært viktig med god tilpassing her, ellers vil ikkje halvsponingen gjere jobben sin. 

Det er ikkje lett å sjå at ein båt er bygd med halvsponing utan å demontere litt.

På legget på kjølrenna har eg no gått ut frå ca. 45 grader utlegg i høve til kjølen midt i båten. Dette ser ut til å være  «innafor normalen» på seksæringar (det er store variasjonar på kjølrenna). Med dette ser det også ut til at eg kjem i mål med grei bredde og djupna på ferdig båt. Framover og bakover har eg satt opp kjølrenna på augemål og leita etter grunnlag for godt strekk i botn, samt godt og balansert innløp og slepp. Ser også etter jamn og god overgang til halsar og botnabord.

Leitar etter strake fine linjer for Botn.

Då er eg klar til å sette i gong med halsane og botnabordet. No byrjar det sjå ut til å kunne bli noko :) 

 

Se også

Innved, festemidlar og arbeidsprosess.

26.03.2021

Eg har fundert på om moderne festemidlar som saum, spiker, skruar, og lim i staden for trenaglar, har ført til endringar på innveden i båtane.

Tanker kring den mystiske alnastaven.

15.03.2021

Båtbyggarar har i århundrar støtta seg til alnastaven. Den har vært, og er, både hemmeleg og mystisk, og familiane har halde måla for seg sjølve. Båtbyggarar her i distriktet (Bjørnafjorden) likte ikkje å få augnatjuvar inn i naustet eller verkstaden. Om besøkande vart for lang i blikket, og såg ut til å leite etter alnastavane vart dei gjerne hivne på dør.

klinkeverktøy og klinking

01.03.2021

Eg tenkte å skrive litt om klinkeverktøy, men det er håpløst å skrive om verktøyet uten å sette det inn i arbeidsprosessen.  Verktøyet i seg sjølv er kanskje ikkje særs spennande eller finurlig, og det kjem i fleire variantar, men arbeidet er likevel ikkje "rett fram" og tankelaust.

Overbøre.

17.01.2021

Eg ligg etter med å fortelje korleis det går med åttringen. I november og desember 2020 gjekk eg meg vill i trenaglar, åretta, naglasnitt og emneved. Eg grov meg heldigvis ned i tide, snakka med erfarne trenaglefolk, tok hensyn til emneved og lokale tilhøve, samt tilpassa arbeidet etter evne og forhold. Eg jobba for å skaffe meg nødvendig utstyr for å hjelpe meg sjølv og andre, samt å finne trygge vegval. Omsider kome eg ut i ope terreng, og trur no eg har ei viss forståing for trenaglane til båten slik at eg er klar til å jobbe vidare.

Trenaglar

14.01.2021

Teknikk ved nagling, produksjon av naglane, materiale, dimensjonar, bruksområd