logo

Innved, festemidlar og arbeidsprosess.

Publisert:
26.03.2021

Eg har fundert på om moderne festemidlar som saum, spiker, skruar, og lim i staden for trenaglar, har ført til endringar på innveden i båtane.

På båtar i nyare tid er arbeidet forenkla ein del. Det har pågått ei generell forenkling og rasjonalisering av bygginga utover på 1900 talet. Båtbyggarar går mellom anna over til saum, spiker, og skruer som festemiddel for innved (band, beter, betaleist, renger, esing..). Overgang til nye festemidlar har truleg ført til endringar i utforminga av emna, dimensjonar og byggeprosess.

Her vil eg skildre nokre av endringane som har oppstått på bakgrunn av overgang til nye festemidlar og metodar.

Bredda på band og beter har minka med kring ¼```` `tomme på færingane. Dette heng saman med at holet for saumen er mindre enn holet for trenaglen, det vert då rikeleg med ved på kvar side av saumholet, sjølv om innveden er smalare. Ein gamal regel seier at banda skal være 3 x diameteren på naglen + litt til. Båtbyggaren må også vurdere kvaliteten på emnet og evt. Justere dimensjonen litt etter det. No for tida nyttar vi saum, og dimensjonering av innved i oselvarbygging går meir på faste mål utfrå kva vi er vand med. Endra dimensjon på innved gir dagens oselvarar eit litt anna utrykk.

Eg og dei andre båtbyggarane på Oselvarverkstaden hadde ein kort fagdag på Hordamuseet torsdag 11. mars 2021. Der gjekk eg gjennom arbeidet med åttringen så langt. Ein av tinga vi snakka om var forma på underbanda på åttringen. Forma på dei er annleis enn eg er vand med, men dei er laga ut frå kva eg har sett på eldre, litt store oselvarar, samt tilgrensande båttradisjonar. Den største forskjellen er avsluttinga av bandet mot beten. Vi som bygger i dag er vand med å tynne ned banda i endane så mykje som mogleg utan at det vert for svakt. Det skal være smekkert, og sjå endå smekkrare ut. Men på båtane eg kan samanlikne åttringen med er banda jamnhøge og ikkje tynna ned. Etter å ha sett på båtar på museet og fundert litt, vart vi einig om at forma på banda eg har laga til åttringen ser riktig ut, i høve det vi har av kjelder. Stig Salbu Henneman kom også med ein teori om noko av bakgrunnen for at forma på banda har blitt endra. Den kraftige tynninga vi har på avsluttinga av banda i dag kan ha oppstått etter at jernsaumen vart tatt i bruk som festemiddel. Det er ikkje mogleg å tynne på dette viset når det skal nyttast trenaglar. Det vert for lite ved igjen i bandet til at det toler belastninga når trenaglen vert kila fast. Teorien stemmer med det vi kunne finne i båthallen på Hordamuseet, og for meg verkar det rimeleg. Eg vil gjerne ta tankane med meg vidare å sjå litt meir på spørsmålet framover.

Bilde under viser underband på åttringmodellen. Her har eg tynna høgda i endane slik eg er opplært til når eg nyttar saum i banda. Her har eg berre jobba på gamal vane. Det var først etter at modellen var ferdig eg såg nærare på korleis banda må være når eg skal nytte trenaglar. 

Ein anna detalj som har endra seg med nye festemidlar er betaleisten. Etter at saum, lim, spiker, og skruar tok over for trenaglane har skøyten mellom bete og betaleist krympa svært mykje. På båtar der betaleisten er festa med to trenaglar og gjerne to små spiker for å halda nede enden, er skøyten gjerne 19``````-21`` tomme, og nokre gonger lenger. Når skøyten er både limt, klinka og skrudd er det ikkje uvanleg at skøyten er nede i 13- 14`` tomme. Det siste gjer det sjølvsagt enklare å finne emne.

Første bilde under viser nyare seksæring med klinka og skrua betaleistar, neste bilde visar gamal seksæring med betaleist festa med trenaglar.

Leistane på midtbeten på seksæringar var i eldre tid stort sett felte over innsida av esingane. Etter overgangen frå råsegl til sprisegl ser ein på spriseglrigga båtar i staden seglingaokar ved frambandet som er felte over innsida på esingane. Kjell Magnus Økland (historikar, seglar og forfattar av boka «Oselvar, den levande båten) meiner det er naturleg å sjå desse to detaljane i samanheng med overgangen frå råsegl til sprisegl, båe løysingane vil nemleg gje esinga litt auka styrke der riggen står plassert i båten.

Første bilde under visar midtband på ein seksæring der leistane er felt over esingane, neste bilde viser ein færing med siglingaokar framom frambeten.

Betane der leisten stoppar oppunder, eller under, esinga er på eldre båtar sett saman med to trenaglar som er kila på undersida. Dei vert nagla saman før beten vert festa i båten. Desse betane er felt på plass i båten før esingane kjem i. På bakbeten kan den eine naglen stå att under beten utan åretta, denne er truleg spart som festepunkt for tau til seglet. 

Betane med leistar som går over esinga, er derimot nagla sama når dei vert festa i båten. Naglane på desse kan ikkje kilast frå undersida, då det ikkje er råd å komme til med verktøy. Desse betane er i felt på plass i båten etter at esingane er kome i. Problemet med å få nagla betaleisten til beten utan å komme til med åretta på undersida er løyst med at trenaglane er slått i på skrå vekk frå kvarandre. 

Første bilde under viser nagle som står på skrå, neste bilde viser at naglane som festar betaleist til bete (dei som går over esingane) er satt fast utan åretta.

På laromsbåtane kan betane framom og bakom larommet ha leistar som går over esingane, men dei opne banda i larommet stoppar oppunder esinga.

Eg har også ein enkelt gong sett ein eldre havfæring der leistane på midtbeten er felt over esinga, men det ikkje vanleg at så små båtar har slik forsterking. I alle fall ikkje i nyare tid, og etter kva eg kjenner til. Det er raskare og enklare slik det vanlegvis vert gjort i dag når alle betane vert satt fast før esingane kjem i. Så vert ripe/esing berre forsterka med ei ekstra, lita oke i etterkant. 

Eg er usikker på kva innverknad overgongen til lim, saum, og skruer i bete og betaleist har å sei for båten. Forma og lengda på betaleisten er i alle fall blitt endre, det same er arbeidsprosessen med å felle til og sette fast betane. Skøyten er mindre fleksibel enn den med to trenaglar til samanbinding. Dette kan sjølvsagt ha innverknad på fleksibiliteten i skroget, og korleis båten handterar trutning og tørking.

Ein anna detalj som har endra seg er innfellinga av leisten i esinga. Leistane på midtebeten på eldre seksæringar går ikkje berre over esingane, dei er også felt inn i esinga. I tillegg er trenaglen øvst på leisten snudd med hovudet inn i båten og åretta på utsida. Dette var ei av sakene vi snakka om på den tidlegare nemnde fagdagen. Kva funksjon har denne innfellinga og kvifor er naglen satt i «feil» veg? Det er ikkje noko vi gjer på seglingaokane i dag, dei vert ikkje felt inn i esinga, men berre skrudd fast med to skruer. Fleire teoriar vart lagt fram, og vi vart raskt einige om at naglen er snudd for å unngå at emnet gir seg i lengderettning når åretta skal på plass. Innfellinga derimot lurte vi meir på og praten gjekk litt fram og tilbake. Heldigvis har vi ein oppegåande lærling ved namn Nis Kristian Nielsen med på laget, han fremma tanken om at innfellinga er der for å støtte sidene på leisten og unngå at den sprekker i bredderettning på grunn av naglen. Altså at innfellinga og det at naglen er snudd jobbar ilag for å bevare leisten heil og sterk i alle rettningar den vert belasta av naglen. Ganske logisk og enkelt kanskje, men når vi ikkje er vant til å jobbe med trenaglar, og heller berre skrur og klinkar, så har vi det ikkje «inne» og enkle ting kan virke vanskelege.

 

 

 

Se også

Tanker kring den mystiske alnastaven.

15.03.2021

Båtbyggarar har i århundrar støtta seg til alnastaven. Den har vært, og er, både hemmeleg og mystisk, og familiane har halde måla for seg sjølve. Båtbyggarar her i distriktet (Bjørnafjorden) likte ikkje å få augnatjuvar inn i naustet eller verkstaden. Om besøkande vart for lang i blikket, og såg ut til å leite etter alnastavane vart dei gjerne hivne på dør.

klinkeverktøy og klinking

01.03.2021

Eg tenkte å skrive litt om klinkeverktøy, men det er håpløst å skrive om verktøyet uten å sette det inn i arbeidsprosessen.  Verktøyet i seg sjølv er kanskje ikkje særs spennande eller finurlig, og det kjem i fleire variantar, men arbeidet er likevel ikkje "rett fram" og tankelaust.

Overbøre.

17.01.2021

Eg ligg etter med å fortelje korleis det går med åttringen. I november og desember 2020 gjekk eg meg vill i trenaglar, åretta, naglasnitt og emneved. Eg grov meg heldigvis ned i tide, snakka med erfarne trenaglefolk, tok hensyn til emneved og lokale tilhøve, samt tilpassa arbeidet etter evne og forhold. Eg jobba for å skaffe meg nødvendig utstyr for å hjelpe meg sjølv og andre, samt å finne trygge vegval. Omsider kome eg ut i ope terreng, og trur no eg har ei viss forståing for trenaglane til båten slik at eg er klar til å jobbe vidare.

Trenaglar

14.01.2021

Teknikk ved nagling, produksjon av naglane, materiale, dimensjonar, bruksområd

fakta, historie og litt til.

22.10.2020

Alt heng i hop. I går i dag, og i morgon.