Berit Osmundsen

fakta, historie og litt til.

Publisert: 23. okt. 2020

Alt heng i hop. I går i dag, og i morgon. 

Ymse storleikar.

Storleiken på oselvaren er nemnde i al. Båtalen tilsvarar kring 55 cm, alna er delt i 21 dansk/norske tomme eller 20 gamle norske tomme. Båtane vert bygde per ¼ alen. Både dansk alen på 24 `` og norsk/båtalen på 21 `` var i bruk samstundes i fleire hundre år. Så seint som på 1980 talet handla båtbyggarane i Bjørnafjordsområdet tømmer på 24 `` alen og bygde båt på 21`` alen.

Bilde over. alnastavar til ymse storleik av seksæringar.

Dei minste båtane er Æringane. Dei har eit par årar og vert bygd frå 7 ½ alen til 9 alen. Deretter kjem Færingen som er mest kjend i våre dagar. Dei har to par årar og vert bygd frå 9 alen til 11 alen. Æring og færing har som regel tre bordgonger i kvar side, tre omfar. Så har vi seksæringane med tre par årar, dei vert bygd frå 11 alen til 13 alen. Små seksringar kan være bygd med tre omfar, men frå 11 ½ alen er det som oftast lagt til kjølrenne. Åttringane har fire par årar og vert bygd frå 12 ½ alen til 14 alen. Dei små åttringane vert bygd med kjølrenne og tre omfar, men dei større vert bygd med kjølrenne og fire omfar. Så til sist kjem laromsbåten, det er lastebåten. Den vert bygd frå 12 ½ alen opp til 18 alen. Dei kan ha frå to til fire par årar, der det er ein roplass bak i båten, så er det eit ope rom til last, og deretter ein til tre roplassar framme i båten. Dei har gjerne skvettbord over ripa og frå 15 alen får dei kjølrenne eller kjølsider og fem omfar. Laromsbåtane er ofte både djupare og breiare enn dei andre båtane sjølv om dei kan ha same lengda.

Bilde over. Seksæring bygd av Harald Dalland.

Bilda over. Brugdebåt frå Ågotnes, står på Hordamuseet.

 

 

Bruksområde.

Båtane vart før brukt til alle oppgåver som hadde med sjøen å gjere, ymse fiskeri, transport av folk og fe, frakt av varer og anna gods og sanking. Det vart jakta både kval, brugde, sjøfugl og sel frå båtane. Dei større båtane vart brukt på fiske etter sild nord til Kinn og sørover til Haugesund. Det var også vanleg å ro til havs på fiske, der dei kunne ligge stille å fiske eit døgn eller meir før dei rodde heim att.

Bilda over. Seksæring ombygd til liten laromsbåt. Fjell kystlag.

I boka Austevollsoga, Kultursoge 1 er det referert til skiftebrev frå Møkster sokn frå 1600 og 1700 tala. Det ser der ut til at fleire gardar eig åttring og nøter/bruk til båtane, men utover  1700 talet går åttringen meir og meir ut som havfiskebåt. Ein teori er at dette har samanheng med jordskifte og at gardane vert delt i mindre bruk som dermed ikkje har mannskap eller resursar til så stor båt. Det gjer at seksæringen tek over som havfiskebåt samt båt til fiske lengre vekke frå heimstaden. Det er også uår og dårleg sildeinnsig dei siste 15 åra av 1600 talet og uår og krig dei første 20 åra av 1700 talet. Befolkninga er hardt tynt og resursane knappe.

På siste halvdel av 1700 talet startar det store brugdefisket i området. Dette er det også skrive om i Austevollsoga. Det vert meir velstand blant folk på grunn av brugdefisket. Også folk med lite å rutte med kan delta på dette lønnsame fiskeriet, då det går føre seg på seinsommaren i stille og godt vær, og reiskapen, utanom båten, er berre ein skutel/harpun og ei god og lang line. Det kan sjå ut til at mange av åttringane som framleis står rundt om på gardane vert dregne fram og bygd om til brugdebåtar i denne perioden

Det store brugdefisket står på i ei hundreårsperiode og det vert bygd nye båtar som er noko meir spesialbygde som brugdefangstbåtar. Då brugda så å seie er oppfiska på 1850 talet vart mange av brugdebåtane ombygde til storebåtar og deltok på notfiske. Dette gjer at eg trur det framleis kan være råd å finne spor av åttringen i dei eldste storebåtane som er bevart i dag.

Noreg er for det meste ei lang kystline frå sør til nord samt djupe fjordar og bratte, uframkomelege fjell. Båten har vært heilt avgjerande for både livberging, forflytting og utvikling i vårt lange og kronglete landskap. Når eg no står og bygger tradisjonell trebåt i våre dagars overflod og velstand, kan det være svært vanskeleg å forstå ein del av prinsippa som ligg i byggetradisjonen. Fleire av dei tekniske løysingane både i skrog og rigg, samt materialval med meir, tuftar på ei svært god utnytting av resursane dei hadde til rådvelde i ei anna tid.  Eg må prøve å setje meg inn i, og sjå føre meg historia og tilhøva som har skapt båten slik vi ser den i dag. Ut ifrå historia og eigne erfaringar kan eg jobbe med å forstå handverket mitt og dei byggtekniske løysingane eg jobbar med betre. På same vis er det håplaust å begripe dagens samfunn utan å ha noko kunnskap om vegen fram til slik det ser ut i dag.

For meg er mitt arbeid som båtbyggar personleg givande, men det er også ein del av å sette dagens tilvære inn i ei større samanheng og ikkje gløyme at ting vert ikkje til av seg sjølv. Verda endrar seg, nokre gonger i raskaste laget, andre gonger for seint. Uansett går liva våre vidare og kunnskap om både god og gale frå fortida er med på å skape framtida.

 

 

 

 

 

Utforsk bloggen