Berit Osmundsen

Endeleg oppstart på åttringen.

Publisert: 9. des. 2019

No har eg  endeleg kome igang med å bygge åttringen. Lokale eg skal bygge båten i på Hordamuseet er snart ledig, og det er ikkje lenge før eg kan begynne å reise båten der. Eg jobbar med delane til reiset til åttringen på Oselvarverkstaden og vil sette kjøl, lot og stamn saman på Hordamuseet like over nyttår. 

Til skantane til lot og stamn har eg brukt modellen som utgongspunkt. Men eg har i tillegg brukt den kunnskapen eg har fått gjennom arbeidet med modellen, og dei båtane eg har målt og sett etter at eg starta på modellen. Den fullskala åttringen vert såleis ikkje ein oppskalering av modellen, men modellen er utgongspunkt for endringane eg gjer no då eg bygger fullskala båt.

Eg har lært mykje under arbeidet med dette prosjektet så langt og vil justere åttringen etter det eg har lært undervegs. 

Bilde under: Skantar til lot og stamn.

Lokal eik av litt varierande kvalitet. Eg har bestemt meg for å bruke lokale råvarer så langt det lar seg gjøre. Eg meiner det er viktig å bruke det materiale det er tilgong på lokalt og lære seg å utnytte tilgjengeleg kvalitet heller enn å importere toppkvalitet langvegsfrå. Materialkvalitet legg føringar for mange av vala båtbyggaren må gjere under arbeidet med båten. Båtbyggaren skapar båten, men må likevel spele på lag med dei tilgjengelege emna. Slik har det alltid vært, og eg tenker at om eg skulle bestille inn topp kvalitet eik frå det «store utland» vil eg ikkje måtte gjere dei vurderingane som følger med å kunne utnytte eik av lågare kvalitet.

Der er lang tradisjon for å vassgå Tømmeret og/eller emna til oselvaren. ( Dette er det også tradisjon for mange andre plassar i landet, med ulike framgangsmåtar). Eika til kjøl og lot til åttringen har lagt nokre år i fjæra( slik at det ligg tørt på fjæra sjø og nedflødd på flo sjø). Dette skal gje eika gode eigenskapar til båtbygginga til tross for at ho har vakse litt langt nord i verda, for eik å være i alle fall :) Eika skal etter teorien bli meir homogen/ ho slepp spenningane og vil ikkje sprekke og vri seg like mykje med denne behandlinga. Ho riv også litt mindre under bearbeiding. Det vert også sagt at ho tærer mindre på jernsaumen etter at ho er vassgått. Dette er ein del av båtbygginga/materiallæra det trengst å forskas på,  her kan det truleg ligge mykje spanande. 

Bilde under: Nysaga Kjølemne.

Bilde under: Grovsaga stamnemne.

Bilde under: hugging av stamn.

Greit å lage seg ein strek å styre etter. :)

Bilde under: så er det fram med skrubbhøvelen for grovhøvling av emne.

Det er viktig å vurdere kvar dei beste materialane må nyttast og kvar det tolast litt lågare kvalitet, men lett er det ikkje.

Kjøl, lot og stamn er påbyrja.  

No går det på fram. 

 

Utforsk bloggen