logo

Ein liten detalj

Publisert:
21.10.2019

Kanet på båten er ein liten "trekant" forma frå stamnemnet, den står der ripebordet landar på stamnen. Over kanet står stamntoppen. Dei gamle båtane er bygd med kane, men denne detaljen har med tida blitt rasjonalisert vekk. Min læremeistar Harald Dalland lærte ikkje å bygge med kane.

I dag lever namnet kane i oselvarane mest som benemninga på plassen der midtsnora i båtane vert festa under bygging. På bildet under syns tydeleg at spikeren til snora er festa ved kane. Vi festar fortsatt snora slik under bygging, men utan det faktiske kanet.

Det eg funderar på no er korleis dei laga kaning? Kva metode brukte for å ta ut vinklane slik at kaninga skal følge springet til båten? Er kaninga laga då reiset er sett opp, eller vert den laga då ripa skal tilpassast? Kva oppgåver fyller kaninga? Kva mista båten då kaninga forsvann?

Det er heilt klart ein innsparing både i tid og materiale å bygge båtane utan kane, men ein viktig funksjon trur eg den må ha hatt. Båtbygginga har i stort sett vært så rasjonell dei har klart med verktøya dei har hatt til rådvelde, og oselvarane er reinske for unødig vekt og fjas. det har i kjent tid vært lite innbringane å bygge båtar, så unødig arbeid trur eg dei har styrt unna :)

I våre dagar er kaninga bytta ut med stamnbeslag i galvanisert jern eller rustfritt stål. Dette beslaget går på innsida av stamnen og ut på borda på begge sider, samt over stanmtoppen. Tidleg på 1900 talet finn eg båtar med halvkaning (kaninga går då ut over halve bordtjukna) og kobbarband er satt fast på innsida av stamnen og litt ut på borda. 

 

Truleg gjer det moderne stamnbeslaget noko av jobben til kaninga, det er også lettare å jobbe med og kanskje sterkare ? men kanskje ikkje. Det er lett å forstå at stamnbeslaget i metall bitt stamn og riper godt saman, men det er vanskeleg å begripe at kaninga kan gjere den same jobben. Og kanskje den ikkje gjer det? 

Dette er ein bitte liten detalje i båten og eg begriper ikkje korleis den fungerer. Eg begriper heller ikkje kor viktig den er eller korleis den vert god eller dårleg. For å laga noko bra må eg forstå kva oppgåve "tingen" skal fylle. Eg må også forstå korleis styrker og svakheiter i dette området oppstår. Her er for øyeblikket mykje uvisst for meg, eg må leite og fundere meir og lufte idear og tankar med andre.

Her er den uferdige kaninga på modellen. Eg kan sjølvsagt kopiere ein form, og det vil sjå heilt greit ut. Men så lenge eg ikkje forstår kva, kvifor og korleis, er eg ikkje nøgd, og arbeidet er ikkje riktig berre fordi det ser rett ut. Eg er litt bekymra for ordtaket : " liten tue kan velte stort lass" :0

Eg er til og med usikker på kva ord som er rett her. Ei kaning, kaninga? eit kane, kanet? eller ein kane, kanen ?   Det må det i alle fall gå en å finne ut av ;) 

Se også

Innved, festemidlar og arbeidsprosess.

26.03.2021

Eg har fundert på om moderne festemidlar som saum, spiker, skruar, og lim i staden for trenaglar, har ført til endringar på innveden i båtane.

Tanker kring den mystiske alnastaven.

15.03.2021

Båtbyggarar har i århundrar støtta seg til alnastaven. Den har vært, og er, både hemmeleg og mystisk, og familiane har halde måla for seg sjølve. Båtbyggarar her i distriktet (Bjørnafjorden) likte ikkje å få augnatjuvar inn i naustet eller verkstaden. Om besøkande vart for lang i blikket, og såg ut til å leite etter alnastavane vart dei gjerne hivne på dør.

klinkeverktøy og klinking

01.03.2021

Eg tenkte å skrive litt om klinkeverktøy, men det er håpløst å skrive om verktøyet uten å sette det inn i arbeidsprosessen.  Verktøyet i seg sjølv er kanskje ikkje særs spennande eller finurlig, og det kjem i fleire variantar, men arbeidet er likevel ikkje "rett fram" og tankelaust.

Overbøre.

17.01.2021

Eg ligg etter med å fortelje korleis det går med åttringen. I november og desember 2020 gjekk eg meg vill i trenaglar, åretta, naglasnitt og emneved. Eg grov meg heldigvis ned i tide, snakka med erfarne trenaglefolk, tok hensyn til emneved og lokale tilhøve, samt tilpassa arbeidet etter evne og forhold. Eg jobba for å skaffe meg nødvendig utstyr for å hjelpe meg sjølv og andre, samt å finne trygge vegval. Omsider kome eg ut i ope terreng, og trur no eg har ei viss forståing for trenaglane til båten slik at eg er klar til å jobbe vidare.

Trenaglar

14.01.2021

Teknikk ved nagling, produksjon av naglane, materiale, dimensjonar, bruksområd