logo

Botn

Publisert:
19.10.2020

Det er krevjande arbeid å få på plass ein botn med godt innløp og slepp, passe bæring og bæring på rett plass i båten i høve til plassering av mannskapet og last. 

 

Her har eg ein samling av halsar eg grovhogg i april 2019. Dette var lenge før båten og modellen var påbegynt, men fordi det passa med skogsarbeidet og tilgong på tømmer måtte eg grovhogge emna tidleg i prosjektet. Dette er som regel heilt greit når båtbyggaren kjenner båten som skal byggast. Eg hadde derimot svært vanskelig for å sjå for meg fasongen dei burde ha. Eg visste heller ikkje sikkert lengda på ferdig hals då.

No er det spanande å sjå om det går greitt å forme desse halsaemna til sterke og funksjonelle halsar. Kanskje er eg langt frå den fasongen eg no vil ha på botn.

 

Hulinga eg høgg i halsaborda skal gå fint over til kjølrenna. Det er vanskelig å sjå for seg korleis dette vert då halsen kjem på båten. Eg vil også legge ut halsane slik at vatnlinene i skroget blir så strake som råd for å gi skroget minst mogleg motstand i sjøen. Dette er noko eg må tenke på i grove trekk når eg høgg borda og fintilpasse når bordet vert spent fast til kjølrenna. Då dette er første åttringen eg bygger og eg ikkje har noko ordentilg «referansebåt» i hovudet, veit eg dessverre ikkje heilt kva eg skal sjå og styre etter. 

Etter høvling må halsane bløytast ein times tid før eg prøver dei på.

 

 

Eg er bra langt vekke frå der eg vil være i høve skapet på botn, og det vert krevjande å forme og tilpasse emna slik eg trur dei bør være, då hogginga mi er "langt vekke".

Halsane er stive og harde og presse ned og fasongen er «heilt på styr». Aller helst vil eg gå ut i skogen å ta ut to nye tre og hogge nye halsar, men årstida er feil og det vert mykje ekstra arbeid. Eg bestemmer meg for å sjå kva eg kan få til med dei emna eg har. Eg endrar ein del på vinklane i tilpassinga til kjølrenne og lot, og etter kvart får eg pressa dei lenger ned og nærmar meg målet eg har satt meg på kor flat botn skal være.

Eg siktar på løpet i halsane og botn og jobbar med å stemme av framhalsane etter bakhalsane. Eg jobbar ut frå prinsippa eg har lært på dei mindre båtane. Framhalsane bak frambandet skal være litt flatare enn bakhalsane ved hodleronga. Og så skal det være strake linjer i innløp framme og slepp bak. Her gjeld det å sikte under båten og tenke seg korleis sjøen går under og rundt båten.

Etter alt for lang tid og mykje fundering og av og på med borda er i alle fall botn på plass. Eg er heller mindre nøgd med eige arbeid, men glad for erfaringa. Og svært glad for at eg ikkje har ein utålmodig båtkjøper hengande over meg.

No er spørsmålet korleis eg skal skyte botn (forme overkanten av omfaret/bordgongen).

Modellen min vart for feit i både kjølrenna og særskilt bak i botn ved bakhalsskaringa. Dette vil eg gjerne rette opp på denne båten. Skytinga på botn vil forfølge meg heile vegen opp om den viser seg å være for uvettig. For fleire år sidan fekk eg nokre forholdsmål på skytinga av botn på store båtar av Harald Dalland. Det ser dessverre som om han kanskje hugsa feil akkurat på dette. Eg finn ikkje igjen måla hans i båtane eg har målt opp, og når eg legg opp lista og skyt botn vert den svært brei og dryg bak i høve til framme. Same problem som på modellen. Eg vel difor å heller ta ut eit middelmål frå oppmålingane og i tillegg stole på augemålet, så ser eg kvar eg endar i høve måla eg fekk av Harald.

 

Det er ofte slik at det er lettare å sjå om ein har skote båten fint når neste omfar kjem på, og då er det alltid i seinaste laget å rette opp linjene på denne båten. Det må heller gjerast på neste båt.

 

Se også

Innved, festemidlar og arbeidsprosess.

26.03.2021

Eg har fundert på om moderne festemidlar som saum, spiker, skruar, og lim i staden for trenaglar, har ført til endringar på innveden i båtane.

Tanker kring den mystiske alnastaven.

15.03.2021

Båtbyggarar har i århundrar støtta seg til alnastaven. Den har vært, og er, både hemmeleg og mystisk, og familiane har halde måla for seg sjølve. Båtbyggarar her i distriktet (Bjørnafjorden) likte ikkje å få augnatjuvar inn i naustet eller verkstaden. Om besøkande vart for lang i blikket, og såg ut til å leite etter alnastavane vart dei gjerne hivne på dør.

klinkeverktøy og klinking

01.03.2021

Eg tenkte å skrive litt om klinkeverktøy, men det er håpløst å skrive om verktøyet uten å sette det inn i arbeidsprosessen.  Verktøyet i seg sjølv er kanskje ikkje særs spennande eller finurlig, og det kjem i fleire variantar, men arbeidet er likevel ikkje "rett fram" og tankelaust.

Overbøre.

17.01.2021

Eg ligg etter med å fortelje korleis det går med åttringen. I november og desember 2020 gjekk eg meg vill i trenaglar, åretta, naglasnitt og emneved. Eg grov meg heldigvis ned i tide, snakka med erfarne trenaglefolk, tok hensyn til emneved og lokale tilhøve, samt tilpassa arbeidet etter evne og forhold. Eg jobba for å skaffe meg nødvendig utstyr for å hjelpe meg sjølv og andre, samt å finne trygge vegval. Omsider kome eg ut i ope terreng, og trur no eg har ei viss forståing for trenaglane til båten slik at eg er klar til å jobbe vidare.

Trenaglar

14.01.2021

Teknikk ved nagling, produksjon av naglane, materiale, dimensjonar, bruksområd