logo

Banding.

Publisert:
20.10.2019

Til no har eg berre sett og målt opp ein liten åttring, og det er mykje eg er usikker på i båten eg skal bygge.

Når overbøra er på plass i båten er det på tide å sette inn underband. Det er som regel deilig å få på plass noko tverrskips avstiving i skroget slik at båten vert litt mindre "levande". Men i denne modellen er eg usikker på kvar banda skal plasserast. Eg tenkte sjølvsagt over dette då eg sette opp reiset (kjøl, lot og stamn), men no må eg ta eit endeleg valg. 

Eg må no ta ei ny vurdering av skroget og vurdere kvar banda skal stå. Eg må tenke på at skroget skal ligge riktig i sjøen når båten er i bruk. Båtbrukaren må sjølvsagt også ta si del av ansvaret med vetig lasteing av båten, men plassane der mannskapet sit og ror er satt av båtbyggaren.  Plassering av roarane må samsvare med kva bæreevne skroget har. Det kan bli eit ganske stort press nedover i framskuten då roarane er i arbeid, dette må skrogform og bandaplassering ta hensyn til.

Plasseringa av banda i modellen baserar seg no på nokre få litt uklare notet frå Harald Dalland, mi erfaring frå færingar og  oppmålingane av seksringar og ladromsbåtar eg starta med i dette prosjektet. Men her er det mykje eg må snakke med andre båtbyggarar om før eg reiser den store båten.

Modellen gir meg ikkje høve til å sjå korleis båten rører seg under roing, men eg kan i alle fall prøve ut korleis båten ligg i sjøen med mannskap og last. 

Se også

Innved, festemidlar og arbeidsprosess.

26.03.2021

Eg har fundert på om moderne festemidlar som saum, spiker, skruar, og lim i staden for trenaglar, har ført til endringar på innveden i båtane.

Tanker kring den mystiske alnastaven.

15.03.2021

Båtbyggarar har i århundrar støtta seg til alnastaven. Den har vært, og er, både hemmeleg og mystisk, og familiane har halde måla for seg sjølve. Båtbyggarar her i distriktet (Bjørnafjorden) likte ikkje å få augnatjuvar inn i naustet eller verkstaden. Om besøkande vart for lang i blikket, og såg ut til å leite etter alnastavane vart dei gjerne hivne på dør.

klinkeverktøy og klinking

01.03.2021

Eg tenkte å skrive litt om klinkeverktøy, men det er håpløst å skrive om verktøyet uten å sette det inn i arbeidsprosessen.  Verktøyet i seg sjølv er kanskje ikkje særs spennande eller finurlig, og det kjem i fleire variantar, men arbeidet er likevel ikkje "rett fram" og tankelaust.

Overbøre.

17.01.2021

Eg ligg etter med å fortelje korleis det går med åttringen. I november og desember 2020 gjekk eg meg vill i trenaglar, åretta, naglasnitt og emneved. Eg grov meg heldigvis ned i tide, snakka med erfarne trenaglefolk, tok hensyn til emneved og lokale tilhøve, samt tilpassa arbeidet etter evne og forhold. Eg jobba for å skaffe meg nødvendig utstyr for å hjelpe meg sjølv og andre, samt å finne trygge vegval. Omsider kome eg ut i ope terreng, og trur no eg har ei viss forståing for trenaglane til båten slik at eg er klar til å jobbe vidare.

Trenaglar

14.01.2021

Teknikk ved nagling, produksjon av naglane, materiale, dimensjonar, bruksområd