Båtslakt.
På Oselvarverkstaden er det tradisjon for å holde "båtslakt" når ein båt er ferdig. Dette går ut på at båtbyggaren først fortel om kva bruk båten er tenkt å høve til. Deretter går båtbyggaren gjennom kva ho/han sjølv synest om arbeidet, prosessen, handverket og skapet (fasongen). Det er viktig at både gode og dårlege sidar ved produktet og byggeprosessen kjem fram. Så får alle båtbyggarane og lærlingane kome med sine vurderingar og synspunkt.
Sjølv om denne båten er i 1/4 storleik er det likevel ein båt som skal danne grunnlag for ein fullskala båt. Både mine eigne og dei andre sine vurderingar om båten vert viktig å ta med vidare i arbeidet med åttringen.
Her er både godt og gale, like viktig begge delar :)
Båtbyggarar og lærlingar går grundig til verks. Sjølv om modellen er limt saman og ikkje klinka vil det nok være rett å sei at modellen vert saumfart.
Her kjem det fram tankar om at modellen er noko for flat i botnen bak i båten, samt litt for brei på same plassen. Mogleg litt strakt skoten underbøre i skutane, med meir. vi ser på heilskapen, samstundes som vi tillet oss å krype inn i detaljar og tekniske løysingar. Dette gir mykje god læring og øving for alle saman.
I tillegg til å gi oss alle noko å tenke på, og høve til å utvikle oss, er dette eit godt høve til å vidareføre omgrep og ord som høyrer til faget og båtkunnskapen.
Åttringen er ikkje Oselvarverkstaden sitt prosjekt, men eg meiner det er svært viktig at dei tilsette ved verkstaden får følge prosjektet, og lære av det eg jobbar med desse tre åra som stipendiat. Eg får også mange gode innspel til mitt arbeid gjennom at dei følger det. Dei stiller gode spørsmål, og utfordrar meg til å tenke nye tankar og formulere gamle. Dei delar også sine synspunkt og teoriar om det eine og hitt. Eg takkar dei for det, og takkar Vidar Langeland for fine bilder. :)
Se også
Innved, festemidlar og arbeidsprosess.
Eg har fundert på om moderne festemidlar som saum, spiker, skruar, og lim i staden for trenaglar, har ført til endringar på innveden i båtane.
Tanker kring den mystiske alnastaven.
Båtbyggarar har i århundrar støtta seg til alnastaven. Den har vært, og er, både hemmeleg og mystisk, og familiane har halde måla for seg sjølve. Båtbyggarar her i distriktet (Bjørnafjorden) likte ikkje å få augnatjuvar inn i naustet eller verkstaden. Om besøkande vart for lang i blikket, og såg ut til å leite etter alnastavane vart dei gjerne hivne på dør.
klinkeverktøy og klinking
Eg tenkte å skrive litt om klinkeverktøy, men det er håpløst å skrive om verktøyet uten å sette det inn i arbeidsprosessen. Verktøyet i seg sjølv er kanskje ikkje særs spennande eller finurlig, og det kjem i fleire variantar, men arbeidet er likevel ikkje "rett fram" og tankelaust.
Overbøre.
Eg ligg etter med å fortelje korleis det går med åttringen. I november og desember 2020 gjekk eg meg vill i trenaglar, åretta, naglasnitt og emneved. Eg grov meg heldigvis ned i tide, snakka med erfarne trenaglefolk, tok hensyn til emneved og lokale tilhøve, samt tilpassa arbeidet etter evne og forhold. Eg jobba for å skaffe meg nødvendig utstyr for å hjelpe meg sjølv og andre, samt å finne trygge vegval. Omsider kome eg ut i ope terreng, og trur no eg har ei viss forståing for trenaglane til båten slik at eg er klar til å jobbe vidare.