Berit Osmundsen

Underbøre.

Publisert: 9. sep. 2019

No har eg jobba med tredje omfar og båten byrjar å ta form. 

Botn er ferdig og eg har satt opp eit hektabord. Det er eit tynt bord som er greit å spenne på båten for å sikte linjene og vinklene til bordgongen og bestemme/sikte kva bordbredder og som krevst for å oppnå den fasongen eg vil ha på dette omfaret. Eg har med utgongspunkt i fleire store seksæringar og eit par ladrombåtar laga meg eit midtmål (utlegg på omfaret midt i båten) eg vil sette opp bordet på. Men bortsett frå dette eine målet må eg sikte linjene og vinklane for borda.

Det vert mykje fram og tilbake og sikting frå ymse vinklar :) 

På ein 14 1/4 alen lang båt eg har målt opp er underbøra tredelt. Det ser ut til at fremre og akterste  del er hugget i fasong. Heilt eller delvis formhugga er vanskeleg å bedømme. Eg vel å hugge desse delane delvis i form på denne modellen. Så får vi sjå korleis det vert.

Nakken må lagast til på halsane før underbøra kan fellast til.

Her prøver eg heile omfaret før det skal settast limast. Eg limar delane fast på modellen slik at den ikkje vert så skjør å jobbe med. 

Etter liming må omfaret skytast (sikte og forme overkanten). Det gjer eg med å klemme fast ei fleksibel list og sikte linja med utgongpunkt i midtsnora. Eg vurderar no mellom anna kor fyldig eller slank båten skal bli.

Ferdig skutt omfar. No vert det spanande å få på dei to siste omfara å sjå om eg er i nærleiken av der eg ville være med forma på båten.

På med hektaborda igjen for vidare arbeid. 

Fortsetting følger.