Berit Osmundsen

Brugdebåt

Publisert: 11. jan. 2019

Denne brugdebåten er ein oselvar ladromsbåt som er spesialbygd til brugdefiske. Det er mykje mogleg at desse båtane har hatt oselvaråttringen som utgongspunkt for skapet (forma) dei har fått. Det intense brugdefiske på hordalandskysten pågjekk i ein knapp hundreårsperiode frå 1760 til 1850, etter 1850 var brugda vekke herifrå. Dei siste tiåra var det også berre ganske små individ å finne.

Sist eg helste på denne brugdebåten som heiter "Kvaringjæ" var den heilt nedlessa i ymse "ting og tang, og det verka svært vanskeleg å få båten rydda fram. Men etter stor innsats frå kulturinteresserte personar er no båten stilt ut i ei stor nothengja på austevoll.

Det er etter kva eg veit så langt, berre to brugdebåtar att av denne typen i våre dagar. I arbeidet mitt hittil er dette det næraste eg har kome dei gamle åttringane av oselvartype. Men brugdebåten er sagt å være kraftigare bygde, og dei skal ha meir bæring i framskuten enn ein rein åttring.

Det er alltid vanskelig å få forma på båten fram på eit bilde, men her prøver eg i alle fall å vise att "botn er strekt langt fram". Eller at "halsane legg seg fort ned". Dette for at båten skal kunne bære seg oppå sjøen når brugda er harpunert og stuper ned til havbotn. Det er sagt at brugda rant så fort nedover at mannskapet ombord måtte ause sjøvatn på harpunlina for at det ikkje skulle ta fyr i ripa. Om lina hekta seg fast i noko, eller med uhell rant utover båtsida istedefor ved framstamnen, kunne brugda dra ned båten på eit augeblikk.

Denne båten har også noko av tilfaret bevart fortsatt. Dette gir viktig informasjon om plassering av masta. Desse båtane var utstyrt med råsegl, og vart truleg aldri rigga om til sprisegl. Om mastetofta og tilja i seglrommet er borte er det ikkje lenger sikre spor på kvar masta sto. Det er uviss alder på denne båten, men den er truleg bygd mellom 1800 og 1850.