Papa Stour på Shetland
Den delvise rekonstruksjonen av den norske mellomalderstova på Papa Stour, Shetland starta opp på Bryggen i Bergen våren 2008. Det vart gjennomført tre faglege samlingar/mesterklassar med norske og shetlandske handverkarar. Bakgrunnen for prosjektet er utgravingane på Biggings, Papa Stour, der det vart funne restar etter ei norsk tømmerstove, som er omtala i det eldste skriftlege dokumentet frå 1299 på Shetland. I dokumentet som omhandlar ein rettstvist på øya Papa Stour står det at rettsforhandlingane gjekk føre seg i tømmerstova til den norske kongen sin representant på øya. Utgravingane viser ei stove på 550x770 med moldbenkar og tregolv pluss vernemur på to sider. Dette er ei typisk norsk tømmerstove frå denne perioden og det er parallellar til den stova som vart reist på Holar i 1314, Audunarstofa. På same måte som Audunarstofa-prosjektet har NHU lagt opp dette prosjektet som eit utvekslingsprosjekt mellom skotske/shetlandske og norske handverkarar.
Prosjektstatus: Prosjektet er avsluttet
Sted: Shetland, Storbritannia
Det finnes tilgjengelig materiale fra dette prosjektet. Nærmere opplysninger kan fås ved å kontakte Håndverksinstituttet på e-post: post@handverksinstituttet.no