Berit Osmundsen

Mål og meining

Publisert: 29. sep. 2018

Alnastavane gir svært begrensa informasjon om båtane. Det er likevel viktig å vite kva teikna på alnastaven tyder og kvar måla høyrer til på båten.

Dei få måla på alnastaven er nøkkelen til systemet som gir formen på båten. Slik er det for færingane ,så slik går eg ut frå at det er på dei større båtane også.  Veka som er forbi har eg for det meste brukt til å leite i gamle skrifter, studere alnastavar for seksæringar og finne fram båtteikningar. Månge av teikningane som er laga gir også begrensa informasjon og nokre er meir kunstneriske enn korrekte. Eg har fått tak i fleire alnastaver for seksæring men ingen for større båtar endå.

Til tross for begrensa materiale har eg allereie fått nokre a-ha opplevelser og gler meg til å leite videre etter kunnskap. Har også fått lovnad om å få leite gjennom tølene etter båtbyggar Harald Dalland. Det er drøyt 4 år sidan han vandra, og han er fortsatt savna på verkstaden. Skal bli fint å få komme inn i verkstaden hans å sjå kva skattar som kan gøyme seg der :) .