Navargut to
Å vri dei store navarane er ikkje lett, det er vanskeleg , tungt og utfordrande, særleg hvis du slit med ei lita tong. Difor lyt eg tenkja nytt, og måtte smi meg ei ny navartong som eg meiner skal vera brukeleg for ein undrande navrgut.
I dag er eg i landsmålstemning, difor brukar eg tankane mine i denne målformen i dag! Store navarar definerar eg slik: frå og med ein tomme og oppover.
Det er merkeleg, men noko skjer, når navaren blir over 5/4". Han blir meir umedgjørleg og det er mykje lettare å gjera feil. Etter at skjæret er smia ut og du er nøgd med godsfordeilinga i skjæret, kjem den vriene og utfordrande oppgåven, å få vridd og rulla opp navarskjæret slik at du held høgde og retning og ikke missar heilskapen av syne.
Eg erfarte tidleg i prosessen å vri, at eg hadde god bruk for ei stødig og sterk navarvritong. Sjøl om du heitar skjæret godt er det godt og kjenne at du har ei dugande god tong med sterke kjeftar og god lengde på handtaka. Soleis smidde eg ei tong, type stor knipetong i C45 kvalitet, det vil seie, same kvalitet som navarstålet sjøl.
Då var det berre å vri, men eg merkar fort at skjæret har ein tendens til å bli litt skada i eggen av å vri rundt og nedover, so kom eg til å tenkje på den gamle knerken Fosse sa til meg sist vi rødde saman: "Du kan vri ovafra og rundt, slik at du tek tak i navaren på den sida som er lengst vekk frå deg"!!!!!
Då veit du gut, då gjekk det mykje betre, ikkje perfekt, nei långt derifra, men du er no på den rette veg trur eg....
Og i morgo vil byrja eit nytt og betre navarliv, men inkje i dag, nei inkje idag, eg trur eg mest må eit lite glas å leska meg på fyrst !
Spøk til side...., Eg ser at eg nærmar meg, eg ser kva som er godt, kva som er dårleg på en navar, eg veit kva som bur i den gode navaren, den navaren som bit og bryt seg gjennom tre og kvist, men å få den til slik eg veit,er ikkje alltid ei lett oppgåve!
Slik går no smiedagane i den enkle Myhresmia, eg er nøgd, eg har det godt, eg heve stål og jarn, eg heve trekol og eg heve god arbeidlyst!
Det er sumar i Noreg og smeden er i helsemessig god framgang!
I morgo blir det kanskje ei øks eller kan hende eit tappjarn!
Moro blir det lell!!!!
Se også
Dokumentasjon 3
Jeg trur det er fint om smeden sjøl dokumenterer sitt eget arbeid. Sikkert ikke så lett. Har prøvd på mange måter.
Film, lyd, tekst, tegning og gjenstand.
Dokumentasjon 2
Prøver meg litt igjen. Fint å kunne fortsette på en tanke dagen etter. Kanskje dukker noe nytt opp.
Dokumentasjon 1
Å dokumentere, hva er nå det? Hva er det for smeden? Hva er det for smia? Hva er det for deg?
Smeden og smia
Februar måned og gryende vår? Fremdeles fryser vannet i smia, men det er noe med lyset. Dagen er blitt litt lenger og smeden tenker, nå skjer det snart. Nå kommer våren og de gode lange smeddagene. Planene er så og si meislet ut. Forske mer på gamlejernet, få i gang ei god trekullmile, kanskje sette opp en god bælj i smia mi.....
2018 og smeden
Det er ikke alltid slik at planer og tanker går en fastbestemt vei. Noen ganger krongler veien seg og bestemmelsesmålet forsvinner litt i en uoversiktelig verden. Med litt helseplager i bakhand må virkelig smeden strekke seg for å skape en god arbeidshverdag. Da er det godt å kjenne at det finnes medmennesker der ute som virkelig vil en vel, og nettopp i en sånn situasjon kan nye ting oppstå og nye mål kan bli definert. Øksa og navaren vil alltid være der, men andre omkringliggende prosjekter vil også dukke opp og nettopp disse kan være med å sette fokus på mine originalprosjekter.