Studietur til Mariehamn, Åland
Det er ikkje all verdens mange personar i norden som jobbar med bygging av tradisjonelle, sua trebåtar. Då vert det desto viktigare å få dela tankar og kunnskap med dei som finnast. Difor har eg vært ein tur til Mariehamn på Åland for å hente kunnskap og inspirasjon. Der jobbar det ein gjeng med bygging av ei Ålandsk segeljakt.
Fakta: Seglejakten Alanta bygges som ein rekonstruksjon av ein sua (overlappande bordgonger) Ålandsk segeljakt frå midten av 1800 talet. Då desse båtane er lite dokumentert, og kunnskapen gjekk ut av tida utan at nye generasjonar fekk ta del i den, har dette blitt eit prosjekt med levande forskning. Byggingen baserer seg på all informasjon dei har tilgong på. For meir info. om prosjektet sjå: www.alanta.ax ,og Segeljakten Alanta på Facebook, og instagram.
Dette er heilt andre båtar enn det eg jobbar med i mitt prosjekt, likevel er vi borti mykje av dei same utfordringane og spørsmåla i arbeidet med å forstå materialet vi skal tolke og gjenskape. Mange tankar og løysingar kjem fram når ein får jobbe ilag. Det er svært stor skilnad på å dele erfaringar under ein arbeidsprosess, kontra å snakke litt rundt temaet på eit møte. Og det er særs gøy å sjå kva andre får til.
Her er Petter Mellberg (byggmester i prosjektet) og Madelen (båtbyggar) i ferd med å stikke ut formen på bordgong nr. 5. Båtborda skal stimast (dampast) for å klare bua og vridningen dei må ha på båten.
Her har bordet fått fasongen det skal ha, og det er "berre" å felle det på plass (tilpasse). For meg er det uvant å jobbe med stima materiale og morosamt å kjenne kor "daud" og stabil veden vert.
Ein anna sak som er interessant for meg er bruken av trenaglar som festemiddel. På oselvarane var innveden (band, beter,renger og esing) festa med trenaglar, men i nyare tid har båtbyggarane gått over til grov saum for å feste innved. Dette gjer at eg som bygger oselvar i dag får lite trening i å arbeide med trenaglar. På segeljakten Alanta vert mykje festa med trenaglar, også suene (overlappen mellom båtborda). Å bli god på eit handverk krev mange ting, mellom anna forståing for det ein skal gjere/oppnå og mengdetrening.
På Alanta er det gode høve for mengdetrening i å bruke trenaglar :) Eg kom diverre ikkje så langt i denne omgong, men håpar på å få kome tilbake ein tur.
Den vert ikkje arbeidslaus, som skal telje kiler til trenaglane ;)
Den vert heller ikkje arbeidslaus, som skal telje hovud på trenaglane etter at dei er satt fast.
Her er døme på litt meir kjend arbeid for meg. Lærling Thomas kløyver stokk for å hugge ut "karmvindor" (trur det er så det heiter). Det er eit båtbord hugget i fasong for å passe inn mellom akterstamn og spegel.
Her skal borda som Thomas hugger ut passast inn. Eg rakk diverre ikkje å delta på den prosessen.
Eit lite bilde av meg til slutt slik at de veit at eg var der. Eg tilpasser båtbord og bruker sladre (gradskive) for å måle vinkelen. Eit uvant redskap for meg.
Etter ei vekes studietur til Mariehamn har eg fått nytt mot og inspirasjon til å jobbe med mitt eige prosjekt. Eg har fått innblikk i andre sitt arbeid, og mange gode faglege samtalar har oppstått under arbeidet. Takk så mykje til gjengen på Alanta for at dei tok imot meg og brukte tid på meg. :)
Se også
Innved, festemidlar og arbeidsprosess.
Eg har fundert på om moderne festemidlar som saum, spiker, skruar, og lim i staden for trenaglar, har ført til endringar på innveden i båtane.
Tanker kring den mystiske alnastaven.
Båtbyggarar har i århundrar støtta seg til alnastaven. Den har vært, og er, både hemmeleg og mystisk, og familiane har halde måla for seg sjølve. Båtbyggarar her i distriktet (Bjørnafjorden) likte ikkje å få augnatjuvar inn i naustet eller verkstaden. Om besøkande vart for lang i blikket, og såg ut til å leite etter alnastavane vart dei gjerne hivne på dør.
klinkeverktøy og klinking
Eg tenkte å skrive litt om klinkeverktøy, men det er håpløst å skrive om verktøyet uten å sette det inn i arbeidsprosessen. Verktøyet i seg sjølv er kanskje ikkje særs spennande eller finurlig, og det kjem i fleire variantar, men arbeidet er likevel ikkje "rett fram" og tankelaust.
Overbøre.
Eg ligg etter med å fortelje korleis det går med åttringen. I november og desember 2020 gjekk eg meg vill i trenaglar, åretta, naglasnitt og emneved. Eg grov meg heldigvis ned i tide, snakka med erfarne trenaglefolk, tok hensyn til emneved og lokale tilhøve, samt tilpassa arbeidet etter evne og forhold. Eg jobba for å skaffe meg nødvendig utstyr for å hjelpe meg sjølv og andre, samt å finne trygge vegval. Omsider kome eg ut i ope terreng, og trur no eg har ei viss forståing for trenaglane til båten slik at eg er klar til å jobbe vidare.