Mølleren.
Eg har leita mykje etter store båtar å måle opp for åttringsprosjektet mitt, og det har vært lite å finne. Men eg har vært så heldig å få opplysningar og bilder frå Arne Høyland av ein båt som ser ut til å kunne være ein åttring. Dette er ein båt som vart registrert under "Båt og sjøbruksregistreringa i Voss" i 1999. Der var det også registrert opplysningar om eigar. Her hadde eg ein flott tråd å følge :) . Desverre var det ikkje så enkelt å koma i kontakt med noværande eigar som eg håpa. Etter iherdig innsats frå Atle Ove Martinussen, fann vi likevel ut kvar båten ligg og fekk kontakt med eigaren.
Båten ligg på ein plass som heiter Tyssen i nærleiken av Bolstadøyri. På Tyssen ligg det fire gardar og dei var veglause heilt fram til 1987. I dag har dei veg, men ein høg bil med firehjulstrekk er nok å anbefale heile året.
Etter å ha køyrt den rasutsette vegen innover mot Voss, (dei ryddar fortsatt opp etter dei siste rasa, og vegen er delvis lysregulert med eit køyrefelt) tar eg av på vegen til sjølve Tyssen. Her er det bratt grusveg gjennom eit fantastisk landskap. Vestlandet på sitt vakraste med haustfargar og skogsfugl i vegen.
Det var bratt opp og så var det bratt ned med ca. ein mil med smal, bratt og svingete grusveg. I enden av vegen ligg denne flotte naustrekka. Eit naust til kvar gard. Her har båten vært det viktigste framkomstmiddelet heilt opp til seint 1900.
Og på baksida av naustet, oppå bjelkane, gøymer det seg ein skatt.
Her står båten luftig og godt, ikkje for tørt og ikkje vått. Båten er i svært god stand :) og det er ein liten åttring. Den er knappe 13 båtalen og vel vert å køyre nokre timar for å måle opp.
Det er heilt vanlig at slike båtar som berre står lagra blir brukt til å lagre meir saker og ting, men her er det berre lette ting ombord og båten har det heilt fint.
Det er alltid svært spanande å komme fram til ein båt eg har god tru på. Er det rette sorten? eller noko heilt anna? Denne stamntoppen er i alle fall eit svært godt teikn.
Ryddearbeid må alltid påreknast når ein båt skal målast opp. Båteigaren sjølv var svært hjelpsam og det gjekk fort og lett å få båten klar til oppmåling.
Båten er bygd med hugde halsar framme og sveidde bakbord . Dette har vist seg å være vanlegare enn eg først trudde, i alle fall på seksæringane eg har målt opp til no. Det er uvisst kva tid båten er bygd og etter kva eigaren fortel om båten gjettar eg på kring 1910.
Båten har blitt ombygd i alle fall to gonger. Eine gong til innanbordsmotor og ein gong truleg for å kunne laste beist. Dei har tatt ut bakbeten og erstatta den med eit ekstra band sett inntil det gamle bandet. Dette har gitt dei større lasteplass. Bak er det laga til ein "klamp" for propellaksling. Båten er heldigvis fortsatt bein (motsatte av skeiv ) og ombyggingane er fint laga.
Før båten kom til Tyssen var den eigd av Vaksdal Mølle. Båten har vært brukt til både frakt av dyr og som kyrkjebåt, og heil sikkert ei rekke andre ting. Etter oppmålinga skal eg prøve å grave fram meir informasjon om denne båten.
Kveld på Tyssen. Nausta ligg rett ned frå gardstunet, men dei er skjult av trea og bakkane. No har eg i alle fall sett ein åttring, det er ikkje verst ! tusen takk til båteigar for at eg fekk måle opp båten og for all hjelp og gjestfrihet. Takk også til Atle Ove for leitearbeid, og takk til Arne Høyland som registrerte båten heilt på tampen av forrige årtusen :)
Se også
Innved, festemidlar og arbeidsprosess.
Eg har fundert på om moderne festemidlar som saum, spiker, skruar, og lim i staden for trenaglar, har ført til endringar på innveden i båtane.
Tanker kring den mystiske alnastaven.
Båtbyggarar har i århundrar støtta seg til alnastaven. Den har vært, og er, både hemmeleg og mystisk, og familiane har halde måla for seg sjølve. Båtbyggarar her i distriktet (Bjørnafjorden) likte ikkje å få augnatjuvar inn i naustet eller verkstaden. Om besøkande vart for lang i blikket, og såg ut til å leite etter alnastavane vart dei gjerne hivne på dør.
klinkeverktøy og klinking
Eg tenkte å skrive litt om klinkeverktøy, men det er håpløst å skrive om verktøyet uten å sette det inn i arbeidsprosessen. Verktøyet i seg sjølv er kanskje ikkje særs spennande eller finurlig, og det kjem i fleire variantar, men arbeidet er likevel ikkje "rett fram" og tankelaust.
Overbøre.
Eg ligg etter med å fortelje korleis det går med åttringen. I november og desember 2020 gjekk eg meg vill i trenaglar, åretta, naglasnitt og emneved. Eg grov meg heldigvis ned i tide, snakka med erfarne trenaglefolk, tok hensyn til emneved og lokale tilhøve, samt tilpassa arbeidet etter evne og forhold. Eg jobba for å skaffe meg nødvendig utstyr for å hjelpe meg sjølv og andre, samt å finne trygge vegval. Omsider kome eg ut i ope terreng, og trur no eg har ei viss forståing for trenaglane til båten slik at eg er klar til å jobbe vidare.