logo

Finne furu til båt.

Publisert:
14.09.2018

Ut å finne furu, ho skal fara langt. Bartre blir til båtar, båra bærer fram.

Æring, færing seksring, åttring kan det bli. Ladromsbåten bærer, last og lønn og liv.

To hundre år i skogen, to hundre år før hugst. Så hundre år på havet, med fiske, fangst og frakt.

Fine, friske furu, skal fara fritt fram. Heimehøyrande på havet, før ilden endar alt.

Når ein går i skogen å leiter etter gode bordstokker er det fleire ting det er viktig å sjå etter. dimensjonen må sjølvklart være rett. Ikkje for liten men heller ikkje for stor. Barken skal være småskjellete og lys på farge, det fortel at det er mjuk ved i stokken. Formen på krona fortel om treet er modent eller ikkje. Alder på rundte to hundre år er ofte bra. Er treet eldre enn to hundre og femti år er det på grensen til å bli for gamalt til båtbord. Korleis greinene kjem ut av stamma er det også viktig å sjå på. Ungskogen rundt dei gamle trea kan seie noko om korleis veksten er i området. Det er små tegn å sjå etter, så for å bli god på dette må ein gå mykje i skogen og sjå mange tre. Det er Harald Dalland som fortalde meg desse tingene, men det skal trening til for å sjå og forstå. Det er få som ser etter slike ting i vår tid. Det må bli fleire dagar i skogen i haust før eg bestemmer kva tre som skal bli åttring. Denne dagen var skogeigaren sjølv med i skogen. Han er i 70 åra og har gått i denne skogen sidan han var barn. Han har god greie på kva som står i skogen og kvar det kan være gode tre. Vi gikk i nord- og austhellingar. I nordhellingar veks trea oftast seinare og i austhellingar er det ofte rolegare materiale. Det er i alle fall det som vert sagt av eldre skogafolk i distriktet.

Se også

Innved, festemidlar og arbeidsprosess.

26.03.2021

Eg har fundert på om moderne festemidlar som saum, spiker, skruar, og lim i staden for trenaglar, har ført til endringar på innveden i båtane.

Tanker kring den mystiske alnastaven.

15.03.2021

Båtbyggarar har i århundrar støtta seg til alnastaven. Den har vært, og er, både hemmeleg og mystisk, og familiane har halde måla for seg sjølve. Båtbyggarar her i distriktet (Bjørnafjorden) likte ikkje å få augnatjuvar inn i naustet eller verkstaden. Om besøkande vart for lang i blikket, og såg ut til å leite etter alnastavane vart dei gjerne hivne på dør.

klinkeverktøy og klinking

01.03.2021

Eg tenkte å skrive litt om klinkeverktøy, men det er håpløst å skrive om verktøyet uten å sette det inn i arbeidsprosessen.  Verktøyet i seg sjølv er kanskje ikkje særs spennande eller finurlig, og det kjem i fleire variantar, men arbeidet er likevel ikkje "rett fram" og tankelaust.

Overbøre.

17.01.2021

Eg ligg etter med å fortelje korleis det går med åttringen. I november og desember 2020 gjekk eg meg vill i trenaglar, åretta, naglasnitt og emneved. Eg grov meg heldigvis ned i tide, snakka med erfarne trenaglefolk, tok hensyn til emneved og lokale tilhøve, samt tilpassa arbeidet etter evne og forhold. Eg jobba for å skaffe meg nødvendig utstyr for å hjelpe meg sjølv og andre, samt å finne trygge vegval. Omsider kome eg ut i ope terreng, og trur no eg har ei viss forståing for trenaglane til båten slik at eg er klar til å jobbe vidare.

Trenaglar

14.01.2021

Teknikk ved nagling, produksjon av naglane, materiale, dimensjonar, bruksområd