Eik til kjøl.
På delar av vestlandet er det lang tradisjon for å legge eik som skal bli til kjøl, lot og stamn, samt keipar, i sjøen. Emna skal helst ligge i sjøen nokre år. Dette tar spenningar or emna så dei ikkje sprekk eller vrir sund båten. Difor er det på høg tid å få tak i kjølemne til åttringen no, før vinteren set inn.
På tirsdag i denne veka var eg ilag med dei andre tilsette på Oselvarverkstaden på Tysnes for å hente emne til åttringkjøl til meg og seksringkjølar til verkstaden. Stokken var for tung til å få opp på tilhengeren. Planen var difor å kløyve stokken i kvartingar på plassen slik at vi kunne handtere dei. Stig Henneman og eg har vært med på kilekløyving av eik på eit kurs for nokre år sidan, men vi har ikkje planlagt og stått for slikt arbeid sjølve før.
Vi starta med å legge opp stokken etter margsprekka og sette merke med øksa der vi ville ha kilane. Så slo vi i kvasse eikekilar.
Når kilane stod godt er det berre å drive dei inn jevnt og roleg. No er det viktig å ikkje være så sterk. Det viktige er at kilane får jobbe jevnt og roleg, og at vi følger godt med på oppsprekkinga. om ein av sidene skulle rive ut må det styrast opp med nokre øksehugg.
Vi feilrekna litt på mengden med kiler og klossar vi trengte til denne jobben. Heldigvis fann vi ein halvrote 2-4 i ein bråtehaug i nærleiken. Denne skar vi i passe biter og vart hjelpen med dei.
Eg trur det er fornuftig med litt kaffipause for å la stokken få jobbe litt. Då stokken låg slik i ro etter ein del kiling sprakte den som eit bål med granved.
Her er stokken neste opna, det er berre ein vrang kvist som held stokken ihop. Ella og Fredrik avslutter jobben med nokre ekstra kilar der stokken heng saman.
Her har vi to fine halvkløyvingar og har starta på å kløyve dei i kvarte.
Se også
Innved, festemidlar og arbeidsprosess.
Eg har fundert på om moderne festemidlar som saum, spiker, skruar, og lim i staden for trenaglar, har ført til endringar på innveden i båtane.
Tanker kring den mystiske alnastaven.
Båtbyggarar har i århundrar støtta seg til alnastaven. Den har vært, og er, både hemmeleg og mystisk, og familiane har halde måla for seg sjølve. Båtbyggarar her i distriktet (Bjørnafjorden) likte ikkje å få augnatjuvar inn i naustet eller verkstaden. Om besøkande vart for lang i blikket, og såg ut til å leite etter alnastavane vart dei gjerne hivne på dør.
klinkeverktøy og klinking
Eg tenkte å skrive litt om klinkeverktøy, men det er håpløst å skrive om verktøyet uten å sette det inn i arbeidsprosessen. Verktøyet i seg sjølv er kanskje ikkje særs spennande eller finurlig, og det kjem i fleire variantar, men arbeidet er likevel ikkje "rett fram" og tankelaust.
Overbøre.
Eg ligg etter med å fortelje korleis det går med åttringen. I november og desember 2020 gjekk eg meg vill i trenaglar, åretta, naglasnitt og emneved. Eg grov meg heldigvis ned i tide, snakka med erfarne trenaglefolk, tok hensyn til emneved og lokale tilhøve, samt tilpassa arbeidet etter evne og forhold. Eg jobba for å skaffe meg nødvendig utstyr for å hjelpe meg sjølv og andre, samt å finne trygge vegval. Omsider kome eg ut i ope terreng, og trur no eg har ei viss forståing for trenaglane til båten slik at eg er klar til å jobbe vidare.