Brugdebåt
Denne brugdebåten er ein oselvar ladromsbåt som er spesialbygd til brugdefiske. Det er mykje mogleg at desse båtane har hatt oselvaråttringen som utgongspunkt for skapet (forma) dei har fått. Det intense brugdefiske på hordalandskysten pågjekk i ein knapp hundreårsperiode frå 1760 til 1850, etter 1850 var brugda vekke herifrå. Dei siste tiåra var det også berre ganske små individ å finne.
Sist eg helste på denne brugdebåten som heiter "Kvaringjæ" var den heilt nedlessa i ymse "ting og tang, og det verka svært vanskeleg å få båten rydda fram. Men etter stor innsats frå kulturinteresserte personar er no båten stilt ut i ei stor nothengja på austevoll.
Det er etter kva eg veit så langt, berre to brugdebåtar att av denne typen i våre dagar. I arbeidet mitt hittil er dette det næraste eg har kome dei gamle åttringane av oselvartype. Men brugdebåten er sagt å være kraftigare bygde, og dei skal ha meir bæring i framskuten enn ein rein åttring.
Det er alltid vanskelig å få forma på båten fram på eit bilde, men her prøver eg i alle fall å vise att "botn er strekt langt fram". Eller at "halsane legg seg fort ned". Dette for at båten skal kunne bære seg oppå sjøen når brugda er harpunert og stuper ned til havbotn. Det er sagt at brugda rant så fort nedover at mannskapet ombord måtte ause sjøvatn på harpunlina for at det ikkje skulle ta fyr i ripa. Om lina hekta seg fast i noko, eller med uhell rant utover båtsida istedefor ved framstamnen, kunne brugda dra ned båten på eit augeblikk.
Denne båten har også noko av tilfaret bevart fortsatt. Dette gir viktig informasjon om plassering av masta. Desse båtane var utstyrt med råsegl, og vart truleg aldri rigga om til sprisegl. Om mastetofta og tilja i seglrommet er borte er det ikkje lenger sikre spor på kvar masta sto. Det er uviss alder på denne båten, men den er truleg bygd mellom 1800 og 1850.
Se også
Innved, festemidlar og arbeidsprosess.
Eg har fundert på om moderne festemidlar som saum, spiker, skruar, og lim i staden for trenaglar, har ført til endringar på innveden i båtane.
Tanker kring den mystiske alnastaven.
Båtbyggarar har i århundrar støtta seg til alnastaven. Den har vært, og er, både hemmeleg og mystisk, og familiane har halde måla for seg sjølve. Båtbyggarar her i distriktet (Bjørnafjorden) likte ikkje å få augnatjuvar inn i naustet eller verkstaden. Om besøkande vart for lang i blikket, og såg ut til å leite etter alnastavane vart dei gjerne hivne på dør.
klinkeverktøy og klinking
Eg tenkte å skrive litt om klinkeverktøy, men det er håpløst å skrive om verktøyet uten å sette det inn i arbeidsprosessen. Verktøyet i seg sjølv er kanskje ikkje særs spennande eller finurlig, og det kjem i fleire variantar, men arbeidet er likevel ikkje "rett fram" og tankelaust.
Overbøre.
Eg ligg etter med å fortelje korleis det går med åttringen. I november og desember 2020 gjekk eg meg vill i trenaglar, åretta, naglasnitt og emneved. Eg grov meg heldigvis ned i tide, snakka med erfarne trenaglefolk, tok hensyn til emneved og lokale tilhøve, samt tilpassa arbeidet etter evne og forhold. Eg jobba for å skaffe meg nødvendig utstyr for å hjelpe meg sjølv og andre, samt å finne trygge vegval. Omsider kome eg ut i ope terreng, og trur no eg har ei viss forståing for trenaglane til båten slik at eg er klar til å jobbe vidare.