logo

Båten veks.

Publisert:
20.10.2020

Underbøreomfaret vert laga av tre delar på kvar side. Emna framme og bak i båten vert delvis hogget i fasong.

Denne våren med koronastengte skuler og heimeskule for ungane stod eg heime å hogg til fram og bakdelen av underbørene til åttringen. Det vart ganske korte arbeidsperiodar innimellom skulearbeid og oppsett av nettmøter og oppfølging av nettbasert skulearbeid.  Det var så og seie litt vanskeleg å få flyt i arbeidet. Tida gjekk, sola varma og eg var redd emna mine skulle sprekke i filler før eg fekk dei ned i tørkbar dimensjon. Etter hogginga vart emna lagt på tørking til eg var klar til å jobbe vidare med dei då botn var satt fast.

Bilde over. Framunderbøra til bløyting før dei skal spennast på båten.

Underbøreomfaret vert delt i tre delar på kvar side av båten. Dette gjer at eg får tatt ut mykje av svingen i omfaret i stykka framme og bak, så får eg eit ganske beint/rett langt bord på midten. Eg trur også eg må satse på å få utlegget til børa på dette omfaret slik at overbørene kan lagast av mest mogleg rette bord. Overbørene skal etter planen berre ha ein skøyt for å ikkje kome for nær andre skøytar i båten.  Dei må derfor være lange, og om eg må ha sving i dei borda må eg opp i svært dryg bordbredde. Det ser ut til at dei som har bygd båt før meg har klart å unngå dette med å ta ut forma i dei korte endestykkene på underbøra. 

Då eg spente  på underbørene oppdaga eg at eg har hogge underbørene av for lange emne. Eg mistar derfor litt fasong når eg passar dei til på båten. Dette er ikkje noko stort problem, men med all denne hogginga er det greit å spare seg for unødvendige meter. Dette har eg no notert meg bak høgre øyra slik at eg unngår å slite på bila berre for moro neste gong.

Bilde over. Nakken på framhalsen er klar til neste bord. 

Etter jobben med halsane er det godt å jobbe med felling av underbørene. Eg får tilbake litt av trua på meg sjølv og tenker at dette kan bli båt likevel.

Når eg no har fått på heile omfaret ser eg at bakhalsane mine truleg er noko drygare enn eg kunne ønske. Dette må eg ta omsyn til når eg skyt underbøra slik at ikkje bakskuten veks uhemma. Likevel, båten begynner å ta form, og godt er i alle fall det.

Se også

Innved, festemidlar og arbeidsprosess.

26.03.2021

Eg har fundert på om moderne festemidlar som saum, spiker, skruar, og lim i staden for trenaglar, har ført til endringar på innveden i båtane.

Tanker kring den mystiske alnastaven.

15.03.2021

Båtbyggarar har i århundrar støtta seg til alnastaven. Den har vært, og er, både hemmeleg og mystisk, og familiane har halde måla for seg sjølve. Båtbyggarar her i distriktet (Bjørnafjorden) likte ikkje å få augnatjuvar inn i naustet eller verkstaden. Om besøkande vart for lang i blikket, og såg ut til å leite etter alnastavane vart dei gjerne hivne på dør.

klinkeverktøy og klinking

01.03.2021

Eg tenkte å skrive litt om klinkeverktøy, men det er håpløst å skrive om verktøyet uten å sette det inn i arbeidsprosessen.  Verktøyet i seg sjølv er kanskje ikkje særs spennande eller finurlig, og det kjem i fleire variantar, men arbeidet er likevel ikkje "rett fram" og tankelaust.

Overbøre.

17.01.2021

Eg ligg etter med å fortelje korleis det går med åttringen. I november og desember 2020 gjekk eg meg vill i trenaglar, åretta, naglasnitt og emneved. Eg grov meg heldigvis ned i tide, snakka med erfarne trenaglefolk, tok hensyn til emneved og lokale tilhøve, samt tilpassa arbeidet etter evne og forhold. Eg jobba for å skaffe meg nødvendig utstyr for å hjelpe meg sjølv og andre, samt å finne trygge vegval. Omsider kome eg ut i ope terreng, og trur no eg har ei viss forståing for trenaglane til båten slik at eg er klar til å jobbe vidare.

Trenaglar

14.01.2021

Teknikk ved nagling, produksjon av naglane, materiale, dimensjonar, bruksområd