Bøygen og eg
Ein glad stipendiat har komme til botnar i noko han har grunna på lengje: Kvifor laga Girandoni tankane sine av plater? Og kvifor lodda han dei i staden for å smisveise?
Dette er eit skikkeleg gjennombrot, det vil eg seie: Vegleiaren min i Tyskland, Karl Wolff, rådde meg frå å lage tankane på den opphavlege måten og sa eg burde dreie dei ut av eit massivt stykke stål. Han såg det med auga til ein røynd mekanikar, tenkte på lodda lufttankar som ustabile granatar og kjende ikkje til varmforming av plate rundt ein dor. Eg kan godt forstå han og var ei lang tid samd med han. Konseptet med å lage eit kremmarhus av ei plate og klinke henne saman lyder primitivt. Dei amerikanske børsemakarane som har prøvd å kopiere Girandoni sitt system dreia tankane av massivt stål, t. d. Martin Orro. Ernie Cowan frå Chambersburg, Pennsylvania, som diverre gjekk bort i 2018, er den einaste eg veit om som har klart å lage trykktankar av stålplater i nyare tid. I Europa veit eg ikkje om nokon som har funne på noko slikt dei siste hundreogfemti åra, så det var på høg tid me tok opp tråden .
No står eg her ved arbeidsbenken min og tenkjer: Kor glad eg er at eg var så sta og galen, tok mot til meg og heldt meg til konseptet til Girandoni. Skulle eg ha laga tankane ved å dreie dei av massivt stål, ville det ha gått med minst 9,66 kilo per tank og eg ville ha produsert bøttevis med spon som eg måtte kaste etter mange timar med utvendig og innvendig konisk dreiing. Slik eg har gjort det no, går det med 1,2 kg, altså ca. 12 % av det eg elles ville ha brukt. Så klart Girandoni også klinka dei av jernplater, alt anna ville vere sløsing, både med material og tid. Dessutan, ein klinka tank vil vere lettare i vekt og ha større kapasitet fordi det er plass til meir luft innvendig. Meir luft medfører at ein kan skyte fleire kuler før tanken er tom. Testen min synte at konseptet til Girandoni klarar 100 bar, truleg meir, om eg får bukka kanten bak. Og skinnpakningane vil truleg byrje å flyte ut på litt over 60 bar. Arbeidstrykket ligg berre på 54 bar. Kvifor er det ikkje høgare? Nei, det t r e n g ikkje vere høgare. 54 bar gjer susen. Det er nok. Nok med ein ”k” i ”nok”. Den manuelle pumpa til å fylle tanken med er dessutan slik laga at ein ikkje klarar å pumpe høgare trykk i flaska og slik unngår flaskesprengjing. Dette tenkte Girardoni på. Lærlingen min, Børre, nikkar. Han gler seg til neste trykktest og har allereie fått hjelmen på. Stålhjelm.
Og kvifor skulle Girardoni smisveise stålplata i sida? Han ville likevel ikkje kunne sveise botnen, der ville han ikkje ha komme til med mothald på ambolten sin. Botnen er den svakaste delen og den måtte hardloddast. I dag kunne me ha sveist konstruksjonen med ikkje smeltande wolframelektrode, men du verden så sterk ei loddefuge med messinglodd er.
Her er eg ved kjernen i saka: Kvifor kjenner me oss forplikta til å overdimensjonere og endre på noko som har fungert heilt utmerka? Er me så skråsikre på at me kan gjere det betre berre fordi me er komne lenger i tilverkjingsteknologien? Girandoni hadde god kjennskap til materiala han arbeidde med , kanskje betre enn mange av oss i dag. Han visste at jernplater ville halde trykket om kvaliteten var god nok. Det er også berre tre usle spissgjenge i front som skal halde ventilen. Det ser svakt ut, men er meir enn sterkt nok til å tåle trykket, så kvifor lage fleire?
Hadde eg følgd rådet til vegleiaren min, teke den sikre vegen og dreia flaska av ein aksling, ville det sikkert ha vorte ei trygg flaske som ville ha tålt 200 bar, men eg ville aldri ha funne ut det eg har funne ut no.
Og kva seier det meg som handverkar? Jau, det er så utruleg viktig å gå heilt attende til kjeldene og prøve å kopiere nøye etter så historisk korrekte metodar som mogeleg. Ikkje for å få det beste resultatet utifrå tekniske rammevilkår av i dag, men for å forstå handverkaren. Gjer me det, vert me tvinga inn i den same problematikken som handverkarane sto i for 200 år sidan: Me vert nøydde til å finne ut kva handgrep me må ta, kva hjelpeverkty me må lage og kor grensene til materialet ligg. Det er ikkje så enkelt som å skrive eit maskineringsprogram, spenne opp ein tretoms legert aksling på over ti kilo, lukke døra, trykkje på knappen og la heile stasen forsvinne i ein dis av kjølevæske og brumminga til eit femaksa maskineringssenter. Eg kunne ha gjort det, men eg ville gått forbi så mykje kunnskap og innsikt. Det er mykje Peer Gynt i dette: ”Gå udenom, Peer! Den er stor nok, hejen”. Men når gjekk sist stipendiatar utanom?
I slike stunder vert eg fylt av takksemd, stor takksemd for at eg får høve til å tøffe meg litt mot Bøygen på desse smale og attgrodde stiane i handverket vårt. Tru meg, folkens, vegen ER målet. God helg!