Båtbyggerens blogg

Dette handlar om skog, sjø, nedarva kunnskap, formforståing og tradisjon.

Berit Osmundsen

Båtbyggeriet.

Publisert: 11. mars 2020

Det har tatt tid å komme igang med båtbygginga, men no rullar det endeleg framover. Eg får låne dette lagerskuret på Hordamuseet til å bygge åttringen i. Det har vært brukt til å lagre gamle landbruksredskap/maskinar, men no er det rydda og klargjort for båtbygging.

Berit Osmundsen

Mjuke skrog.

Publisert: 12. feb. 2020

Eg har i vekene etter nyttår jobba med å få klart eit lokale/skur eg kan bygge båten i. Det har tatt tid å tilrettelegge i skuret og frakte materialar og verktøy/utstyr fra Os til Hordamuseet på Stend. Det er der eg får låne lokale. Eg har også jobba litt i skogen med å få dei siste to stokkane eg treng til båten. Undervegs i dette arbeidet har eg fundert over kva som gjer mjuke skrog sterke nok til å tåle dei belastningane dei vert utsatt for. I dette inlegget vil eg prøve å skrive/vise det eg funderar på.

Berit Osmundsen

Endeleg oppstart på åttringen.

Publisert: 9. des. 2019

No har eg  endeleg kome igang med å bygge åttringen. Lokale eg skal bygge båten i på Hordamuseet er snart ledig, og det er ikkje lenge før eg kan begynne å reise båten der. Eg jobbar med delane til reiset til åttringen på Oselvarverkstaden og vil sette kjøl, lot og stamn saman på Hordamuseet like over nyttår. 

Berit Osmundsen

Kane 2

Publisert: 14. nov. 2019

Kane.

Eg har fundert ein del på kva funksjon kaninga har og kvifor båtbyggarar ser ut til å ha brukt tid på denne vesle «tappen» på stamnen. Eg har både lese og høyrt ymse teoriar og meiningar om kvifor dei gamle båtane er bygd med kane, men ingen av teoriane har verka heilt gode nok synes eg. No då eg skal i gang med ein åttring og vil bygge denne med kane bør eg ha ein klar formeining om kva oppgåver dette «tappen» skal fylle. Berre slik kan eg vurdere om eg gjer ein god jobb med å lage kanet, og om kanet fyller oppgåva si i skroget.

Berit Osmundsen

Båtslakt.

Publisert: 14. nov. 2019

På Oselvarverkstaden er det tradisjon for å holde "båtslakt" når ein båt er ferdig. Dette går ut på at båtbyggaren først fortel om kva bruk båten er tenkt å høve til. Deretter går båtbyggaren gjennom kva ho/han sjølv synest om arbeidet, prosessen, handverket og skapet (fasongen). Det er viktig at både gode og dårlege sidar ved produktet og byggeprosessen kjem fram. Så får alle båtbyggarane og lærlingane kome med sine vurderingar og synspunkt.

Berit Osmundsen

Ein liten detalj

Publisert: 22. okt. 2019

Kanet på båten er ein liten "trekant" forma frå stamnemnet, den står der ripebordet landar på stamnen. Over kanet står stamntoppen. Dei gamle båtane er bygd med kane, men denne detaljen har med tida blitt rasjonalisert vekk. Min læremeistar Harald Dalland lærte ikkje å bygge med kane.

Berit Osmundsen

Banding.

Publisert: 21. okt. 2019

Til no har eg berre sett og målt opp ein liten åttring, og det er mykje eg er usikker på i båten eg skal bygge.

Berit Osmundsen

Underbøre.

Publisert: 9. sep. 2019

No har eg jobba med tredje omfar og båten byrjar å ta form. 

Berit Osmundsen

Nye halsar og botn.

Publisert: 31. aug. 2019

Denne veka har eg jobba med nye halsar. Eg har fått botn i båten og hatt eit givande besøk av fiskar og båtbyggar Nils Olav Solbakken. Han har bygd både større og mindre båtar, både oselvarar og nærliggande tradisjonsbåtar. Vi fekk snakka om skapet (forma) på halsane og kjølrenna. Han hadde også med seg nokre spanande båtdelar frå ein gamal seksæring på 12 1/2 båtalen.

Berit Osmundsen

Halsane.

Publisert: 24. aug. 2019

No er kjølrenna fast og ferdig skutt og det er på tide å få på plass halsane. Toppbiltet viser snitt frå midten av ymse oselvarar. Eg har teikna dei opp for å prøve å sjå system i rotet.

Utforsk bloggen