Overbøre.
Publisert: 18. jan. 2021Eg ligg etter med å fortelje korleis det går med åttringen. I november og desember 2020 gjekk eg meg vill i trenaglar, åretta, naglasnitt og emneved. Eg grov meg heldigvis ned i tide, snakka med erfarne trenaglefolk, tok hensyn til emneved og lokale tilhøve, samt tilpassa arbeidet etter evne og forhold. Eg jobba for å skaffe meg nødvendig utstyr for å hjelpe meg sjølv og andre, samt å finne trygge vegval. Omsider kome eg ut i ope terreng, og trur no eg har ei viss forståing for trenaglane til båten slik at eg er klar til å jobbe vidare.
Trenaglar
Publisert: 15. jan. 2021Teknikk ved nagling, produksjon av naglane, materiale, dimensjonar, bruksområd
Båten veks.
Publisert: 21. okt. 2020Underbøreomfaret vert laga av tre delar på kvar side. Emna framme og bak i båten vert delvis hogget i fasong.
Botn
Publisert: 20. okt. 2020Det er krevjande arbeid å få på plass ein botn med godt innløp og slepp, passe bæring og bæring på rett plass i båten i høve til plassering av mannskapet og last.
Mølleren.
Publisert: 1. okt. 2019Eg har leita mykje etter store båtar å måle opp for åttringsprosjektet mitt, og det har vært lite å finne. Men eg har vært så heldig å få opplysningar og bilder frå Arne Høyland av ein båt som ser ut til å kunne være ein åttring. Dette er ein båt som vart registrert under "Båt og sjøbruksregistreringa i Voss" i 1999. Der var det også registrert opplysningar om eigar. Her hadde eg ein flott tråd å følge :) . Desverre var det ikkje så enkelt å koma i kontakt med noværande eigar som eg håpa. Etter iherdig innsats frå Atle Ove Martinussen, fann vi likevel ut kvar båten ligg og fekk kontakt med eigaren.
Kjølrenna
Publisert: 25. mai 2020Eg har endeleg fått satt igang med båtbygginga etter to månader med heimeskule for ungane. Emna til kjølrenna har stått laust på kjølen heile denne tida, og berre venta på å bli sikta inn og tilpassa.
No har eg satt kjølrenna og skote rundt omfaret.
Eg har undra ein del over korleis skytinga og legget på kjølrenna må være for å legge grunnlag for ein høveleg botn.
Kan hende det vert litt repetisjon i dette blogginlegget, det trengst ofte for å komme igang igjen :)
Båtbyggeriet.
Publisert: 11. mars 2020Det har tatt tid å komme igang med båtbygginga, men no rullar det endeleg framover. Eg får låne dette lagerskuret på Hordamuseet til å bygge åttringen i. Det har vært brukt til å lagre gamle landbruksredskap/maskinar, men no er det rydda og klargjort for båtbygging.
Mjuke skrog.
Publisert: 12. feb. 2020Eg har i vekene etter nyttår jobba med å få klart eit lokale/skur eg kan bygge båten i. Det har tatt tid å tilrettelegge i skuret og frakte materialar og verktøy/utstyr fra Os til Hordamuseet på Stend. Det er der eg får låne lokale. Eg har også jobba litt i skogen med å få dei siste to stokkane eg treng til båten. Undervegs i dette arbeidet har eg fundert over kva som gjer mjuke skrog sterke nok til å tåle dei belastningane dei vert utsatt for. I dette inlegget vil eg prøve å skrive/vise det eg funderar på.
Endeleg oppstart på åttringen.
Publisert: 9. des. 2019No har eg endeleg kome igang med å bygge åttringen. Lokale eg skal bygge båten i på Hordamuseet er snart ledig, og det er ikkje lenge før eg kan begynne å reise båten der. Eg jobbar med delane til reiset til åttringen på Oselvarverkstaden og vil sette kjøl, lot og stamn saman på Hordamuseet like over nyttår.
Utforsk bloggen