logo

Thumbs up!

Publisert:
08.06.2020

HMS er inga enkel sak…

Det er ein av dei varme dagane i juni. Eg står framleis og feller inn heimestøypte messingdelar i tyrkisk nøttetre. Skal dette ingen ende ta? Fingrane er fulle i sverte og augo svir etter timevis med lupearbeid. Temmeleg groggy. Trestøvet legg seg over alt. Snart lunsj. Eg vaskar hendene og ser meg i spegelen. Noko av sverten har eg fått i trynet også. Blåsvarte ringar rundt augo. Omtrent slik må det vere å vere tretten år og tjuvlåne sminkeskrinet til mamma for fyrste gong.   Eigentleg ser eg meir ut som ei krysning mellom Max Schreck i rolla som grev Orlok, vampyren i "Nosferatu", og ein litt sliten vaskebjørn.  Å måtte vere inne i ein mørk kjellar i vekesvis i trekk medan sola skin og fuglane syng, det set sitt preg på ein liten stipendiat.

Farer lurer overalt. Eg har jobba sidan kvart på seks i dag tidleg.  No gler eg meg, det er klart for dagens høgdepunkt: I den nederste verkstadskuffa mi ligg det nemleg to havrekjeks.  Det skal vere to dersom ikkje musa har vore der, då. Katten min, Bent Erik,  passar på, så sjansane skulle eigentleg stå i min favør. Skuffa glir opp, og der ser eg han. Havrekjeksen. O sæle stund! Eg strekkjer ut ein sprukken arbeidsneve mot den velduftande vennen min frå Sætre kjeksfabrikker, men strekkjer meg visst ørlite for langt: Gensaren kjem borti handtaket til hammaren som ligg oppe på ambolten.  Hammaren finn brått ut at her har han lege lengje nok og tek like godt vegen ned mot golvet. Resultatet er eigentleg som forventa: Havrekjeksen er i tusen knas og stipendiaten strekkjer ein blodraud tommel i vêret medan han stemmer i med fyrste vers av opningsscena til «Sound of Music»: «The hiiiiiilllllls are aliiiiiive, with the sound of muuuuuuusic.»

Katten gløser opp på meg. Nei, trefte ikkje tonen der, nei.  Det skulle vore ein D, men det vart eit litt for kort hopp det halve steget opp frå Ciss. Hadde ikkje fått applaus frå Julie Andrews, heller, sjølv om eg burde ha fått ekstrapoeng for innleving og ein sjeldan god vibrato. Kva no? Lappesaker. Norgesplaster. Og dette kallar ein lunsjpause.

På radioen har det i mellomtida også brote ut full action: NRK Nyheter melder om at i Ålesund har brannetaten og politiet rykka ut og sperra av eit område i tre hundre meters omkrins. Like ved eit kjøpesenter, utanfor eit av utsala til TESS, står det visstnok ei ustabil flaske med nitrogen. Bent Erik spissar øyro og eg skrur opp volumet: «Vi er no på åstaden. Brannvesenet her i Ålesund har akkurat køyrd ut ein minirobot med kamera rundt hjørnet der flaska står. Heile brannmannskapet sit no på kne framfor ein videomonitor her ved TESS . Overbrannkonstabel, kva ER det som skjer?» Overbrannkonstabelen, ein sindig sunnmøring som tydeleg har vore ute ein vinterdag før, prøver å avdramatisere situasjonen og seier: « Vel, det er no berre ei nitrogenflaske. Og nitrogen er ikkje ein brennbar g…»  Meir får han ikkje sagt.  Reportaren, som no mest minner om ein utålmodig foxterrier utanfor eit minkehi, glefser til:»Men kva ER det som skjer? Eg ser bevæpna politi er på staden med skarpladde rifler. Har vi ein SKARP situasjon her no, overbrannkonstabel?» «Vel, karane frå lensmannskontoret er no berre her om vi skal setje eit lite hol i flaska og sleppe ut gassen», forsikrar sunnmøringen med ei  faderleg stemme.  Dette skulle gå heilt fint, for...."  Reportaren bjeffar vidare: «Ja, som de høyrer  ser det altså ut til at vi har ein SKARP situasjon her i Ålesund sentrum. Den ustabile gassflaska er usikra og heile området er sperra av. Alt kan skje. Politiet er no væpna og i full beredskap. Vi kjem tilbake så snart den dramatiske situasjonen i Ålesund sentrum utviklar seg.  Tilbake til studio.»

«Vel, vel, Bent Erik. Kva seier du til det?» Katten ristar oppgitt på hovudet.  Eg også. Girardoni trykktesta rundt hundre lufttankar i veka. Og det var innandørs.  Utan korkje verneklede eller hørselvern. Pumpa dei opp med femten hundre omdreiningar på det heimelaga pumpeverket til dei vart så heite at dei freste. Vel ein tredel av tankane eksploderte faktisk inne i verkstaden hans så stålflisane spruta. Kva hadde Bartholomeus sagt om han hadde vore her i dag og sett oppstyret utanfor kjøpesenteret i Ålesund? Eg plukkar opp restane av havrekjeksen frå haugen med høvelspon og ser at det er akkurat nok pulverkaffi att i posen til eit halvt krus. Venstre tommel fungerar også sånn nokolunde, sola skin,  skjølpene er kvasse og stemninga stig. Så bryt det ut frå radioen: «Vi er tilbake med ei ekstrasending her, direkte frå Ålesund sentrum. Trente skarpskyttarar frå politistyrkane har nettopp avfyrt fleire velretta rifleskudd mot den farlege flaska  og har no nøytralisert henne. Akkurat no har politiet gått inn, sikra objektet og frakta det ut av Ålesund sentrum. Spesialtrent personell skal no destruere gassflaska på ein sikker stad.  Den svært spente situasjonen i Ålesund sentrum ser altså no ut til å vere over.  Tilbake til studio.»

Destruere. Skulle mest tru det var snakk om ei udetonert flybombe frå andre verdskrigen.   Vonar berre det spesialtrente personellet  har vit til å vare på stålet i flaska. Girardoni ville ha stampa både fela si og skjorta si og sjela si for det stoffet der. I nitrogenflasker vert det nemleg nytta krom vanadium. Luksus. Med ei slik superlegering kunne salige Bartholomeus ha laga dei beste vindriflene verda har sett.

Det er då eg kjem på det: Det låg t o havrekjeks i skuffa. Altså må det vere ein att, ikkje sant? Det rumlar enno litt i børsemakarmagen. Skal eg? Skal eg ikkje? Freistinga vert for stor: Eg bøyer meg ned og strekkjer forsiktig høgre handa ut mot skuffa. Jau, havrekjeksen ligg der. Fantastisk. Eg får fiska ut den flate kjeksen og let  skuffa forsiktig att med tre fingrar.  Då høyrer eg at noko tungt er på veg. Eg visste det var noko eg hadde gløymt.  Smihammaren. Han låg der han skulle liggje, han. På ambolten. Men ikkje no lenger.

Ein feil er ikkje ein feil før du gjer han to gonger. Men trøysta er: Denne gongen treffer eg tonen. Perfekt. The hills are alive. With the sound of music….

Se også

I regnskogen

09.08.2020

På jakt etter jungelstemning? Ingen grunn til å reise til Brasil, for på Vestlandet er me allereie i monsunmodus…

Det enkle er ofte det beste

17.07.2020

Javisst…

Hot or not?

20.06.2020

Uansett, det er svært få i verkstaden vår som klagar på at dei frys nett no…

No livnar det i lundar

15.05.2020

ingen tvil om det...

Illusjonar...

06.05.2020

…kan vere så mangt. Det er ikkje alltid ting er nett slik dei ser ut som.