logo

Mot jul

Publisert:
20.12.2019

Det nærmar seg høgtid og det er full fart i verkstaden…

«Bent Erik, er ikkje livet fantastisk?» «Mjau», svarar katten, og det er så nært «jau» at eg tolkar det som eit ja. Og det ER fantastisk. Tenk så heldige me er: Vere inne i desember, ikkje ute og blande betong til ei eller anna forskaling eller bere på søkkvåt 2’’ x4’’  medan vatnet kryp oppetter ermene og ei halvsløv sirkelsag kvin i øyro. Nei, me er heldige. Bent Erik er dessutan komen i julemodus. Han planlegg presang til nabokatten, Carl Ivar:«Hugs på miljøprofilen, Bent Erik. Er ikkje du vorten klimanøytral? Du veit vel at harde pakkar er ut, ikkje sant? Opplevingar, derimot, er in. Kva med å droppe den tradisjonelle julepresangen og gje Carl Ivar ei oppleving i staden?» seier eg og smilar.  Katten ser på meg med eit hånleg blikk, trur han veit kva eg siktar til. Nei, sannsynlegvis  fekk Carl Ivar nok av minnerike opplevingar sist gong han var her.

Trur eg bør passe munnen min no. Eg bør fare stilt i dørene. Vel har eg vore flink og resirkulert messinghylser, men eg har brent min del med propangass, oljekoks og steinkol, så eg trur eg har brukt opp CO2kvoten min for lange tider. Verst var det i fjor: «Hugsar du, Bent Erik?   Den gongen under ekstremtørka i juli?  Midt i fellesferien, då alle badegjestane raste rundt på vågen med vannscooter og badering?  Då det var så knusktørt ute at brannvesenet hadde sendt ut spesialvarsel og absolutt forbod mot all form for open eld? Då me lurte på om det snart kom våpenkort på stearinlys og fyrstikker?  Det aller verste var at det då var slutt på propangassen til storeomnen og me berre   m å t t e  klare å lage ein porefri låskasse før tida gjekk frå oss.  Ikkje var det trekol att på lageret heller, men ein sekk med engelsk steinkol, så me fyrte opp essa midt ute på tunet og røykla heile området. Hugsar du det, pus?  Den dagen sola forsvann? Ein skyfri dag i juli?  Der og då hadde me gløymt alt om tørke og grillforbod og dansa rundt essa som ville indianarar, glade for at me endeleg kunne få varme under digelen.  Hadde det ikkje vore for Sigvald, den velsigna brannsjefen vår, som er lafteentusiast og over gjennomsnittet interessert i smiing og tradisjonshandverk, ville me ha vore i trøbbel. Definitivt.  Onkel ville også ha komme på besøk. Han hadde teke oss med på tur i  den fine Mercedesen sin med dei gule refleksstripene.  Heilt sikkert.

Tenk at det heile starta med eit foto og ei skisse ein haustdag for over to år sidan, i ei museumssamling i ein nedlagt porselensfabrikk i Suhl:

Så var det å komme seg heimatt og få opp ei lita bu før vinteren sette inn for alvor:

Om kvelden var det om å gjere å nytte timane til å høvle til og stemme ut malar i tre:

 

 

Omsider vart bua og omnen ferdig, slik at me kunne fuske litt i gjørtlarfaget:

Malane kunne leggjast i sand og støypinga planleggjast.  Så var det å smelte messingen og vone at det vart ein avtrekkjarbøyle av det. Det vart det slettest ikkje alltid, for mykje gjekk gale.  Takk, Bent og Kåre Ramberg! Utan dykk fagfolka på Bakklandet i Trondheim hadde eg aldri fått smelta mi fri for oksid og slagg….

 

Men no står me her, pus, og filar på avtrekkjarbøylen.  Og me er nesten ferdige. Er ikkje det fantastisk? Og me står inne, ikkje ute slik me gjorde for to år sidan, overskrevs på taket i stiv kuling og sluddbyger frå nordvest med hovudlykt og tjukke oljeklede for å få mønekjølen på og tett tak før jul.

Girardoni gjorde sikkert mykje av det same då han trilla inn til Wien med hest og kjerre, ambolt, filer, kone og ungar ein sein haustdag i 1779.  Han hadde fått tilvist bustad av grev Colloredo. Det var eit kaldt og fuktig murhus nedanfor slottet i  Schönbrunn. Bartholomeus var 33 år gammal. Familien skulle feire si fyrste jul i ein stor by, langt borte frå heimlege Cortina d’Ampezzo. To hus lengre borte var det plass til å lage seg ein verkstad.  Truleg måtte Girardoni  gjere det same som meg: Mure omn, lage malar, snikre støypekassar, hente sand, sanke messing og få opp ein grovverkstad før vinteren sette inn. Kontrakten med arsenalet og krigskommisariatet var underskriven og feltmarskalkane pressa på. Bartholomeus hadde femten hundre rifler som måtte bli ferdige.  I desember 1779 var klokkemakaren og multigeniet endeleg komen nokolunde på plass og kunne starte på oppdraget for keisar Josef.  Men kvifor så mange detaljar? Kvifor lage forma til avtrekksbøylen så komplisert når han hadde så mykje anna arbeid som pressa på?  Kvifor file til eit vakkert og komplisert liljemønster i avtrekksbøylen på ei militærrifle? Kvifor så flott? Så elegant?  Våpenet ville ikkje skyte betre for det, og arbeidet med trykklufttankane var meir enn vanskeleg nok.

 

«Pus, kva seier du? Kan du forstå det?»  Bent Erik er oppteken med julepresangen til Carl Ivar. Tape, julepapir og band er på plass. No treng han hjelp med å pakke inn: Han ser på ein stor lilla sekk med tørrfôr.  «Kvifor pakkar du ikkje inn ein boks med First Price til Carl Ivar? Det er billegare. «

Bent Erik ristar på hovudet og nikkar mot økonomipakken med Whiskas. Den med kylling.  «Du er eigentleg glad i Carl Ivar?, ikkje sant? Berre tilstå. Inst inne er du glad i han.«  Katten plirar med augo. «Eller er det fordi du ikkje vil stå på svartelista til julenissen?» seier eg og smiler skjelmsk til den firbeinte handlangaren min.

 

Det nærmar seg jul, Bent Erik! Lat oss gje gass!

 

Se også

I regnskogen

09.08.2020

På jakt etter jungelstemning? Ingen grunn til å reise til Brasil, for på Vestlandet er me allereie i monsunmodus…

Det enkle er ofte det beste

17.07.2020

Javisst…

Hot or not?

20.06.2020

Uansett, det er svært få i verkstaden vår som klagar på at dei frys nett no…

Thumbs up!

08.06.2020

HMS er inga enkel sak…

No livnar det i lundar

15.05.2020

ingen tvil om det...