logo

Hot or not?

Publisert:
20.06.2020

Uansett, det er svært få i verkstaden vår som klagar på at dei frys nett no…

Ingen tvil. Sommaren er her. For ein hårlaus vestlending som er bortskjemt med forfriskande nedbør i elleve av årets tolv månader  verkar det som om nokon brått har skrudd på varmluftomnen. Til tider får eg mistanke om at eg er etterlatt på feil side av steikeomnsdøra. Sola, den svære gule kula midt på himmelen, får lufta til å vibrere utanfor kjellardøra som i ein gammal westernfilm med Clint Eastwood.   Sveitten renn. Katten har det på same måte: Han har gøymt seg under fresemaskina lengst inne i kjellaren og nyt kjensla av kaldt støypejern frå Friedrich Deckel, München, mot varm kattemage. Morgonane og kveldane er utan tvil den beste tida: Då går det an å opne eit verkstadvindauge utan å få kjensla av å verte føna med varmepistol. Midt på dagen må ein vere forsiktig så ein ikkje i vanvare trakkar på si eiga tunge.

Tankane mine går til Girardoni i verkstaden sin i Wien: Han og skjeftaren hans, Franz Colli, må sikkert ha hatt det på akkurat same måten.  Dei måtte gjennom akkurat dei same tidkrevjande arbeidsstega som eg. Dersom det var tidspress på leveransane, kvifor var det då så viktig å lage skjeftet så forseggjort? I våre augo kan det verke framandt, infanteristen av i dag er ikkje oppteken av at våpenet hans er forsynt med dekorerte beslag i blinkande gul messing. Tvert imot.  No er det ikkje fargeglade uniformar med raude bandolær og store hattar som gjeld.  Denne tankegangen forsvann ut av hæren ein gong på 1800-talet, like etter at perkusjonslåsen gjorde sitt inntog og messinghylsene var på veg, ei oppfinning som skulle revolusjonere all våpenteknikk.  Men i 1790 skulle det vere forseggjort. Elegant. Vakkert. Sirlig. Stilreint.  Mange gonger kunne eg ynskje at me hadde helde litt på denne estetikken. Det er litt som seglskutene med forgylte gallionsfigurar under baugsprydet samanlikna med dei blågrå dieseldrivne stålskipa med radarantenner og digitalt styrte maskinkanoner av i dag. Eit eller anna har me mist på vegen. Det er ikkje funksjonaliteten, men det er noko anna.

Og det er nettopp «noko anna» eg har sett litt nærare på: Somme gonger må eg faktisk til med lupe. Lauva og kurvene i munningsbeslaget går i tre dimensjonar. Alle flatene skal fuge, og det kan berre gjerast med eit spesialverkty: tolmod. Når det er slutt på tolmodet, tek supertolmodet over.

 

Tanken på at Girardoni bala med det same er ei stor trøyst. Å få til gode pasningar er ikkje enkelt, og det er lett å sjå at meistarane før oss har streva.  Rifla i Suhl fekk i tillegg eit slag i munningen, slik at stokken knakk på denne tynne staden. Velmeinande kuratorar på sekstitalet reparerte med glasfiber, slik det er å sjå på den høgre sida av rørka:

Dette vonar eg menneska i framtida skal sleppe å gjere med vår rifle. Her ligg treet så godt an mot messingen som det er råd å få til. Heldigvis har me litt betre tid enn Girardoni. Ein skrue i messing bind i tillegg til to stålstiftar munningsbeslaget mot stokken.

No har eg også fått på plass den bakerste rørka med liljemønsteret. Innfellingsarbeidet var spanande, for enden var ikkje noko tynt blekk, men eit massivt stykke som var krumma i sideretninga. Alle sidene hadde ein lett skråkant som slutta inntil forskjeftet. Sverte og sminkekost måtte til, heilt til eit tynt svart band rundt heile kanten viste at pasninga var korrekt:

Akkurat på denne staden møter bakre delen av forskjeftet den fremre delen av forskjeftet. For at rifla skal verke elegant og smekker, må kanten oppe ved løpet vere om lag 1/16 tomme tjukk, ikkje meir. Den same avstanden skal det vere mellom utsparinga for pussestokken og undersida av skjeftet også. Under har eg høvla ned til 1/8 tomme står att. 

For å skåne kanalen til pussestokken, lagar eg ein ekstra pussestokk i mjuk furu som eg høvlar plan på eine flata. Med eit tilsvarande stykke mjukt tre i løpskanalen kan eg spenne opp forskjeftet utan å øydeleggje dei kvasse kantane.

Bakskjeftet må rundast, men alle flater    m  å     vere plane i lengderetninga. Hårlinjalen viser meg kor eg må ta av materiale. Det bør vere lystett heile vegen. Humpar og små søkk her kjem elles til å sjå ut som tidenes ølmage når skjeftet skal finskrapast og polerast etterpå, så det er viktig å få alt plant først som sist.  To arbeidslampar hjelper til med å få bort alt av skuggar.

Når fremre delen av forskjeftet og den bakre delen av forskjeftet er grovt forma, er det tid for å forme overgangen mellom desse to delane. På originalen frå Suhl er det lett å sjå at det er to kurva flater som møter kvarandre:

Radiane til bakre delen av skjeftet er større enn radiane til den fremre delen av skjeftet. Senterlinja for desse delane skal difor gradvis gli over i einannan. Kor godt eg får det til, avheng av kor godt eg klarar å tolke linjeføringa. No står berre detaljane att. Detaljane som avgjer alt og seier oss om me seinare har eit skjefte eller ei klubbe i nevane.

«Kva seier du, Bent-Erik? Hot or not?» Frå verkstadhjørnet er det heilt stille. Ikkje ein lyd. Ein hale stikk ut under det lysegrøne maskinfundamentet. Katten søv. Han samlar krefter til neste økt…

Se også

I regnskogen

09.08.2020

På jakt etter jungelstemning? Ingen grunn til å reise til Brasil, for på Vestlandet er me allereie i monsunmodus…

Det enkle er ofte det beste

17.07.2020

Javisst…

Thumbs up!

08.06.2020

HMS er inga enkel sak…

No livnar det i lundar

15.05.2020

ingen tvil om det...

Illusjonar...

06.05.2020

…kan vere så mangt. Det er ikkje alltid ting er nett slik dei ser ut som.