logo

Grønn og liten

Publisert:
27.10.2019

 sjøsjuk, men fornøyd. Bli med på ei inkontinental sightseeing i Vår Herres tivoli…

 

 

Det er sundag føremiddag i Bergen og ein liten grøn Land Rover rullar inn på MS Stavangerfjord. No er eg og den tilårskomne engelske ladyen klar til ein ekspedisjon me har planlagt lengje, nemleg å reise til Thüringen og ta mål av skjeftet til Girardonirifla.  Skikkeleg nybrottsarbeid, for etter det eg veit, har ingen dokumentert skjeftemåla til dette våpenet før. Likeeins, me skal trengje til botnar i mysteriet rundt den gåtefulle ventilen og eg har fått avtale hjå nytilsett kurator og børsemakermeister Jörg Schulze på Waffenmuseum Suhl. Den fantastiske gjengen hjå Auto -Mek på Hosteland, Hans, Odd og Torleif, har arbeidd på spreng, fiksa EU-kontroll, skifta endeledd og justert ABS-ventil på bilen, slik at eg kan komme meg til Tyskland før snøen set inn. Gud signe desse trufaste handverksbrødrene våre!

 

Turen over Kattegat går heilt smertefritt for seg. Ikkje skvalpesjø og rulling. Fint vêr og sol. Hmmm. Eg byrjar å verte mistenksam. Dette ser litt for perfekt ut, ikkje sant? Eg vrir om på nøkkelen og tøffar ut på kaien i Hirtshals. Framfor oss ligg litt over tusen kilometer med kusking. Lang dag på Autobahn for ein liten grøn ein som gjer sitt beste, men som er litt kortpusta og trivst best i  åtti. Bilen bør kunne vegen no, me har vore her før. Mange gonger. Likevel, i dag er det noko som ikkje stemmer. Eg kjenner det på meg...

Like sør for Hamburg er det tid for å fylle diesel, og då eg kikkar under bilen, ser eg at me har ei utfordring: Det dryp av dieselslangen frå pumpa inn mot trykkregulatoren. Ikkje mykje, men litt. Og jamnt. Søren også. Eg teita jo dei siste slangeklemmene like før eg reiste. Og då var slangen heilt tett. Må vere all humpinga etter vegarbeidet sør for Århus. Eg kan godt forstå det: Når ein har hatt eit  så langt og innhaldsrikt liv som lady Land Rover kan ikkje alt vere like stramt og spenstig lenger. Eg tenkjer på det, me har humpa opp og ned over temmeleg mange asfaltskøytar og gjennom ganske mange slaghol i det siste.  Det er ikkje alltid det er nok å reise heimefrå med såpevaska understell. Heilt naturleg at det kjem ein skvett her og der, men kva gjer me no?  Tena Lady? Kanskje i kombinasjon med litt sølvtape? Hm. Eg køyrer inn på parkeringsplassen, opnar nistepakka mi, grublar litt og unner meg ein ørliten høneblund...

«Eine Schande ist das! Umweltverschmutzung!» Ei skarp stemme vekkjer meg brått på tysk. Til venstre for meg står ein italiensk bubil med to pensjonistar inni. Ein heller fyldig herremann med hatt, hund og tydeleg utestemme peikar på ein større dieseldamm under bubilen og er i full diskusjon med pensjonistane. Italienarane ristar fortvila på hovudet og gestikulerar vilt med begge hendene. Omgrepet «å kjenne sin besøkelsestid» får brått fornya aktualitet: Eg sig forsiktig nedover i setet til nasa akkurat skottar over rattet, startar , ryggar roleg ut og siktar meg pent inn mot neste påkøyringsfelt til Autobahn.   Då me har fått gøymt oss i høgrefeltet mellom to semitrailarar frå  München mumlar eg stille: «Neste gong, min venn, når me fyller tanken din, skal det vere heilt mørkt. «

Og det vert det: Klokka halv elleve same kveld parkerar me i den vesle tettstaden Schnepfenthal, ikkje så langt frå Eisenach, fødebyen til Johann Sebastian Bach.  Her er planen å overnatte hjå bestemor, ho har fylt 90, er drivande god på tysk tradisjonsmat, har svært hus med mange soverom,  springmadrass frå 1950-talet og nattpotte i emaljert stål.  Heldigvis er ho på pletten og hjelper meg ut av bilen.  «Treng du stav, ungdom?» . Eg spør henne om ho kanskje heller har ein rullestol på lager, det hadde passa betre. Motorduren ligg som ei humle i skallen og diesellukta riv friskt i nasa sjølv lengje etter at eg har planta henne djupt i hovudputa eit kvarter seinare. Før var fjorten timar bak rattet ein leik. Det er det ikkje lenger.

Neste morgon går turen til Suhl og våpenmuseet: Jörg Schulze tek imot meg i den gamle porselensfabrikken som no er blitt våpenmagasin. Då han ser at eg har rekonstruert lufttankane på originalt vis og attpåtil støypt låskassane på gamlemåten i sand vert han entusiastisk: «Dette er fantastisk! Eg ringjer Coburg!» Veste Coburg, som er ei frankisk middelalderborg frå 1300-talet, har ei av dei flottaste kunstsamlingane i Tyskland med maleri av m.a. Lucas Cranach, koparstikk, myntsamling og eige glasmuseum forutan ei av dei mest eksklusive våpensamlingane i Europa. Girardonirifle No 42 kjem sannsynlegvis frå samlinga i Coburg, kan Jörg fortelje, han vil undersøkje og finne ut når rifla kom inn i samlinga. Riksgeneralfeldmarskalk og keisarleg feldmarskalk Prins Josius von Sachsen-Coburg-Saalfeld tok nemleg med seg mangt og mykje då han slo tyrkarane i slaget ved Martinesti i september 1789. Her vert det spanande å grave vidare.

Og så kjem meldinga over telefon:  Sjefsansvarleg for Waffensammlung Coburg er i fyr og flamme over Girardoniprosjektet vårt og vil gjerne etablere kontakt for nærare samarbeid. Han har ikkje høyrt om andre i Europa som har prøvd seg på ein rekonstruksjon av Girardoni sine pneumatiske rifler i nyare tid med sandstøypte låskassar og smidde lufttankar. Det Norsk Handverksinstitutt gjer no er dristig, og det er nytt.

Og ikkje nok med det: Eg får på plass alle måla til det kompliserte skjeftet og får svar på fleire spørsmål: Den optimale opninga for lufta bak magasinet skal vere 3,2mm. Dette fann det tekniske universitetet i Leipzig ut i slutten av 1980-åra etter nitid testing. Oppdraget vart gjeve på vegne av forskings-og utviklingsavdelinga i Suhler Jagd-und Sportwaffen GmbH då dei skulle lage verdas mest effektive luftgevær til VM og OL.  Museumsrifla har ei opning på 8,5mm. Har me noko å hente her? Spanande.

Reint himmelsk å vere her i museet på ny: No kan eg nemleg også finne ut kor lang vandringa på skeia i Girardoni No 42 er: 7,5mm. Det er 3 mm lengre enn det eg har fått til, sjølv om eg har kopiert delane på tiendedels millimeteren. Skeia er nemleg montert ørlite lengre framme og anslagsflatene litt annleis enn rifla i Leeds. Det gjer eit stort utslag for når spennstykket treffer skeia og krafta som då vert overført.  Suhler Jagd-und Sportwaffen GmbH forska også på ventilar og forma på desse. Dei prøvde seg ut med kjegleforma ventilar, nett som Girardoni, men fann ut at ein plan ventil krev mindre krefter for å bli løyst ut.  Arealet bak ventilen er like viktig, for det er her flasketrykket arbeidar mot slagmekanismen og bremsar ventilen i vandringa bakover.

Genialt.  Kvifor tenkte eg ikkje på det? Og eg som trudde at eg hadde peiling.  Pneumatikk er eit utfordrande felt. Nett no kjenner eg meg temmeleg liten. Liten og grønn i gamet. Likevel, av og til er det heilt greitt å vere grønn når ein er liten. Det er faktisk verre å være bleik når ein er stor…Eg skal vere takksam for det eg har fått til fram til no.  Ja, kva har eg gjort sidan sist eg var i  Suhl i oktober 2017, for temmeleg nøyaktig to år sidan?  Tid for ettertanke og litt oppsummering: Eg har laga smie, murt omn, konstruert brennarar, former, støypt låskassar og avtrekksbøylar, smidd saum og tankar, laga hardlodd, ventilar, pakningar,  slagmekanisme og avtrekk.  Og børsa skyt nesten like godt som ho gjorde i gamle dagar. Ingen tvil, ein norsk børsemakar har klart å setje varige spor etter seg, og det over store delar av kontinentet. For å vere heilt nøyaktig:  Eit regnbogefarga spor på to tusen tre hundre og femtisju kilometer… 

 

Se også

I regnskogen

09.08.2020

På jakt etter jungelstemning? Ingen grunn til å reise til Brasil, for på Vestlandet er me allereie i monsunmodus…

Det enkle er ofte det beste

17.07.2020

Javisst…

Hot or not?

20.06.2020

Uansett, det er svært få i verkstaden vår som klagar på at dei frys nett no…

Thumbs up!

08.06.2020

HMS er inga enkel sak…

No livnar det i lundar

15.05.2020

ingen tvil om det...