logo

«Det er lett å si: Halleluja!

Publisert:
29.05.2019

Men å gjøre det derimot..." (Marve Fleksnes)

 

Ute regnar det. I strie straumar. I går hagla det og sludd dreiv nedover liene. Me er i slutten av mai månad. Katten ligg inne. Han har kveila seg i arbeidsstolen ved  stråleomnen og gler seg til tørr pels. Med andre ord, det er perfekt vêr ute til å vere inne i. Takk, Gud, for at me har eit tett tak over hovudet og ein varm verkstad å arbeide i.

Eg står her og grovfilar ferdig hanen til Girardonirifla og tenkjer med meg sjølv: Er det ikkje fantastisk at desse elegante formene, radiane som glir over frå konveks til konkav og inn i kvarandre, at alle desse formene kan lagast ved hjelp av ei og same verktyforma? At den halvrunde forma er opphavet til alt dette? Slik har det vore i hundrevis av år, men det er kanskje berre handverkarene som har vore klar over det, handverkarane som har arbeidd med handverktyet og veit kva som bur i det.  Me andre har berre gått forbi og hasta vidare.

Likevel, det er ikkje nok å vite det, ein må gjere det også. Når fila kjem i hendene våre, glir ho ikkje berre i ein retning. For å lage radiar med ulik storleik går fila frametter, oppetter, nedetter, bortetter.  Samstundes vrir me fila slik at me kan dra kurvene inn og ut i materialet. Verktyet går i tre plan, i tre aksar til same tid, nett som i ein slags dans. Tung, lett, tung, lett.  Det er musikk, det er rytme.Me grip i stålet framover og lettar fila bakover for å skåne tennene. Det er ikkje berre hendene som går, ikkje berre armane, men heile kroppen.  Auga ligg som ein hauk på emnet, det ansar ikkje fila, det ser etter  s p o r e t  til fila, det lyttar til l y d e n  av fila og kva fila g j e r . Så ser me på emnet, snur på det. Er det beint? Er det plant? I vinkel? Symmetrisk? Langsamt veks forma til mellom hendene våre. Så kjem det vanskelegaste, nett før me er ferdige: Å leggje delen til sides. «Å ha vit til å gå frå arbeidet», som det så fint heiter.  Ikkje skunde seg med å verte ferdig. Heller gjere noko anna: Finne emne til neste del, lage ein grovplan i hovudet, leggje til rette verktyet me treng til neste dag.  For neste dag ser me på delen vår med heilt andre augo.

Du verden så vanskeleg det er å forklare konkrete ting med ord.  Det kan ikkje forklarast, det må v i s a s t . Ikkje sant, Bent-Erik? Katten ser opp frå plassen sin i godstolen og mjauar lågt. Han veit det altfor vel.  Skal ein liten hannkatt klare seg gjennom våren utan hakk i øyra eller ein skambiten bakfot er det ikkje nok å kunne det teoretiske grunnlaget bak klatring. 

Då er det godt å ha ei kattemamma som har v i s t  oss korleis me entrar furua, ikkje sant?  Det er tid for ein bolle Whiskas, ein kopp kaffi og ein takk til dei som viste oss vegen….

Se også

I regnskogen

09.08.2020

På jakt etter jungelstemning? Ingen grunn til å reise til Brasil, for på Vestlandet er me allereie i monsunmodus…

Det enkle er ofte det beste

17.07.2020

Javisst…

Hot or not?

20.06.2020

Uansett, det er svært få i verkstaden vår som klagar på at dei frys nett no…

Thumbs up!

08.06.2020

HMS er inga enkel sak…

No livnar det i lundar

15.05.2020

ingen tvil om det...