logo

Det enkle er ofte det beste

Publisert:
17.07.2020

Javisst…

Dette er nesten skummelt: No har det vore opphald og sol så lengje at vestlendingen nesten gler seg til regn og ruskevêr. Det seier litt. Opphaldsvêr tyder nemleg at alt som kan gjerast ute, må gjerast, og det i ein fei. Stemninga er noko panikkarta og åtferda kan tidvis likne på det til eit jordekorn med tomt nøttelager ei veke før frosten set inn: Ungane er jagt ut i hagen med plenklippar og rive, malingspann, hekksaks og kost. Kona ligg under bilen, bankar rust, skrur ned innerskjermane på ein tilårskommen Volkswagen og kjem med saftige kommentarar om vintersalting av norske vegar.  Glasfibersparkelen frå Biltema ser dessutan ikkje ut til å ta herding og dei orda som kjem frå undersida av ei blå folkevogn ein solrik dag i juli får til og med katten til å rygge. Husbonden har strategisk nok snike seg unna hagearbeid og forefallande vedlikehald av køyrety. Han har grave seg ned i høvelspon, notat frå 1783 og er heilt i si eiga verd:

Rørkene i stokken er heldne saman med tversgåande stiftar som er to millimeter tjukke. Dei skal gå inn og komme ut på eksakt den same høgda i stokken. Korleis klarte Girardoni det? Så tynne borar vil starte å vandre ut i sideretninga, uansett kor godt ein slipar dei. At dette var ei utfordring for salige Bartholomeus, ser eg også av bileta eg tok av rifle No 43 i Suhl:

Treverket rundt stiftane har sprukke opp. Det kan ha skjedd i seinare tid når ein eller annan velmeinande kurator ville demontere garnityret og bytta om på stiftane, men likevel.

Ei løysing på problemet nemner William Buchele, George Shumway og Peter A. Alexander i boka «Recreating the American Longrifle»: Ein metode å løyse problemet på er å bore på spiss: Dette er i prinsippet enkelt: I foten på søyleboremaskina er det ei boring.

Dreiar me ein spiss med ein sylinder i botnen som passar inn i boringa, får me eit punkt som me kan setje direkte under borspissen. Borspissen kan no kvile mot det fyrste kjørnarmerket medan senterspissen ligg an mot det andre kjørnarmerket. Å bore vekselvis frå den eine og den andre sida fører fram, og etter litt er stiften i ei rett linje. Om skjeftet er runda og smalnar av konisk, linja gjennom dei to gitte punkta er rett. Er ikkje dette eit godt patent som me kunne ha brukt i mange andre samanhengar? Gode løysingar er ofte så enkle at dei ofte kan vere vanskelege å sjå.

Eit anna problem som må løysast, er dette: I skjeftet, på begge sider langsmed kanalen for pussestokken, er det lagt inn konkave utsparingar for å dekorere skjeftet. Litt lengre oppe er det også skore inn ei rett linje, heilt parallell med utsparinga. Korleis klarte Girardoni å få linjene heilt beine?

Linjeoverføring er alltid ei utfordring. Ein måte er å bruke passaren som eit slags rettmått, snu stålspissen og nytte kanten av radien på nåla som eit anlegg:

Ein annan måte, som Buchele,  Shumway og Alexander peikar på, er å lage to verkty som begge brukar kanalen til pussestokken som referansepunkt: Det eine er eit verkty med to akslingar: Den tjukke akslingen ligg i renna til pussestokken, den tynne dekker ein med smergellerret og pussar så inn naborenna. To stålstykke med innvendig sliss er sølvlodda på den eine sida og festa med gjenge på den andre. Slik kan verktyet justerast i breidda.  Dette er rett og slett ein genial måte å lage heilt parallelle spor på, må eg tilstå.

Det same prinsippet vart nytta av innflytta europeiske børsemakarar i Amerika i kolonitida for å lage dekorative utskjeringar i skjeftet: Ein flatfilt skrue i eit stykke kopar sølvlodda til eit stykke messing gjer her susen:

Dei ulike hola gjer det mogeleg å avgjere kor langt opp på skjeftet sporet skal vere. Messingstykket er todelt og har ein skrue i bakkant. Når skruen er skrudd ut, kan messingstykket snuast, og kuttaren kan dreiast 180 grader til bruk på den andre sida av skjeftet. Patentet her er smart. Og det er slik Bartholomeus Girardoni og Franz Colli må ha tenkt og gjort: Bruke den rettesnora dei hadde frå før, nemleg kanalen til pussestokken, og lage eit dugandes handverkty. Enkelt og effektivt. Her trur eg me har noko å lære av børsemakarane i det 18.århundre. Tenkje enkelt. Det er ofte det beste. Men fyrst må me likevel gjere ferdig skjeftet utvendig: Kantane på toppen og undersida av skjeftet skal berre vere 1/16 tomme tjukke, og det kjennest så tynt og delikat som eit par papirark. Vert det tjukkare, ser det rett og slett klumpete ut. I dag er det ingen som reagerer på slikt. For to hundre og femti år sidan vart noko slikt rekna som grovt og uferdig, og i augo på ein skjeftar låg det på grensa til grov synd. Er det ikkje rart kor tidene har endra seg?

Der kom eg på noko: Grov synd. Eg har gløymd bryllaupsdagen. «Nei og nei. Katastrofe. Kva skal eg kjøpe til henne, Bent Erik? Kva er det kvinna ynskjer seg? Matmora di og vår eiga wonderwoman som til og med overhalar bilen for oss?» Bent Erik gløser opp på meg og ser på meg med eit overbærande blikk. Så spankulerar han bort til pappkassen med whiskas i assorterte smakar og vel ut den mest eksklusive han kan finne, med bitar av and, i gélé. Eit eller anna seier meg at eg ikkje heilt kan lite på Bent Erik si dømmekraft i dag. Eg lyt finne på noko betre, men kva? Nye øyredobbar? Eit lekkert gullanheng? Roser? Fiolinmusikk og nyplukka jordbær? Eureka!  Eg har det! Litt enkelt kanskje, men noko som garantert vil falle i smak. Auto Mek på Hosteland har nett opna, klokka er jo over halv åtte på morgonen.

Glasfibersparkel. Med herdar som fungerar. Bryllaupsdagen er redda. Framtida til den blå folkevogna også. Eg plasserar forsiktig boksen med hurtigherdande sparkelmasse på kjøkkenbordet og går ned i verkstaden. Over meg held huset på å vakne.  Det brusar i dusjen, nokon nynnar muntert på ein gammal hit av Cliff Richard, kaffitraktaren knatrar og frukostbordet vert dekt. Ho har nok oppdaga presangen.  Morgontrøytte ungar søv som steinar etter ein hard arbeidsdag i hagen og vil ikkje opp.  Katten er også i feriemodus: Han ligg på dørmatta med labbane under hovudet.  «Bent Erik?» Katten myser opp: «Er me heldige i dag, så får me både morgonklem og brødskive. Med brunost på. «

Se også

I regnskogen

09.08.2020

På jakt etter jungelstemning? Ingen grunn til å reise til Brasil, for på Vestlandet er me allereie i monsunmodus…

Hot or not?

20.06.2020

Uansett, det er svært få i verkstaden vår som klagar på at dei frys nett no…

Thumbs up!

08.06.2020

HMS er inga enkel sak…

No livnar det i lundar

15.05.2020

ingen tvil om det...

Illusjonar...

06.05.2020

…kan vere så mangt. Det er ikkje alltid ting er nett slik dei ser ut som.