logo

Den halve hundredelen

Publisert:
20.11.2019

Himmel og helvete, det er plass til mangt mellom to strekar på mikrometeret…

Girardoni sin mest geniale og banebrytande idé var magasinet: Eit røyr med plass til tjue kuler som kunne matast inn i løpet så fort som ein berre klarte å spenne hanen. Det var magasinet som vekte interessa til keisar Joseph 1. og som gjorde at Girardoni fekk oppdraget på forsommaren i 1779. Likevel, sjølv om prinsippet er enkelt, var utføringa langt frå ukomplisert: Ein firkanta stav i løpet hentar kulene frå røyret og legg dei på plass, klar til avfyring:

Det tyder at det også må lagast eit firkanta hol i løpet. Sjølv om Bartholomeus Girardoni var ein luring av dei sjeldne, hadde han enno ikkje oppfunne boren som laga firkanta hol. Så korleis gjorde han det? Den mest opplagte måten ville vere å bruke ein firkanta brotsj med mange tenner, bore ut mesteparten og så støyte eller skave ut restane med brotsjen. Men – ikkje to av riflene eg har sett har likt mål på firkanten. Kva tyder det på?  Eg spør Bent Erik. Han ser på boksen sin med First Price kattemat og ser litt uroleg ut. Det gjer eg også: Slik eg ser det har vår ven Bartholomeus ikkje brukt brotsj, men fil og meisel. Kvart hol er tilpassa kvar firkant, og det på så perfekt vis at ikkje ein gong luft slepp gjennom. Martin Orro i USA, som laga ein moderne kopi av rifla med dreia trykklufttankar i høglegert stål, stansa ut denne firkanta boringa konisk. Det vil seie at firkanten er tynnare i den eine enden enn den andre, og slik er også det firkanta holet. Likevel, alle dei riflene eg har sett har hatt parallele firkantar. Pus, du veit kva det vil seie, ikkje sant? Dette vert tøft….

Av dei fileoppgåvene eg har fått opp gjennom tidene, er dette noko av det heftigaste: På tradisjonelle brytevåpen er det rett nok krav om at to flater skal passe innanfor ein halv hundredel, men at fire flater skal ha sugepasning samstundes og det over ei lengd på over 70mm, det er noko for seg sjølv. Lat oss sjå på ei skisse av galskapen:

Altså: Dette er våpenet sett ovanfrå, med eit snitt gjennom skuvaren som transporterar kulene frå magasinet inn i løpet. Den firkanta skuvaren glir mellom to flater «A» og «B». I topp ligg det i tillegg ei flate «C» og i botnen er ei flate «D». Alle desse flatene er kontaktflater. Lufta kjem bakfrå med eit veldig trykk og presser på kula for å blåse henne gjennom løpet. Kula vil motsetje seg dette, ettersom ho sit i eit trongt leie. Leiet må vere trongt, elles vil ikkje riflinga kunne gripe i kula, setje henne i rotasjon og gje henne effektiv styring på sin veg gjennom pipa, ut munningen og mot målet. Mottrykket vil difor vere så stort at luft vert pressa mot sidene. Er ikkje pasninga lufttett, vil noko av lufta forsvinne før kula har fått trykket i bakkant og farten vil gå i kjellaren. Med andre ord: Alt me har gjort til no vil vere forgjeves dersom ikkje pasninga i firkanten er perfekt. Det vert meir og meir klart for meg kvifor ikkje denne modellen vart så populær å reprodusere: Svinaktig mykje arbeid. Vanskeleg arbeid.

«Bent Erik! Eg har ein plan: Dette treng me:«  Eg svingar kaffikoppen nett som Egon Olsen ville ha svinga sigaren sin ved stovebordet over ei flaske pils med Kjell og Benny. På lista mi har eg ført opp følgjande viktige  punkt:

"Seks mørke persienner, så me kan arbeide uforstyrra dersom ein kunde skulle komme  dillande med ein fastrusta Mauser.

 Eit stort skilt på døra med påskrift: «STENGT».

 Ein stor kasse Whiskas, så me slepp å gå på butikken på tre veker.

 Eit eksemplar av Nynorsk Salmebok, dersom det knip skikkeleg.»

Av og til er det godt å vere to i verkstaden. To venner med ein felles plan. Eigentleg tre, dersom ein reknar med Vår Herre. Og han kunne me trengje litt ekstra hjelp av nett no….

Se også

I regnskogen

09.08.2020

På jakt etter jungelstemning? Ingen grunn til å reise til Brasil, for på Vestlandet er me allereie i monsunmodus…

Det enkle er ofte det beste

17.07.2020

Javisst…

Hot or not?

20.06.2020

Uansett, det er svært få i verkstaden vår som klagar på at dei frys nett no…

Thumbs up!

08.06.2020

HMS er inga enkel sak…

No livnar det i lundar

15.05.2020

ingen tvil om det...