logo

Den bortkomne sonen

Publisert:
14.03.2020

Det er ikkje påske heilt enno, men det er tydelegvis tid for under. Me står midt i verste Koronasjauen, men Bent Erik er likevel attende. Back in business….

«Dette har vært en tøff uke», seier finansminister Jan Tore Sanner frå pressekonferansen i kveld.  Så sant som det er sagt. Litt uverkeleg at eit bittelite influensavirus kan setje heile samfunnet i stå. Ute er gatene folketomme og det er mørkt i hyttene. På ein sundagskveld. Rart. For ei veke sidan var alt dette berre eit punkt på tapetet. Likevel – midt oppi alt dette er det lyspunkt: No på tysdag kom dei fyrste grågåsflokkane, og kjøtmeisen går bananas ute i treet i halv seks tida med vårkonsert. Og ikkje nok med det: I dag kom Bent Erik heim. Halleluja, seier eg.  Ikkje hadde eg nokon gjøkalv å slakte, men eg hadde to boksar Whiskas med and. Dei forsvann på to og eit halvt minutt. Etterpå prøvde Bent Erik å  sjangle seg opp i pappkassen. Der kubba fyren momentant på eit  tjukt ullpledd. Men no er det to veker med  karantene for sveinen min. I vedskjulet. Det kjem godt med at Bent-Erik er flink med potevask.

Inne i verkstaden går livet likevel som normalt. Eg har fått tilpassa låskassen til skjeftet og er godt nøgd med det:

Etterpå kan eg file låskassen ned til endeleg form mot anlegget i kolben, slik at me får korrekte linjer og flytande overgangar. Her har eg spent låskassen opp på ein dor som er gjenga innvendig med dei same gjengene som er i flaska. Doren har same diameter som flaska. Akkurat eit slikt hjelpeverkty må salige Bartholomeus ha hatt, det er eg sikker på.

Så er det tid for å setje skjefteemnet på plass og gå i gong med å felle på plass platene, låsplata og pynteplata. Eg startar  på motsett side av låseplata der pynteplata skal sitje og høvlar ned skjeftet så eg er viss plata vår står vinkelrett på løpet. Her lyt ein passe på. Får me ei plate som står ute av vinkel, er løpet kjørt og me kan ende opp med ei vindskeiv rifle. Ugunstig.

No går eg i gong med mitt hemmelege våpen: Skalpellen. Han er uunnværleg når eg skal teikne opp omrisset for plata, ingen blyant kan lage eit så nøyaktig omriss :

Maskinskruen midt  i plata fikserar plata mot låskassen slik at eg veit at ho sit på rett plass. Når eg no får felt inn skjeftet mot plata, set eg fast treskruen lengst framme. Han går rett inn i skjeftet. Då er skjeftet låst mot låsen, og eg kan gå vidare.

Men no er eg i gong med litt finsnikkararbeid: Reinhard Ziel lærte meg denne metoden, han var skjeftar hjå Suhler Jagd-und Sportwaffen i over tjue år. Glad er eg for å ha hatt han som læremeistar, for her er oppskrifta på ei støv-og vasstett pasning av tysk kvalitet:

 

Etter at eg har markert omrisset med skalpellen, fyller eg omrisset med krit, slik at eg ser linja betre. Så finn eg fram «den Aufhaumeissel» eller «den Vorschneider», som er eit stemmejern som er slipt på skrå og er tveegga: 

Nett det er genialt, for dette verktyet pressar fibrane med like stor kraft til kvar side. No kan eg slå jernet forsiktig nedi treet og slå det framover nett i bakkant av streken. Å styre jernet i sideretning gjer eg med den andre neven. Kvasse kurver er lett å få til. Så lengje jernet står vertikalt og ligg innanfor streken kan ingenting gå gale:

Etterpå er det å gå i gong med stemmejern og ta ut grunnen for plata. Sidemeiselen me såg på sist kjem her til nytte for å skave av dei siste fibrane inn mot risset. At pasninga vert så perfekt som råd er, vil sikre at ikkje vatn trengjer inn i låsen. Dessutan, det er eit tydeleg teikn på godt handverk.

Plata svertar eg så over ein parafinlampe før eg set henne på plass i utsparinga:

Der grunnen er for høg, vil mørke flekkar vise seg. No må denne flata vere absolutt plan, og her kjem fotmeiselen til sin rett, slik at eg kan skave av desse flekkane.

Ingen tvil, me er på rett veg. Trur eg må ta meg ein tur borti vedskjulet med litt forsyningar til assistenten min. Det kan vere tøft å ha to veker med heimekontor. I vedskjulet.

Se også

I regnskogen

09.08.2020

På jakt etter jungelstemning? Ingen grunn til å reise til Brasil, for på Vestlandet er me allereie i monsunmodus…

Det enkle er ofte det beste

17.07.2020

Javisst…

Hot or not?

20.06.2020

Uansett, det er svært få i verkstaden vår som klagar på at dei frys nett no…

Thumbs up!

08.06.2020

HMS er inga enkel sak…

No livnar det i lundar

15.05.2020

ingen tvil om det...