logo

Åborr

Publisert:
12.02.2020

 

Denne veka har katten og eg lært ein heil del. Mellom anna om det å bore. I tre.

Februar månad i verkstaden. Fyrste dagen med snø sidan lengje før jul. Litt uverkeleg med eit tynt, kvitt slør på bakken, men det gjev ei herleg kjensle å sjå den varme, gule kula svinge seg over ein blå himmel. Det synest Bent Erik også. Han sit i glaskarmen,  kikkar nøgd utover tunet og følgjer med på kjøttmeisen i lønnetreet utanfor.  No er det snart fastelaven. Det er god grunn til å gle seg og drøyme om vårsol, småfugl på brettet og fleskepannekaker til middag.  

Likevel, nokre ting, dei er like vanskelege å få til i 2020 som i 1789:  Som det å bore ut framskjeftet der pussestokken skal sitje. Viss det er to ting skjeftemakarar ikkje likar, må det vere innfelling av løp og boring av holet til pussestokken.  Lat oss ta ein kikk på galskapen:

Ovanfor ser du skjeftemodellen frå sida.Den øvste linja syner der underkanten av løpet kjem til å vere. Linje nr. 2 er kanten på boringa til pussestokken. Det skraverte feltet nedst skal sagast bort og planast før eg fresar inn eit halvrundt spor der borstanga skal liggje. Avstanden mellom dei to linjene er 3 mm, men det kan hende han kryp ned mot 2, det avheng alt om eg klarar å få løpet perfekt på plass på fyrste forsøk og ikkje må sleppe det ned ein ekstra millimeter. Over halvparten av pussestokken skal liggje ope til i stokken, men over tredve centimeter av pussestokken skal altså liggje  i denne parallelle boringa innvendig i skjeftet. Det er dette dei fleste skjeftarar kvir seg til. For kva gjer du om boren plutseleg kikkar ut på sida av skjeftet? Mange før meg har opplevd dette her, og eg har sett fleire døme på kreative løysingar og fint graverte ornamentsplater på stader i skjeftet der ein elles ikkje skulle treffe på slikt. Ordbruken hjå skjeftarane i samband med oppdaginga av slike genuine gjennombrott er diverre ikkje dokumentert godt nok og er sikkert verd eit studium i seg sjølv.

Eg har fram til no vore heldig. Dei framskjefta eg har bora ut har hatt ei pen, parallell boring eit par millimeter under pipa og boren har ikkje vandra. Men no skal eg få oppleve noko anna:

Som alle andre gongar før går eg i gong med å forlengje boren:Han vert gjenga innvendig i dreiebenken og ei passande lengd sølvstål i same tjukne vert gjenga utvendig. Når eg skrur dei to saman, har eg ein bor som er litt lengre enn pussestokken. 

Så borar eg ut to eikeklossar som eg seinare delar på langs. Klossane vert smurt med ei blanding av bivoks og smaletalg. Eg set  klossane fast med tvinger på oppsida.  No fungerar dei som lagerbukkar som kan styre borstonga og halde henne på plass i den halvrunde kanalen som eg har fresa ut i forkant:

Med borevinna er det så berre å gnage seg innover, tomme for tomme og fjerne spon etter kvart. Eg tek like godt tak i drillen og får jobben unna. Og det er der eg bommar. Så saftig. Boren klarar å vandre sidevegs meir enn elleve millimeter. Heldigvis er det til sides, og ikkje på den sida som låsen er. Endå betre, dette er berre modellen. Men kva i hakkebakkeskogen var det som skjedde?

Jau, djevelen ligg i detaljen: Før har eg alltid brukt ein HSS metallbor og ei heimelaga borevinne. No prøvde eg meg med ein sentrumsbor frå Bahco. Sentrumsboren med skruspiss fekk ganske enkelt for godt tak, og kombinert med elektrisk maskinkraft miste eg følinga for kor boren gjekk. Glad er eg for at eg lærte denne leksa. På forskjeftet i nøttetre kjem eg til å gjere akkurat som med dei andre riflene, bruke vanleg borevinne og slipe til ein HSS spiralbor med utspissa egger. Er det ein bitteliten stad i skjeftet som er litt mjukare enn elles, dreg det boren til seg som ein magnet. Slik er det berre. 

Den bittesmå tverregga i front er med på å stabilisere boren, med standard eggvinkel på 108 grader.  Slipejiggen til Tormek gjev eit perfekt resultat.

Men pussestokken kom i. Og korleis laga eg den? Jau, det er så enkelt at det nesten er flaut. Løysinga kom frå YouTube, og dette er vekas mest geniale verkty, så enkelt at det nesten ikkje kan vere sant: Eit flattjern med eit hol i. På sida av holet skjer eg ned ein sliss og bøyer kanten noko utover.

Graden som oppstår når ein borar er så kvass at no fungerar verktyet som ein blyantspissar. Det er berre å høvle eit par skråkantar på emnet og stappe det inni drillen, lage ein fas på enden og køyre på. Det tek ti minutt å lage to pussestokkar, ein i alm og ein i eik:

Kan det verkeleg vere så enkelt? Før skar eg ut emne som firkant og høvla åttekant, sekstenkant og trettitokant før eg gjekk i gong med halvmåneforma pussekloss og smergelduk. No er det berre å skrelle seg gjennom, nett som ei gulrot. Litt pussing med 240 duk og emnet er vorten ein sylindrisk pussestokk. Magisk. Eg lurar på om Girardoni gjorde det på same måten. Det kan godt vere. Ei borevinne hadde han i alle fall. Og han klarte seg bra utan YouTube.

No er det berre å fleske til med emnet i nøttetre.  Dette vert herleg. Fresemaskina er olja og klar til dyst. A propos fleske, det er snart feitetysdag. «Bent Erik, kva skal me ha til middag?» Katten vaknar og ser opp på meg. «Fleskepannekaker? Eller fisk, kanskje?» Men ikkje kva som helst…

Se også

I regnskogen

09.08.2020

På jakt etter jungelstemning? Ingen grunn til å reise til Brasil, for på Vestlandet er me allereie i monsunmodus…

Det enkle er ofte det beste

17.07.2020

Javisst…

Hot or not?

20.06.2020

Uansett, det er svært få i verkstaden vår som klagar på at dei frys nett no…

Thumbs up!

08.06.2020

HMS er inga enkel sak…

No livnar det i lundar

15.05.2020

ingen tvil om det...