logo

På jakt etter stein

Publisert:
17.06.2018

”Så stor ovn, pappa? Kult. Her er det sikkert plass til veslesøster.” Det er kommentaren frå sonen i huset. Han har til alle tider vore løysingsorientert. Me las eventyr frå Brødrene Grimm  til han på sengekanten, og historia om pepperkakehuset har tydelegvis inspirert han. Inspirasjon er viktig. Det fekk eg også erfare då omnen skulle murast ferdig….

Mars er ein herleg månad. No er det ikkje regn, men derimot kaldt og  stjerneklart.  Dieselvarmaren går i smia, spreier godlukt av fossilt brensel, varmar frosne fingrar og held motet oppe. Men eg har bomma på steinmengda. Eg var sikker på at eg berre trong 98 eldfaste stein til brennkammeret og døra, men der kom eg i manko på tolv stykker. Kva gjer ein så? Å koste snø av Land Roveren og reise heilt til Bergen er ikkje naudsynt så lengje ein har familie som hjelper til: Broderen har eit lager av eldfast stein på hytta si som eg får løyve til å forsyne meg av. Takk, bror! Men -  og her kjem haken – hytta ligg på ei øy. For å nå lageret, må eg i båt. Det ligg is på sjøen, og isen er for tynn til at eg vågar meg utpå med kjelke. Kva skal ein stipendiat gjere?

”There is more than one way to skin a cat.” Pus ser på meg.  Eg ser på pus. Det er ein av desse djupe samtalene mellom pus og meg. Katten ser litt uroleg ut. Han veit eg meinar alvor. Og det gjer eg. Kjenner meg litt som Egon Olsen. Det eg treng no er ein segldukskajakk, litt sol og mykje hjelp frå Vår Herre: Ute ved kaien driv  isflaka i straumen som blanke bølgjeblekkplater. No nyttar eg floa, kjem meg i cockpiten og stevnar utover mot øya. Nikonkameraet ligg heime, dette kan verte fuktig. Ute ved Staurøy ligg isen tett og eg ser ingen sjanse til å komme i land. Søren. Det var det eg tenkte. Bomtur. Eg ser opp mot himmelen og tenkjer i mitt stille sinn: ”Herre, kan du ikkje hjelpe ein liten handverkskandidat?”

Brått ser eg ei lita sprekke i isen. Sola skin frykteleg sterkt no og sprekka vert større.  Kva i alle dagar er det som skjer? Det lagar seg ei lita opning, ikkje større enn ein halv meter, heilt inn til nordspissen av øya. Akkurat stor nok til kajakken min, som berre er 46 cm brei.

Lite visste eg at  tullingen  over skulle trengje grønlandsbåten sin  som han laga sist sommar.  Rart.

 

Eg padlar meg til øya, dreg båten kjapt på land og spring gjennom snødekt lyng mot hytta. Eg får med meg tolv eldfaste steinar, lukkar døra og spring tilbake. Sola er allereie på veg ned, det vil ikkje vere lengje ho skin no , så eg hiver båten på sjøen, pakkar steinane i ein striesekk under dekk og vrikkar meg ned i sitjeopninga.  Forsiktig akar eg meg framover for ikkje å skjere hol i duken mot den skarpe nattisen. Granåra mi vert temmeleg flisete etter krafsinga mi gjennom isskossene, men det får ikkje hjelpe, no må eg tilbake før alt legg seg som ei stålblank flate.

  Då eg er komen rett utanfor iskanten, skjer følgjande: Sola forsvinn bak ei sky og råka går saman som ein gigantisk glidelås.  Smokk. Det var nære på! Ikkje fritt for at eg kaldsveittar her eg sit.   Ein kald vindgust minnar meg på at det er mars og ikkje mai, og eg padlar på heimover det eg vinn. Sola går ned over åskanten, men då  har eg fått av spruttrekket, varma nevane og  plukka steinen ut av kajakken.  Å komme heim, få fyr i dieselvarmaren og mure døra i omnen er litt av ei avslutning denne dagen . Kven sa at det ikkje er spennande å vere handverksstipendiat?

Se også

I regnskogen

09.08.2020

På jakt etter jungelstemning? Ingen grunn til å reise til Brasil, for på Vestlandet er me allereie i monsunmodus…

Det enkle er ofte det beste

17.07.2020

Javisst…

Hot or not?

20.06.2020

Uansett, det er svært få i verkstaden vår som klagar på at dei frys nett no…

Thumbs up!

08.06.2020

HMS er inga enkel sak…

No livnar det i lundar

15.05.2020

ingen tvil om det...